BLAU - Bruksbasert lingvistikk, andrespråkslæring og -undervisning
Ei forskargruppe med fokus på tema knytt til andrespråkslæring, -undervisning og fleirspråklegheit i eit bruksbasert perspektiv
Om forskargruppa
Tilnærmingar til andrespråkslæring og -undervisning som med ei felles nemning kan omtalast om bruksbaserte (eng. usage-based), er i dag på frammarsj i internasjonal andrespråksforsking. Nokre sentrale hypotesar i bruksbaserte tilnærmingar er: Språkkunnskap veks fram frå røynsle med språk i brukshendingar (usage events); språklæring er læring av konstruksjonar (form-funksjon-tilordningar); språklæring er eksemplar-basert; frekvens i input har innverknad på læringsprosessen; språklæring er ein dynamisk utviklingsprosess; implisitt assosiativ læring gjer seg gjeldande også for vaksne innlærarar.
Medlemene i forskargruppa har som felles interesse å studera andrespråkslæring og -undervisning sett i lys av bruksbasert lingvistikk (Usage-Based Linguistics). Kjernen i gruppa er tilsette frå fagmiljøet i norsk som andrespråk og nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. I tillegg kjem masterstudentar som arbeider med relevante prosjekt. Gruppa er også open for eksterne medlemer med interesse for feltet. Det er t.d. oppretta samarbeid med Bergen Læringssenter for norsk og samfunnskunnskap og med NAV Bergenhus.
Personer
Gruppeleiar
Ingvild Nistov Professor, norsk som andrespråk
Gruppemedlemmer
Julie Bergmann ph.d.-kandidat,
Elisabeth Bjugn Universitetslektor
Hilde Johansen Førstebibliotekar, terminolog for termportalen
Torodd Kinn Professor, nordisk språkvitenskap
Eli Knudsen Universitetslektor, norskkursene
Atle Kristiansen Emeritus, universitetslektor
Helga Mannsåker Førsteamanuensis, nordisk språkvitskap
Anna-Marie Kjøde Olsen Stipendiat, norsk som andrespråk
Tina Emine Nordby Universitetslektor
Katrin Saarik Universitetslektor, norskkursene
Live Christine Brandal Tjervåg Universitetslektor
Marianne van Baar Universitetslektor, Norskkursa
Oda Marie Erstad Villanger Universitetslektor
Kristine Vårdal Universitetslektor
Stine Bø Lilje Masterstudent
Snorre Karkkonen Svendsen ph.d-kandidat og universitetslektor (engasjement)
Eksterne medlemer
Bjørnar Iden Bjerkeset Bergen Læringssenter, Bergen kommune
Marte Bjørklund Bergen Læringssenter, Bergen kommune
Ingrid Feline Hauge Bergen Læringssenter, Bergen kommune
Stian Kervell Lærar, Bømlo kommune
Olaf Mikkelsen universitetslektor, Adam Mickiewicz-universitetet i Poznań
Espen Strøm Lønvik universitetslektor ved NTNU
Marte Nordanger førsteamanuensis, Høgskolen i Innlandet
Solveig Weltzien Bergen Læringssenter, Bergen kommune
Paulina Horbowicz universitetslektor, Adam Mickiewicz-universitetet i Poznań
Kontakt
Ta kontakt med leiar for gruppa, Ingvild Nistov, om du vil stå på e-postliste eller vil bli medlem i gruppa.
Gruppa har (i tillegg til korte samrådingsmøte) seminar med fagleg program ca. éin gong i månaden; onsdag 12.30-14.
- E-post
- Ingvild.Nistov@uib.no