Kven kan delta i klyngesamarbeidet?
Polyfon er eit samarbeid mellom sjølvstendige aktørar som ønskjer å bidra til og få hjelp til å utvikle musikk som ressurs for helse og samfunnsdeltaking.
Den vanlegaste forma for deltaking er deltaking som enkeltdeltakar. For små og mellomstore aktørar i eit fylke der fylkeskommunen eller annan offentleg instans har tatt på seg koordinering, er deltaking i undergrupper eit alternativ.
Klyngedeltakarane dreg både nytte av samarbeid mellom akademia, tenester og brukarar/pårørande i sin region, og av ei nasjonal samordning som gjev fagleg tyngde til samarbeidet. Dette er under utvikling i perioden 2026-2028, i prosjektet OPPTAKT.
Brukar- og pårørandemedverknad
Brukar- og pårørandemedverknad er ein integrert del av samarbeidet i Polyfon, og klynga har mellom anna eit aktivt Erfaringspanel. Dette er ein del klyngas fellesfunksjonar, og kan bidra med råd og innspell til alle klyngedeltakarar i alle regionar.
Korleis er klynga finansiert?
Aktiviteten i klynga er finansiert av:
- deltakaravgifter som styringsorgana i klynga sjølve fastset
- støtte frå fond og prosjekt