Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Filosofi stiller grunnleggande spørsmål om korleis verda er, korleis verda bør vere, og om vår plass i verda som menneske. Kva kjenneteiknar eit rettferdig samfunn? Burde eg frykte min eigen død? Korleis gir vitskapen oss kunnskap om verda vi lever i?
Som filosofistudent vil du lære kritisk tenking og øve opp dei analytiske evnene dine ved å studere både klassikarane og moderne filosofi. Dette vil gi deg nyttig kunnskap og sette deg i stand til betre å forstå og løyse problem relatert til aktuelle samfunnsspørsmål, som for eksempel klima og miljø, helse og velferd, kunstig intelligens og global rettferd. Ikkje berre lærer du å analysere korleis ting er, men du lærer også å tenke systematisk om korleis dei bør vere.
Noko av det viktigaste du lærer, er å argumentere og resonnere, å granske og vurdere andre sine oppfatningar og argument, og å vere open og nysgjerrig. Filosofi utfordrar etablerte sanningar og er derfor ein spore til endring.
Dette er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper saman med andre studentar, kan ei typisk veke ha 6-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Og ikkje minst, som filosofistudent blir du del av eit aktivt student- og fagmiljø som arrangerer ulike fagleg-sosiale samankomstar gjennom heile året.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Folk med utdanning i filosofi blir særs gode til å sjå det vesentlege i store informasjonsmengder, og til å tenke kritisk, analytisk og løyse problem av ulikt slag. Dei er òg trena i å kommunisere klart og presist både munnleg og skriftleg.
Dei fleste som har studert filosofi finn jobbar innan:
Av dei som ikkje arbeider med undervisning eller forsking, er mange rådgjevarar og konsulentar av ulikt slag.
Les intervju med tidlegare studentarDu må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Årsstudium i filosofi startar i august og januar. Du kan velje om du vil starte i august eller januar.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
FIL128 - Innføring i etikk (10 studiepoeng)
FIL124 - Introduksjon til praktisk filosofi (10 studiepoeng)
Valfritt emne i filosofi (10 studiepoeng)
2. semester
FIL120 - Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida (10 studiepoeng)
LOG110 - Introduksjon til formallogikk (5 studiepoeng)
LOG112 - Introduksjon til filosofisk logikk (5 studiepoeng)
Valfritt emne i filosofi (10 studiepoeng)
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i filosofi.
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i filosofi. Årsstudiet i filosofi kan da i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Studiet gir òg grunnlag for opptak til filosofididaktikk dersom du planlegg å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter fullført mastergrad.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.