Studieplan for ÅRHF-FILO Årsstudium i filosofi, vår 2026
Omfang og studiepoeng
60 studiepoeng.
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk.
Studiestart - semester
Haust og vår.
Mål og innhald
Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den og tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, tru og viten, språket og verda, individ og samfunn, makt og legitimitet osb. Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Gjennom arbeid med grunnleggjande filosofiske problemstillingar like frå antikken til vår ega tid vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).
Årsstudiet er særleg retta mot lærarar i den vidaregåande skulen som skal undervise i faget "Historie og filosofi" og mot lærarstudentar som ynskjer eit år med filosofi i utdanninga si.
Studiet vil og høve godt for dei som ynskjer ei innføring i filosofi, men som ikkje er interessert i å ta ein full bachelorgrad.
Studenten vil få trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Samstundes står oppøving av skriftleg og munnleg formidling sentralt.
Årsstudium i filosofi gjev grunnlag for opptak til praktisk pedagogisk utdanning - PPU.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Ein student med fullført årsstudium i filosofi skal ha
oversikt over og innsikt i sentrale klassiske filosofiske originaltekstar frå antikken til våre dagar
forståing for filosofien sin eigenart og for den rolla filosofihistoria spelar i filosofien
oversikt over sentrale filosofar og problemstillingar i samtidsfilosofien
grunnleggjande kjennskap til formallogikk
Dugleik:
Ein student med fullført årsstudium i filosofi skal kunne
løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ein avgrensa periode
raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur for å handsame gjevne oppgåver
lese og fortolke filosofiske originaltekstar som går utover pensum samt kunne seg i relevant sekundærlitteratur
formidle avgrensa filosofiske problemstillingar både skriftleg og munnleg
Kompetanse:
Årsstudiet i filosofi gir erfaring med kritisk analyse og drøfting av komplekse problem, ofte på høgt abstraksjonsnivå. Dette ein kompetanse som er nyttig f.eks. i utgreingsarbeid innanfor offentleg og privat administrasjon, næringsliv og organisasjonar.
I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer årsstudiet for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Examen Philosophicum
Obligatoriske emne
Årsstudiet i filosofi har eit omfang på 60 studiepoeng (1 år).
Examen Philosophicum eller valfritt emne i filosofi på 100- eller 200-nivå
FIL130 (Moral og det gode liv - 10stp.)
FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida - 10stp.)
FIL121 (Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet - 10stp.)
FIL134 (Kunnskap og språk - 10stp.)
LOG110 (Introduksjon til formallogikk - 5stp.)
LOG112 (Introduksjon til filosofisk logikk - 5stp.)
Valfritt emne i filosofi på 100- eller 200.nivå
Dei valfrie studiepoenga i årsstudiet kan veljast frå følgjande emne:
FIL106 (Innføring i miljøetikk - 10stp.)
FIL107 (Innføring i politisk idéhistorie - 10stp.)
FIL116 (Innføring i moderne politisk teori - 10stp.)
FIL121 (Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet - 10stp.)
FIL125 (Introduksjon til teoretisk filosofi - 10stp.)
FIL129 (Filosofiske klassikarar - 10stp.)
FIL217 (Wittgensteinstudiar - 10stp.)
FIL218 (Estetikk - 10stp.)
FIL219 (Vitskapsfilosofi - 10stp.)
FIL220 (Metafysikk - 10stp.)
FIL228 (Tema i moralfilosofi - 10stp.)
FIL233 ( Filosofien i antikken - 10stp.)
FIL235 (Tema i sinnsfilosofi - 10stp.)
FIL236 (Tema i miljøetikk - 10stp.)
FIL241 (Rettsfilosofi - 10stp.)
FIL245 (Språkfilosofi - 10stp.)
FIL246 (Kontinental filosofi - 10stp.)
FIL247 (Epistemologi - 10stp.)
FIL249 (Politisk filosofi - 10stp.)
LOG111 (Deduksjon og metalogikk - 10stp.)
Tilrådde valemne
Rekkefølgje for emne i studiet
Ein kan byrje på årstudiet i både haust- og vårsemester. Anbefalt progresjon i studiet:
Haust: FIL130, ex.phil. og valfritt emne på 100/200-nivå i filosofi
Vår: FIL120, LOG110 og LOG112 og FIL134
Delstudium i utlandet
Arbeids- og undervisningsformer
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, individuell rettleiing og grupperettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, heimeeksamen, rettleia oppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Grunnlag for vidare studium
Årsstudiet tilsvarer den obligatoriske delen av spesialiseringa i en bachelorgrad i filosofi.
Relevans for arbeidsliv
Årsstudiet i filosofi gjev gode allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrke.
Programmet er særskild retta mot lærarar i faget "Historie og filosofi" i den vidaregåande skulen, men i kombinasjon med eit eller fleire andre sentrale skulefag, vil ein og kunne gå inn som undervisar på ulike trinn i skuleverket.
Meir generelt gjer programmet deg skikka til å analysere og tolke tekstar og dokument. Du blir øvd opp til å argumentere og til å gje munnlege og skriftlege presentasjonar der du ser ei sak frå fleire sider.
Evaluering
Spesialiseringa og dei einskilde emna vert evaluerte med jamne mellomrom.
Programansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier