Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Med profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin har du rett til å bruke den lovbeskytta tittelen fiskehelsebiolog. Tittelen er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og dei som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæring.
Dei som har fullført denne utdanninga:
Her blir du ein del av ein liten klasse og eit godt studentmiljø med tett oppfølging.
Profesjonsstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur.
Som del av studiet er det også lagt opp til at studentane skal ut i praksisperiodar i havbruksnæringa og fiskehelsetenesta.
Vi held til på Marineholmen, der det er laboratorium, lesesalar og auditorium. Alle studentane har og tilgang til Realfagbygget, med bibliotek, lesesalar og læringssenter.
Profesjonsstudiet i fiskehelse skal oppfylle krava for autorisasjon som fiskehelsebiolog. Derfor blir det stilt strenge krav til innhaldet i studiet.
Det har vore stor etterspørsel etter fiskehelsekandidatar og alle kandidatar i fiskehelse har fått jobb rett etter avslutta studium.
Som fiskehelsekandidat kan du jobbe:
I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) (lenke) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester (haust):
Enten MAT101 Brukarkurs i matematikk I eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I
BIF100 Innføring i fiskehelse og havbruk
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi
2. semester (vår):
BIF101 Organismebiologi for fiskehelse og havbruk
KJEM109 Kjemi grunnkurs
BIF200 Havbruksteknologi
3. semester (haust):
BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar
BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi
BIO291 Fiskebiologi II - Fysiologi
4. semester (vår):
BIO103 Cellebiologi og genetikk
Ex.phil.: enten EXPHIL-MNEKS skuleeksamen eller EXPHIL-MNSEM seminarmodell
LAS301 Kurs i forsøksdyrlære
BIO205A Lovverk og forvaltning i fiskehelse og havbruk
5. semester (haust):
BIO206 Ernæring hos fisk
MOL100 Innføring i molekylærbiologi
BIO273 Fiskesjukdommar - fiskeimmunologi
6. semester (vår):
BIF210 Molekylærbiologiske metodar
BIO207 Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat
LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk
BIO274 Fiskesjukdommar – Farmakologi
7. semester (haust):
BIO270 Fiskesjukdommar - Parasittar
BIO300A Akademisk skriving
BIO300B Biostatistikk
BIO275 Fiskehistopatologi
8. semester (vår):
BIF310 Profesjonsutøving og praksis i fiskehelse
BIO271 Fiskesjukdommar - Virologi
BIO272 Fiskesjukdommar - Bakteriar, sopp og ikkje-infeksiøse sjukdommar
9. og 10. Semester:
FISK399 Masteroppgåve i fiskehelse
Det er ikkje tilrettelagt for at du kan reise på utveksling i eit spesifikt semester. Du kan likevel få hjelp av oss til å finne eit særskilt delstudium ved eit av våre samarbeidsuniversitet som kan integrerast i profesjonsstudiet.
Fiskhelsekandidatar er også kvalifiserte for vidare doktorgradsstudium på fagfeltet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.