Geografi og berekraftig utvikling (master)

Planeten vår står ovanfor miljømessige, sosiale og økonomiske berekraftutfordringar som må handterast gjennom ei kunnskapsbasert tilnærming. Dette programmet gir deg rammeverket, teoriane og ferdigheitene til å jobbe konstruktivt med globale berekraftsutfordringar.

Kva lærer du?

Du vil lære om teoretiske tilnærmingar til viktige aktuelle problemstillingar og bli opplært i å bruke passande metodar for å undersøkje og evaluere faktorar som påverkar både miljøet og folks levebrød.

Du vil lære om aktuelle tema som:

  • Globalisering og berekraftig utvikling 
  • Matsikkerheit og berekraftig arealbruk 
  • Politisk økologi 
  • Miljø- og utviklingsdiskursar 

Du vil få høve til å gjennomføre feltarbeid i utlandet eller i Norge. Du vil lære korleis du planlegg og gjennomfører innsamling og analyse av empiriske data som vil danne grunnlaget for masteroppgåva di.

Du vil lære korleis du skriv ein forskingsrapport innanfor gitte tids- og ressursgrenser, anvende geografisk terminologi og god akademisk skriving, med nøyaktig, oppdatert og systematisk bruk av referansar, og med riktig anerkjenning av sekundære kjelder.

Studiekvardag

Masterstudentar er eit viktig element i både det sosiale miljøet og arbeidsmiljøet på Institutt for geografi. Vi har hatt internasjonale masterprogram i meir enn 20 år, og du vil bli integrert i aktivitetane og emna til den større gruppa med masterstudentar i geografi. 

Det vil typisk vere forventa at du deltar på 2-4 førelesingar og seminar kvar veke, og at du føljer dei opp med lesing for å utvide forståinga di av problemstillingane. 

Ved slutten av ditt første semester vil du ha valt eit prosjekt for masteroppgåva i tett samarbeid med rettleiaren din.

Etter det andre semesteret, kan feltarbeid (vanlegvis 1-2 månader) bli gjennomført i det globale sør eller det globale nord, inkludert Europa eller Norge, med eit globalt orientert berekraftsfokus.

Ditt andre år vil bli brukt på å analysere funna dine og fullføre oppgåva med råd frå rettleiaren din.

Kva kan du jobbe som?

Våre kandidatar nyter godt av praktiske og teoretiske ferdigheiter og svært relevant kunnskap for å forstå kompleksiteten i globale problemstillingar som klimaendringar, migrasjon, urbanisering og berekraft.

Typiske jobbar som våre kandidatar går vidare til er innan

  • Planlegging
  • Forsking
  • Regional utvikling 
  • Miljøforvaltning

Desse kan være i offentlege eller private organisasjonar eller i ikkje-statlege organisasjonar, både i Norge og i utlandet. Mange av våre kandidatar held fram med akademisk forsking ved å ta ein doktorgrad, medan andre arbeider i utdanningssektoren.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle

Søknadsfrister:

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Programmet går over to akademiske år (fire semester), og startar på hausten. 

Første semester

GEO308 – Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar (10 studiepoeng

GEO310 – Skrivekurs og prosjektskildring (10 studiepoeng)

GEO330 – Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng)

Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring i desember. 

Andre semester

GEO306 – Metodar i samfunnsgeografi (10 studiepoeng)

GEO337 – Discourses, Politics, and People:  Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng)

Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeidi april/mai.

Vel eit av dei følgjande emna:

GEO316 – Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis (10 studiepoeng) 

GEO317 – Særemne i geografi (10 studiepoeng) 

GEO324 – Geographies of a Green Transformation for Climate Resilience (10 studiepoeng) 

Tredje og fjerde semester 

GEO350 – Masteroppgåve i geografi (60 studiepoeng) 

Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, hovudfunn og metodologi i oktober.

Utveksling

Det andre semesteret kan du reise på utveksling ved eit av instituttet sine Erasmus+ partneruniversitet i Europa, eller som utvekslingsstudent ved eit av UiB sine partneruniversitet utanfor Europa.

Søknadsfristen er 25. august i første semester.

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i geografi kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 73
E-post: advice@geog.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Master's Programme in Geographies of Sustainable Development