Integrert masterprogram i data science (sivilingeniør)

Digitalisering påverkar og endrar samfunnet i rekordfart. Vi utdannar ekspertar i data science, som kjem eit stort samfunnsbehov i møte.

Kva lærer du?

Data science er tverrfagleg, og du vil lære vitskaplege metodar, prosessar, algoritmar og system for å få kunnskap og innsikt frå store mengder data.

Som sivilingeniør i data science vil du få teoretiske og praktiske ferdigheiter innan alle områder av data science. Til dømes maskinlæring, matematikk, statistikk, programutvikling, nettverk og visualisering.

Du vil vere ekspert på å samle inn, førebu, behandle og analysere data. Du vil få erfaring i å leie prosjekt innan IT, og i løpet av studie, få nyttig praksiserfaring frå arbeidslivet. I tillegg lærer du å skrive rapportar og gi munnlege presentasjonar etter anerkjente vitskapelege metodar.

Studiekvardag

Institutt for informatikk har eit miljø av dyktige og aktive informatikk-studentar og anerkjente forskarar. Det er ofte faglege og sosiale events arrangert av instituttet eller linjeforeininga echo. 

Det integrerte masterprogrammet i data science er eit fulltidsstudium. Det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. 

I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.

Kva kan du jobbe som?

Alle sektorar har behov for folk med programmeringskompetanse, så du har stor valfridom når du skal velgje arbeidsplass. 

Som sivilingeniør i data science vil du kunne velje om du ynskjer å arbeide i ei bedrift som er dedikert til IT, eller om du vil jobbe i andre sektorar med deira IT utfordringar. 

Du kan jobbe innan 

  • forskingsinstitutt eller universitet 
  • helsesektoren 
  • store industriselskap 
  • FinTech (finansteknologi) 
  • høgteknologibedrifter 
  • offentleg forvaltning 
  • gründerverksemd 
  • konsulentbransjen 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 54.0
Primær kvote: 51.0

I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: SIVING

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

1.semester (haust)

Grunnkurs i matematikk I / Matematikk for naturvitskap - Innføring i programmering - Introduksjon til datatryggleik 

2. semester (vår)  

Lineær algebra - Diskrete strukturar - Objektsorientert programmering  

3.semester (haust)  

Grunnkurs i statistikk - Innføring i data science - Algoritmar, datastrukturar og programmering  

4. semester (vår)  

Databasar og modellering - Innføring i systemutvikling - Anvendt statistikk  

5. semester (haust)  

Generell Data Science: Signal- og systemanalyse - Modellering og optimering - 

Innovasjon ved designtenkning  

Medisinsk Data Science: Innovasjon ved designtenkning - Modellering og optimering - Ex.phil  

6. semester (vår)  

Generell Data Science: Ex.phil – valemne - valemne 

Medisinsk Data Science: Molekylmodellering - Grunnleggande bioinformatikk - Generell anatomi og fysiologi inkludert ernæring  

7. semester (haust)  

Algoritmar - Innføring i maskinlæring - Etikk i kunstig intelligens 

8. semester (vår)  

Praksis i data science - Dataorientert visuell berekning - valemne  

9. semester (haust)  

Generell Data Science: Data science prosjektstyring – valemne - valemne  

Medisinsk Data Science: Data science prosjektstyring - Datafordjupning (20sp)  

10. semester (vår)  

Masteroppgåve (DSC399K

Utveksling

Benytt sjansen til å studere ved eit anna universitet i utlandet. Vel du retninga generell data science, tilrår vi at du reiser på utveksling i det sjette semesteret.  

Reiser du på utveksling er du sjølv ansvarleg for å leggje ein plan som mogleggjer at du får fullført alle dei obligatoriske emna i graden.  

Ta kontakt med studierettleier tidleg i studieløpet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter fullført integrert mastergrad kan du søkje på lønna stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan informatikk.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: studierettleiar.ii@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i data science (sivilingeniør)