Italiensk (bachelor)

Er du interessert i italiensk språk, litteratur og kultur? Hos oss får du praktisert italiensk på eit nivå som stig i takt med studiet. Du blir eit bindeledd mellom italiensk og norsk kultur, og kan ende opp med ein jobb innan for eksempel turisme, media, handel og kulturliv.

Kva lærer du?

På bachelor i italiensk vil du opparbeide deg solid kompetanse i det italienske språket. Med god innsats kan du nå eit språknivå tilsvarande C1 (jf. Det felles europeiske rammeverket for språk, CEFR,). Gjennom praktisk bruk av språket, fordjuping i litterære tekstar og språkvitskaplege metodar, vil du få god kunnskap om italiensk språk og kultur- og litteraturhistorie.

Litteratur: Vi les eldre-, moderne- og samtidslitteratur, og du vil utvikle ferdigheiter innanfor litterær analyse og metode.

Språk: Vi bruker italiensk, både munnleg og skriftleg i ulike samanhengar. I tillegg studerer vi språkutvikling og fleirspråklegheit.

Kultur: Når vi skal undervise i italiensk språk og litteratur, er det nødvendig å sjå til den europeiske kulturhistoria. Vi tar i bruk ulike kulturprodukt i undervisninga, blant anna italiensk film, gastronomi og kunst.

Studiekvardag

Dette er eit fulltidsstudium. Når du studerer vil du møte på ulike undervisningsformer; alt  frå førelesingar og filmvisningar, seminar- og gruppearbeid til sjølvstudium. Du får også tilbod om individuell rettleiing. I undervisninga gjer vi ulike typar aktivitetar, som spørjeleik, presentasjonar, øvingsoppgåver og gruppe- og prosjektarbeid.

For å lære eit nytt språk er det viktig å sette av godt med tid til å øve på språket utanom undervisninga. Da vil du kjenne på meistring og ha jamn studieprogresjon. Du kan øve  saman med medstudentane dine på campus eller heime.  Vi tilbyr undervisning  der du som student får vere aktiv, og saman med eigenarbeidet vil studiet gi deg språkkunnskapane du treng.

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, og studentbar på campus.

Kva kan du jobbe som?

Det er fleire arbeidsgjevarar som har behov for medarbeidarar med skriftlege og munnlege ferdigheiter i italiensk. I løpet av studiet skal du også velje andre fag i tillegg til dei obligatoriske faga (for eksempel samfunnsøkonomi, kunsthistorie, samanliknande politikk etc.). På denne måten kan du bygge opp ein unik kompetanse.

Med ein bachelorgrad i italiensk kan du jobbe innanfor

  • handel
  • media
  • turisme
  • kultur
  • administrasjon

I programmet får du vidareutvikla ferdigheiter i kritisk tenking, problemløysing og arbeid med tekst. Dette er generell kompetanse som er etterspurt i arbeidslivet.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og italiensk

Studiets oppbygging

Vi anbefaler denne rekkefølga for studiet:   

1. semester  

Examen philosophicum, anten skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)  

Språkkunnskap (10 studiepoeng)  

Innføring i Italiensk (10 studiepoeng)  

 2. semester

Italiensk språk I (10 studiepoeng)  

Munnleg italiensk med fonetikk (10 studiepoeng)  

Moderne italiensk kortprosa (10 studiepoeng)  

 3. semester

Italiensk litteratur (10 studiepoeng)   

Italiensk språk II (10 studiepoeng)  

Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)  

 4. semester

Italiensk språk og lingvistikk (15 studiepoeng) 

Eldre italiensk litteratur (10 studiepoeng) 

Litteraturteori (5 studiepoeng) 

5. semester

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)    

6. semester  

Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)

Utveksling

Du kan reise til Italia for å studere og  praktisere italiensk. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i Bologna, Roma, Urbino og Venezia. Du kan dra på utveksling for å ta frie emne (fag du vel sjølv) i 5. og 6. semester eller tidlegare i studieløpet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Studentar med fullført bachelorgrad i italiensk kan søke opptak til masterprogrammet i italiensk. Opptaket skjer annakvart år (oddetalsår).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studieveileder.if@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i italiensk