Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Er du interessert i å jobbe med menneske og utforske samanhengen mellom musikk og helse? På masterstudiet i musikkterapi lærer du å bruke musikk som helseressurs i arbeid med menneske med ulike utfordringar og sjukdomar.
Som musikkterapistudent arbeider du både med musikalsk samhandling, mellommenneskeleg relasjonar, og evne til å legge til rette for musikkaktivitetar både som ein kvardagsressurs og som ein måte å kople seg på eksisterande kultur- og samfunnsliv. Gjennom studiet lærer du:
Det 5-årig integrerte programmet gjev deg høve til å kombinere interessa for musikk og helse. Studiet passar for deg som vil lære meir om terapeutisk relasjonsarbeid, korleis musikk kan brukast i ulike helsekontekstar, og korleis musikk kan nyttast som ein pådrivar til auka samfunnsdeltaking.
Masterstudiet i musikkterapi er eit fulltidsstudie der ein tar 30 studiepoeng kvart semester. Som musikkterapistudent vert du engasjert i eit kreativt, oppegåande og aktivt studentmiljø. Du vil oppleve eit stimulerande fagmiljø som er sentral innan nasjonal og internasjonal forsking på musikkterapi.
Studiestaden er ærverdige Griegakademiet, og her syder det av musikk, læring, og sosiale aktivitetar frå morgon til kveld. På musikkterapistudiet blir du kjent med humanistiske, psykologiske, musikkfaglege og musikkterapeutiske emne.
Undervisningsformene inneheld mellom anna førelesningar, gruppeundervisning, workshops, skrive- og leseseminar, individuell- og grupperettleiing. I tillegg får du innblikk i kva det musikkterapeutiske arbeidet inneberer gjennom ulike praksisperiodar. Du har moglegheit for eit semester utveksling, og ein praksisperiode i utlandet.
Ein ferdig utdanna musikkterapeut vil kunne jobbe i ulike helse- og pedagogiske kontekstar gjennom alle livsfasar. Studiet gjer studentane skikka til å gå inn i mellom anna:
I tillegg til generell studiekompetanse må søkarar gjennom ein opptaksprøve for å kvalifisere til opptak.
Undervisningsspråk: Norsk
Studiet er bygd opp av ulike terapeutiske, musikalske og teoretiske emne. I løpet av studiet møter du emne innafor musikkterapi, musisering, psykologi, humaniora og samfunnsvitskap. Du vil òg få praksiserfaring gjennom fem ulike praksisperiodar. Studiet blir avslutta med ei masteroppgåve på 30 studiepoeng.
1. semester
MUTP100 / Innføring i musikkterapi
EXPHIL-KMSEM eller EXPHIL-KMEKS / Examen philosophicum (Ex.phil.)
EXFAC00AS / Examen facultatum, Akademisk skriving
MUTPRA101 / Musikkterapipraksis 1
2. semester
MUTP103 / Musikkterapiteori
MUTP104 / Musikkering (Musicking)
MUTP105 / Samspel i musikkterapi
3. semester
MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk
MUF101 / Musikk, kultur og samfunn
PSYK111 / Innføring i psykologi og psykologiens historie eller SANT104 / Kultur, meining og kommunikasjon eller MUV280 / Popular Music Studies
4. semester
MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk
MUF101 / Musikk, kultur og samfunn
MUTP205 / Innføring i musikkterapeutisk praksis
MUTPRA102 / Musikkterapipraksis 2
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling
6. semester
MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi
MUTP206 / Musikkterapeutisk teoriutvikling
MUTP207 / Kreativ stemmebruk i musikkterapi
MUTPRA201 / Musikkterapipraksis 3
7. semester
MUTP300 / Musikkterapi i barn og unges oppvekst
MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon
MUTP305 / Musikkterapi i helsesektoren I
TVEPS / Tverrprofesjonell samarbeidslæring
MUTPRA301 / Musikkterapipraksis 4
8. semester
MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon
MUTP305 / Musikkterapi i helsesektoren I
MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode
MUTPRA302 / Musikkterapipraksis 5
9. semester
MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap
MUTP306 / Musikkterapi i helsesektoren II
MUTP350 / Masteroppgåve i musikkterapi
MUTPRA303 / Musikkterapipraksis fordjuping
10. semester
MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap
MUTP306 / Musikkterapi i helsesektoren II
MUTP350 / Masteroppgåve i musikkterapi
Det er òg mogleg å søke opptak til Forskarlinja frå 5. semester. Denne har eit noko annleis studieløp med ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
UiB samarbeider med ni internasjonale universitet (i Australia, Europa og USA) som satsar på forsking og utdanning innanfor musikkterapi. I tredje studieår er valemna organiserte slik at det er rom for eitt semesters opphald i utlandet. Du kan då velje relevante emne i for eksempel musikk, psykologi, samfunnsfag eller helsefag. På fjerde studieår er det også mogeleg å reise til utlandet.
Etter fullført studium kan du søke til doktorgradsstudium i musikkterapi.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.