![](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/media/vm.png)
Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk handlar om det å lære norsk. Korleis er det å lære eit nytt språk? Korleis er læringsprosessane, og i kva grad verkar sosiale faktorar inn på språklæring og språkbruk?
På dette studiet ser vi på norsk språk og kultur utanfrå, frå perspektivet til dei med ein annan språk- og kulturbakgrunn.
Studiet passar for deg som vil undervise barn, unge og vaksne som lærer norsk som andrespråk. Studiet passar også for deg som vil lære meir om språkutvikling og forskjellane mellom norsk og andre språk. Du møter forelesarar med spisskompetanse på for eksempel korleis morsmålet kan påverke måten ein lærer norsk på. På bachelorprogrammet norsk som andrespråk lærer du om:
I programmet skal du også velje andre emne i tillegg til norsk som andrespråk, slik at du kan forme graden etter kva du sjølv er interessert i.
Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk er eit fulltidsstudium. Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
I tillegg til forelesningar og seminar er det lagt opp til sjølvstudium. Studentane vel ofte å danne studiegrupper, der dei arbeider og løyser oppgåver saman. Du kan med andre ord organisere studia dine både som gruppearbeid og individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe.
På UiB finn du mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
I skulen og i vaksenopplæringa er det i dag eit stort behov for kompetanse i korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis ein kan legge til rette for at læring skal skje.
Utdanninga er også relevant for arbeid innanfor kulturformidling, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar, for eksempel:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Anbefalt rekkjefølge for emne i studiet:
1. semester
Examen philosophicum, anten seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
Språkkunnskap eller Akademisk skriving (10 studiepoeng)
Innføring i nordistikk (10 studiepoeng)
2. semester
Moderne norsk (15 studiepoeng)
Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 studiepoeng)
Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)
3. semester
Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)
Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
4. og 5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)
6. semester
Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling til eit universitet i utlandet i femte og/eller sjette semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Med bachelorgrad i norsk som andrespråk blir du kvalifisert til å søke om opptak til masterprogrammet i nordisk. Med ei masteroppgåve i norsk som andrespråk kan det òg særleg opne seg moglegheiter for å få arbeid innan forsking og språktesting.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.