Samfunnsøkonomi (bachelor)

Samfunnsøkonomi handlar om korleis individ, bedrifter, styresmakter og nasjonar tar og bør ta avgjersler om bruk og fordeling av samfunnets ressursar. Faget gir deg metodar til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar.

Kva lærer du?

Med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi får du 

  • kunnskap om dei grunnleggande metodane for samfunnsøkonomiske analysar 
  • kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri 
  • kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi 
  • bruke teori og empiri til å analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar 
Studiekvardag

Som bachelorstudent i samfunnsøkonomi blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har ei aktiv studentforeining som sikrar godt samhald mellom studentane, og som jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø. 

Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10 timar med undervisning i form av forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve om eit sjølvvalt tema. 

Som student på samfunnsøkonomi vil du halde til på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Lesesalplassar og PC-salar for studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er tilgjengelege i Ulrike Pihls hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar.

Kva kan du jobbe som?

Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver, innan forsking og undervisning, som valutahandlarar eller innan formuesforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenestene.

Innanfor privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industri- og oljeselskapa og i konsulentfirma. 

Tar du ein mastergrad i samfunnsøkonomi, står du enda sterkare på arbeidsmarknaden.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 51.0
Primær kvote: 49.0

I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MATTE4

Søknadsfrist: 15.04.2024
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og engelsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Slik er studiet lagt opp: 

1. semester

ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

ECON140 Matematikk for økonomer (10 studiepoeng)

Valemne innan samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

2. semester

ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)

ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng)

ECON240 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester

ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)

ECON230 Makroøkonomi II (10 studiepoeng)

ECON244 Anvendt økonometri (10 studiepoeng)

4. semester

Utveksling/frie studiepoeng (30 studiepoeng)

5. semester

Frie studiepoeng (20 studiepoeng)

Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

6. semester

ECON290A/ECON290B Bacheloroppgåve (10 studiepoeng)

Ett valemne innan samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

Frie studiepoeng (10 studiepoeng)

(* construction *)

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Av desse er 100 studiepoeng spesialisering i samfunnsøkonomi, og 60 studiepoeng er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje emne som alle med studierett på UiB kan ta, eller dra på utveksling i utlandet. Tema for bacheloroppgåva er valfritt. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din. 

For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar: «Velferd og politikk» og «Bedrift, strategi og marknad». 

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler å reise ut i fjerde semester. Du kan reise til USA, Storbritannia, Frankrike, Spania, mfl. Reiser du på utveksling eit heilt år, kan du ta ex.phil. i første semester og valemne innan samfunnsøkonomi på utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorgraden kan du bygge på med ein mastergrad i samfunnsøkonomi ved UiB, som vil gjere at du vil stå sterkt på arbeidsmarknaden. Du kan også søke opptak på eit masterstudium i utlandet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 92 00
E-post: studieveileder.econ@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i samfunnsøkonomi