Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Spesialpedagogikk handlar om å forbetre læringsmoglegheitene til barn og unge som møter hindringar for vekst, læring og livsutfalding. Etterspørselen etter spesialpedagogisk kompetanse er stor. Med master i spesialpedagogikk kan du bidra til positive endringar for eit inkluderende samfunn.
Du lærar korleis ein kan avdekke læringsutfordringar som barn og unge kan møte på ulike arenaer, og korleis iverksette relevante tiltak. Du får djup innsikt i prosessar som støttar barn og unge si læring og utvikling. Studiet vektlegg korleis ein kan identifisere, forstå og utfordre ekskludering og marginalisering av sårbare barn og unge i barnehage, skole og samfunn.
Spesialpedagogikk speler ei viktig rolle for å korrigere politikk og praksis som har negative konsekvensar for enkeltpersonar eller sårbare grupper. Målet er at du skal utvikle ei forståing for og erfaring med ulike spesialpedagogiske problemstillingar. Denne forståinga skal avspeglast i eit sjølvstendig arbeid med masteroppgåva.
I løpet av studiet vil du utforske ulike læringsmetodar for eksempel forelesingar, seminar, praktiske øvingar, sjølvstudium og eiga masteroppgåve. Praksis er òg ein viktig del av studiet, der du får tre veker praksis i støttetenestene. Vi vektlegg studentaktiv forsking og gir deg stor fridom til å fordjupe deg i dine eigne interesser.
Mesteparten av undervisninga skjer på campus. Studiet kan ikkje takast som fjernstudium, da mykje av undervisninga legg opp til obligatorisk oppmøte. Den planlagde undervisninga er berre ein del av studietida di i løpet av ei veke. Det er forventa at ein tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan vere nyttig å danne studiegrupper med medstudentar for diskusjon og samarbeid.
Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12.
Studiet gir moglegheit for arbeid innanfor område som krev ekspertise om læring og utvikling hos barn, ungdom og vaksne med særlege behov. Dette inkluderer område som oppvekstsektoren, kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren og velferdsforvaltninga.
Du kan for eksempel søke stillingar innan:
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Dette studieprogrammet har kun oppstart annankvar haust (2023, 2025, 2027, etc)
Undervisningsspråk: Norsk
Dette er eit toårig fulltidsstudium med oppstart annankvar haust (2023, 2025, 2027, etc). Graden er bygt opp av 120 studiepoeng og alle emna er obligatoriske i graden. Dette studieprogrammet er òg det einaste masterprogrammet i spesialpedagogikk i Noreg der du kan bruke eit heilt år (60 studiepoeng) på masterprosjektet ditt.
Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes.
1. semester
Spesialpedagogisk grunnlagstenking (SPED311, 15 studiepoeng)
Education for gifted and talented children (SPED315, 5 studiepoeng)
Systemarbeid og kartlegging (SPED316, 10 studiepoeng)
2. semester
Forskingsmetode (SPED312, 15 studiepoeng)
Spesialpedagogisk rådgjeving i teori og praksis (SPED317, 15 studiepoeng)
3. og 4. semester
Masteroppgåve i spesialpedagogikk (SPED395, 60 studiepoeng)
Det er dessverre ikkje mogleg å reise på utveksling i løpet av dette studieløpet.
Med ein mastergrad i spesialpedagogikk får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kan lese meir om Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet her: Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet | Det psykologiske fakultet | UiB.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.