Du kan også søke opptak til PPU viss du har fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen. Unntak frå krav om mastergrad gjeld til og med opptak hausten 2029.
Kva er PPU?
PPU er eit eittårig påbyggingsstudium for deg som har ein mastergrad frå før, og som vil kvalifisere deg til å undervise frå femte trinn i grunnskulen til vidaregåande skule og vaksenopplæring.
Universitetet i Bergen tilbyr to ulike eittårige praktisk-pedagogiske utdanningar, heiltid:
PPU må ikkje bli forveksla med årsstudiet i pedagogikk, som ikkje kvalifiserer deg for læraryrket.
Kven kan søke PPU?
For å søke PPU treng du:
- fullført mastergrad
eller
- fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen (ekstern lenke). Dette unntaket frå krav om mastergrad gjeld til og med opptaket hausten 2029.
I tillegg må du ha:
- fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i.
Vi gjer merksam på at det ikkje er alle emne som blir tilbydt i ein eittfagsmodell, ei oversikt finn du lenka til over - minimum 60 studiepoeng i undervisningsfaget/-faga
- eit snitt på minst C i undervisningsfaget/-faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut på grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.
- Du må også levere gyldig politiattest ved semesterstart.
Her finn du alle opptakskrava til PPU
Få ei vurdering av om du kan få opptak til PPU med faga dine (ekstern lenke)
Kva inneheld studie og kva tittel får du?
Studiet inneheld pedagogikk (korleis å lære bort og oppdra), fagdidaktikk (djupare refleksjon om faget og korleis du underviser i faget) og 60 dagar praksis i ungdom- og vidaregåande skule. Gjennom studie får du undervisningskompetanse i eitt eller to undervisningsfag.
Her kan du lese meir om praksis i lektorutdanninga og PPU.
Med master og PPU vil du, som lærar, få tittelen lektor. Med bachelor og PPU vil du få tittelen adjunkt.