Bacheloroppgåve i kulturvitskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i kulturvitskap. Emnet skal gi studentane god kjennskap i kulturvitskaplege problemstillingar og metode gjennom sjølvstendig utforsking av eit tema. Dette skal resultere i ei bacheloroppgåve. I samråd med rettleiar vel studenten tema for bacheloroppgåva. I oppgåva skal studenten gjennomføre ein empirisk analyse av eit valt materiale.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskapar om metode og om korleis eit forskingsarbeid kan gjennomførast.
  • har kunnskapar om sentrale teoriar og forsking innan den sjølvvalde tematikken til bacheloroppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle, avgrense og formulere fruktbare kulturvitskaplege problemstillingar innan temaet.
  • har ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og empiri som er relevant for problemstillinga.
  • har ferdigheiter i metode, kan analysere forskingslitteratur/empiri, gjengi og vere i dialog med forskingslitteraturen og trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette, formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid.
  • kan resonnere, syntetisere og dokumentere eit fagleg akademisk arbeid.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Studenten må ha avlagt minst 45 studiepoeng i kulturvitskaplege emne for å kunne melde seg opp til KUVI250.
Anbefalte forkunnskaper
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk. Det er tilrådd at studentane har tatt eksamen i KUVI101, KUVI104 og KUVI105 før dei går i gang med bacheloroppgåva.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og individuell rettleiing. Arbeidet med emnet er konsentrert om utarbeiding av bacheloroppgåva.

Undervisninga vil fokusere på oppgåveskriving, metode og kulturvitskapleg analyse. Studentane får tildelt rettleiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne ta eksamen i emnet, må studenten få godkjent følgjande obligatoriske aktivitetar:

  • Oppmøte på minst tre av seminara
  • Levere inn utkast til eksamensoppgåve på seminara, og kommentere eksamensoppgåveutkasta til medstudentar
  • Levere inn eksamensoppgåveutkast og møte til minst to individuelle rettleiingar
  • Setje opp ei liste over sjølvvalg litteratur. Den sjølvvalde litteraturlista skal godkjennast av faglærar til ein frist oppgitt i MittUiB.
Vurderingsformer

Rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) med justerande munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på oppgåva med éin bokstavkarakter.

Bacheloroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Obligatorisk litteratur for emnet vil være på 600 - 750 sider hentet frå litteraturlisten. Studentane skal i tillegg leggja opp eit pensum på ca. 600-750 sider som omhandlar det sjølvvalde temaområdet.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert jamleg, i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret for bachelorprogram i kulturvitskap
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap