Masteroppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål at studentane skal dokumentere at dei kan gjennomføre eit forskingsarbeid som held høg vitskapeleg standard.

Innhald:

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (teoretisk eller empirisk) over eit vald tema innan krisepsykologi som vert gjennomført under fagleg rettleiing.

Læringsutbytte

Kunnskap

Ved fullført emne skal studenten:

  • ha inngåande kunnskap om temaet masteroppgåva handlar om
  • ha avansert kunnskap om å gjennomføre eit vitskapeleg prosjekt
  • ha inngåande kunnskap om forskingsetikk

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • formulere ein presis problemstilling for ein vitskapeleg studie
  • velje ut og vurdere kritisk faglitteratur som er relevant for problemstillinga
  • velje adekvat forskingsmetode
  • presentere forskingsresultat på ein klår og presis måte og i høve til APA-standard

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • sette seg inn i nye problemstillingar
  • analysera og vurdera fagkunnskap kritisk
  • formidle resultat frå psykologisk forsking
  • gjennomføre eit sjølvstendig forskningsprosjekt

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

30 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår, emnet går over to semester

Undervisningssted

Digitalt
Krav til forkunnskaper

Gjennomført og bestått:

  • PSYK643 Krise- og katastrofepsykologi: Reaksjonar og psykososial oppfølging
  • PSYK676 eller PSYKXXX Tverrfagleg teamarbeid i krisepsykologi (ny emnekode kommer)
  • PSYK678 eller PSYKXXX Vitskapelege forskingsmetodar (ny emnekode kommer)
  • Eitt spesialiseringsemne 15 stp (PSYK652 Barn som pårørende når foreldre eller søsken blir alvorlig syke eller dør, PSYK653 Sorg: Forståelse, støtte og tiltak, PSYK650 Komplisert sorg: teori og behandling eller PSYK654 Personelloppfølging etter kritiske hendelser)
  • Kombinasjonen av emna Tverrfagleg teamarbeid i krisepsykologi og Vitskaplege forskingsmetodar skal til saman utgjere 30 studiepoeng.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Bachelorgrad eller tilsvarande. I tillegg 2 års relevant arbeidserfaring.

Gjennomført og bestått:

  • PSYK643 Krise- og katastrofepsykologi: Reaksjonar og psykososial oppfølging
  • PSYK676 eller PSYKXXX Tverrfagleg teamarbeid i krisepsykologi (ny emnekode kommer)
  • PSYK678 eller PSYKXXX Vitskapelege forskingsmetodar (ny emnekode kommer)
  • Eitt spesialiseringsemne 15 stp (PSYK652 Barn som pårørende når foreldre eller søsken blir alvorlig syke eller dør, PSYK653 Sorg: Forståelse, støtte og tiltak, PSYK650 Komplisert sorg: teori og behandling eller PSYK654 Personelloppfølging etter kritiske hendelser)
  • Kombinasjonen av emna Tverrfagleg teamarbeid i krisepsykologi og Vitskaplege forskingsmetodar skal til saman utgjere 30 studiepoeng.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vert gjeve i form av rettleiing med inntil 30 timer per oppgåve.

Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg prosjektskildring.

Innlevering av rettleiarkontrakt.

Vurderingsformer
Oppgåve. Mastergradsoppgåva skal skrivast anten som monografi eller i artikkelform, i tråd med APA-standarden. Vidare retningslinjer finnes i Retningslinjer og sensorveiledning for master i krisepsykologi, som er tilgjengeleg for studentane.
Karakterskala
Bokstavkarakter, A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Det er forventa at studenten sjølvstendig søkjer fram, tileignar seg og arbeider med relevant litteratur for masteroppgåva.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Senter for krisepsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen