Vilkår for nettstudier og vidareutdanningar ved UiB

På denne sida finn du informasjon om vilkår som gjeld for nettstudier og vidareutdanningar på deltid ved Universitetet i Bergen. Her kan du orientere deg før du søker, eller finne svar på spørsmål dersom du har fått studieplass.

Nettstudier og vidareutdanningar på deltid har på nokre område andre reglar enn ordinære heiltidsstudier. Nedanfor finn du informasjon om opptakskrav, studieavgift, trekkfristar og andre vilkår, som vi ber deg gjere deg kjent med. 

Ta gjerne kontakt med UiB Videre dersom du har spørsmål.

Påmelding og søknadsfristar

Nokre studier har faste søknadsfristar, medan andre har løpande opptak. 

Dersom det er løpande opptak, behandlar vi søknadene i fleire opptaksrunder, så lenge det er ledige studieplassar.

Til enkelte studietilbod kan du også melde deg direkte på, så lenge det er ledige plassar. Direkte påmelding vil seie at du får stadfesta studieplass med ein gong. Dette gjeld studietilbod utan særskilte opptakskrav.

Les meir om korleis du søker nettstudier og vidareutdanningar ved UiB

Opptakskrav til emner på bachelornivå

Dersom du søker opptak til eit vidareutdanningsemne på bachelornivå, gjeld desse opptakskrava: 

  • Er du 24 år eller yngre? Du må ha generell studiekompetanse
  • Er du 25 år eller eldre? Du må som hovudregel ha generell studiekompetanse. Dersom du ikkje har det, kan du søke om opptak på grunnlag av realkompetanse
  • Dersom du søker opptak til eit emne som har studieavgift, må du også ha minimum to års arbeidserfaring

Dokumentasjon av generell studiekompetanse

Har du tidlegare søkt om eller teke anna høgare utdanning vil du i mange tilfelle vere registrert med generell studiekompetanse og du treng difor ikkje dokumentere dette på nytt. Du ser om du er registrert med generell studiekompetanse når du registrerer søknad til eit vidareutdanningsemne hos oss. 

Dersom generell studiekompetanse er det einaste opptakskravet til emnet du søker på og du ser at du allereie er registrert med dette, treng du ikkje legge ved ytterlegare dokumentasjon.

Dersom du ikkje allereie er registrert med generell studiekompetanse og er under 25 år, må du legge ved dokumentasjon på at du har dette når du søker om opptak til eit vidareutdanningsemne hos oss. Gyldig dokumentasjon er vitnemål eller kompetansebevis frå vidaregåande skule, inkludert yrkesfag med påbygging.

Du kan lese meir om ulike vegar til generell studiekompetanse hos Samordna opptak: Universitet og høgskole - opptakskrav og poeng - Samordna opptak

Dokumentasjon av realkompetanse

Dersom du er 25 år eller eldre og ikkje har generell studiekompetanse, kan du søke opptak på grunnlag av realkompetanse. For opptak til vidareutdanningsemne på bachelornivå utan andre opptakskrav praktiserer vi ei forenkla realkompetansevurdering. Det vil seie at vi vurderer summen av tidlegare utdanning og arbeidserfaring som tilstrekkeleg opptaksgrunnlag for vidareutdanningsemne hos oss. Du treng ikkje sende inn dokumentasjon. 

Dokumentasjon av arbeidserfaring 

For emne på bachelornivå med studieavgift må du i tillegg ha minst to år med arbeidserfaring. Vi krev ikkje dokumentasjon på arbeidserfaringa di, men du må stadfeste ved avkryssing at du har dette når du registrerer søknaden din. Dersom du har hatt deltidsstillingar må arbeidserfaringa reknast om til full tid. Du må til dømes ha jobba fire år dersom du har hatt 50% stilling.

Vi gjennomfører stikkprøvekontrollar. Dersom du ved førespurnad ikkje kan dokumentere at du har minst to års arbeidserfaring kan du miste studieplassen.

Opptakskrav til emner på masternivå

Dersom du søker opptak til eit vidareutdanningsemne på masternivå må du kunne dokumentere at du oppfyller krav til både tidlegare utdanning og relevant arbeidserfaring: 

Du må kunne dokumentere eitt av følgande utdanningskrav: 

  • bachelorgrad
  • cand.mag.-grad
  • annan grad eller yrkesutdanning med minimum tre års omfang
  • utdanning som etter § 3-5 i universitets- og høgskulelova er godkjend som jamgod med utdanningane nemnde ovanfor.

Du må i tillegg dokumentere at du har minimum to års relevant arbeidserfaring

I spesielle tilfelle kan andre dokumenterte kvalifikasjonar bli vurderte som heilt eller delvis likeverdig med utdanningsløpa ovanfor. UiB kan i slike tilfelle gje unntak for inntil eitt års utdanning (60 studiepoeng) av utdanningskravet, dersom du også kan dokumentere særskilt lang og relevant yrkeserfaring utover minstekravet på to år. Som hovudregel krever vi då at du kan dokumentere minimum fire års relevant arbeidserfaring. 

For enkelte studium kan det vere krav om at den tidlegare utdanninga di er innanfor eit bestemt fagområde. Kravet til arbeidserfaring kan også vere meir enn to år.

Kva som blir rekna som relevant utdanning og arbeidserfaring, skal gå fram av nettsida til studiet og vere omtalt i emneskildringa.

Dokumentasjon av høgare utdanning

Har du teke høgare utdanning frå UiB eller andre offentlege universitet og høgskular i Norge vil vi i dei fleste tilfelle ha tilgang til å hente eksamensresultata dine og du treng difor ikkje legge desse ved søknaden din.  

Har du derimot utdanninga di frå ein privat høgskule, frå utlandet eller du avslutta utdanninga di før 1995 ber vi deg deg laste opp vitnemål/karakterutskrifter som vedlegg til søknaden din. Du finn oversikt over utdanningsinstitusjonar som automatisk deler eksamensresultat når du har logga deg inn for å registrere søknad.    

Dokumentasjon av relevant arbeidserfaring 

Du må legge ved attest/tenestebevis eller anna stadfesting frå arbeidsgivar som viser at du fyller kravet om minimum to års relevant arbeidserfaring.

Attest/stadfesting frå arbeidsgivar må vere datert og innehalde følgande informasjon:

  • Start og eventuell sluttdato
  • Stillingsprosent
  • Stillingstittel
  • Signatur frå arbeidsgivar (e-signatur er godkjent)


Merk at CV og arbeidsavtale åleine ikkje er godkjent dokumentasjon på arbeidserfaring.

Deltidsstillingar blir rekna om til heiltid når vi vurderer om du oppfyller kravet til arbeidserfaring. 

Ved utrekning av ansiennitet blir deltidsstillingar rekna om til mnd./år i fulltid.

Eventuelle særskilde opptakskrav

I tillegg til dei generelle opptakskrava omtalt ovanfor kan enkelte vidareutdanningsemner ha særskilte opptakskrav. Dette gjeld for emner både på bachelor- og masternivå. 

Det kan vere krav om bestemte faglege forkunnskapar. For opptak til enkelte realfaglege emner kan det vere krav om at du har matematikk eller andre realfag frå tidlegare utdanning. Det kan også vere krav om at du har ein bestemt utdannings- eller yrkesbakgrunn. Eit eksempel er mange vidareutdanningar for lærarar, der du må ha godkjend lærarutdanning for å få opptak.

Særskilte opptakskrav skal gå fram av nettsida til studiet og vere omtalte i emneskildringa.

Rangering av søkarar

Vi har eit bestemt tal studieplassar på kvart vidareutdanningstilbod. Hovudregelen er at vi tek opp kvalifiserte søkarar etter førstemann til mølla-prinsippet, det vil seie at søknadane blir behandla i den rekkefølgja dei er registrerte i søknadssystemet vårt, så lenge det er ledige plassar. Dersom det blir fullt, kan du få tilbod om ventelisteplass. 

For nokre vidareutdanningstilbod er det fastsett eigne kriterium for prioritering av søkarar. For enkelte tilbod er det også sett av studieplassar for samarbeidspartnarar eller oppdragsgivarar. Karakterar frå tidlegare utdanning vil berre unntaksvis vere eit prioriteringskriterium. 

Kva for prioriterings- og rangeringskriterium som gjeld for det enkelte studiet skal gå fram av nettsida til studiet og eventuelt også av emneskildringa. Dersom det ikkje er oppgitt anna, gjeld førstemann til mølla-prinsippet. 

Søknadsbehandling

Du får normalt svar på søknaden din nokre dagar etter søknadsfrist eller oppgitt dato for neste søknadsbehandling.

Svar blir sendt til di private e-postadresse, som du er registrert med i samband med søknad til studiet. Dette er den e-postadressa du er oppført med i det sentrale Kontakt- og reservasjonsregisteret. Dersom du ønsker å endre e-postadresse eller andre kontaktopplysningar må du sjølv endre dette. Vi har ikkje løyve til å gjere dette for deg. Les meir om korleis du endrar kontaktopplysningane dine

Svarfrist

Når vi sender ut tilbod om studieplass får du ein svarfrist på mellom 7 og 14 dagar. Svarfristen kan i nokre tilfelle vere kortare, til dømes ved suppleringsopptak eller når det er kort tid til studiestart.

Dersom du takkar ja til studieplassen får du ein ny e-post frå oss med stadfesting på opptak og studierett til emnet

Ventelisteplass

Dersom studiet blir fullt vil du kunne få tilbod om ventelisteplass. Vi tar kontakt med deg dersom det blir ledig plass så du kan få tilbod om studieplass.

Tilbod på visse vilkår

Dersom du på søknadstidspunktet ikkje oppfyller opptakskrava fullt ut, til dømes fordi du fullfører bachelorgraden seinare same semester, kan du få tilbod om studieplass på vilkår. Du kan då få tilbod om studieplass på vilkår av at du ettersender den manglande dokumentasjonen innan fristen som er oppgitt i tilbodet. Dersom du ikkje gjer dette, vil vi kunne trekke tilbake tilbodet om studieplass. 

Avslag

Dersom du ikkje fyller opptakskrava eller ikkje sender oss dokumentasjon på at du fyller opptakskrava innan fristen du har fått, vil du dessverre få avslag på søknaden din. Du kan klage på avslaget, i tråd med § 7-7 i UiB si opptaksforskrift. Informasjon om klagefrist og korleis du går fram vil følgje avslagsbrevet.

Stadfesting på opptak og studierett

Dersom du får tilbod om studieplass og takkar ja får du ein ny e-post frå oss med stadfesting på opptak og studierett til emnet. Merk at opptak til vidareutdanningsemner ikkje gir studierett til andre emne eller studieprogram ved UiB.

Trekkfristar og angrerett

Trekkfristar

Fristen for å trekke deg frå ein studieplass du har takka ja til er normalt 14 dagar før studiestart. Du finn eksakt trekkfrist i  e-posten du fekk som stadfestar at du har fått opptak til studiet.

Dersom du trekker deg innan fristen, fell studieplassen bort og du treng ikkje foreta deg noko meir. 

Etter trekkfristen er påmeldinga bindande. Dersom studiet har studieavgift må du betale denne, sjølv om du ikkje ønsker å ta studiet likevel.

Enkelte vidareutdanningar kan ein tidlegare trekkfrist. Dette går fram av informasjonen du får i samband med søknad og opptak.

14 dagars angrerett

Dersom du får tilbod om studieplass etter at den ordinære trekkfristen har gått ut, har du likevel 14 dagars angrerett etter angrerettlova

Dersom du ønsker å nytte deg av angreretten må du sende e-post til videre@uib.no. Du treng ikkje oppgje nokon grunn. 14-dagarsfristen løper frå den datoen svarfristen din går ut.

Dersom du nyttar deg av angreretten etter at studiet har starta kan UiB krevje betaling for den delen av studiet som allereie er gjennomført. Dette inneber at du kan måtte betale ein forholdsmessig del av studieavgifta.

Trekk av velferdsgrunnar

Dersom det skulle oppstå forhold etter trekkfristen som gjer at du likevel ikkje kan følge studiet, må du så snart som mogleg sende ei skriftleg og grunngitt melding om trekk frå studieplassen til UiB Videre på epost: videre@uib.no.

Du må legge ved dokumentasjon på gyldige velferdsgrunnar. Kva som blir rekna som gyldige velferdsgrunnar går fram av UiBs studieforskrift

Dersom søknaden om trekk av velferdsgrunnar blir innvilga, skal du ikkje betale studieavgift. 

Dersom du ønsker å ta studiet ved eit seinare høve, må du søke om opptak på nytt på same vilkår som andre søkarar. Vi gir ikkje utsett studiestart.

Studieavgift

Nokre vidareutdanningar og deltidsstudier har studieavgift, andre ikkje. Dette går fram av nettsida til det aktuelle studiet.

Det følgande gjeld studietilbod med studieavgift: 

Faktura og fakturamottakar

Faktura for eventuell studieavgift blir sendt ut av økonomiavdelinga ved UiB rundt studiestart.  

I utgangspunktet sender vi faktura for studieavgift til deg personleg. Dersom arbeidsgivaren din skal betale studieavgifta for deg, må du fylle ut eit eige skjema med arbeidsgivaren sine fakturaopplysningar. Du får informasjon om dette når vi sender deg stadfesting på studieplassen. Dersom desse opplysningane ikkje blir sendt UiB innan oppgitt frist, sender vi fakturaen til deg personleg. 

Studieavgifta blir normalt fakturert som eit samla beløp. Betalingsfristen er 15 dagar for privatpersonar og 30 dagar for verksemder og internasjonale studentar. 

Du eller arbeidsgivaren din kan be om å få fakturaen delt opp i to terminar. Ta i tilfelle kontakt med UiB Videre: videre@uib.no

Studieavgifta dekker:

  • Undervisning
  • Tilgang til UiBs læringsplattform Mitt UiB med undervisningsmateriell og læringsressursar i perioden du har studierett til emnet
  • Eksamenskostnader, inkludert eventuell kontinuasjonseksamen

Studieavgifta dekker normalt ikkje:

  • Pensumlitteratur
  • Reise- og opphaldsutgifter i samband med studiesamlingar
  • Utgifter til frivillige ekskursjonar og studieturar


For enkelte studium kan dette vere organisert annleis. Dette går fram av nettsida til det aktuelle studiet.

Kva skjer om studieavgifta ikkje vert betalt? 

Heile studieavgifta må vere betalt innan trekkfrist for eksamen. Dersom studieavgifta ikkje er betalt, kan du bli nekta rett til å ta eksamen eller få sensur. 

Spørsmål rundt studieavgift, faktura og betaling kan du rette til UiB Videre: videre@uib.no

Semesteravgift

Alle som har fått opptak til eit studium ved UiB skal betale lovpålagt semesteravgift til Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet. Semesteravgifta er for tida 650 kroner per semester.

Dette er ei personleg avgift som dekker velferdsgoder og tenester for studentane. Semesteravgifta er ikkje det same som studieavgift (sjå avsnittet over). 

Fristar for betaling av semesteravgifta

Semesteravgifta skal betalast i starten av kvart semester, normalt innan 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. 

Mange vidareutdanningar ved UiB har søknadsfristar eller oppstart utanom desse datoane. Studentar på vidareutdanning får derfor eigne fristar for betaling av semesteravgifta. Du får informasjon om kva frist som gjeld for deg i samband med opptaket.

Merk at du berre skal betale semesteravgift éin gang per semester, uavhengig av kor mange emne du tar. 

Dersom du treng bevis på studentstatusen din for å få studentrabatt på kollektivtransport eller liknande, kan du laste ned ein eigen studentbevis-app til telefonen din. 

Betalt semesteravgift ved annan utdanningsinstitusjon?

Dersom du også studerer ved ein annan utdanningsinstitusjon og har betalt semesteravgift der, skal du ikkje betale ny semesteravgift ved UiB. 

Då kan du registrere at du har betalt semesteravgift ved ein annan utdanningsinstitusjon og få fritak for semesteravgift ved UiB. Les meir om korleis du dokumenterer allereie betalt semesteravgift: Om betaling av semesteravgift

Kva skjer om eg ikkje betaler semesteravgifta?

Du kan miste studieretten din og dermed retten til å ta eksamen eller få sensur. 

Tilrettelegging av studiet

Har du ei funksjonsnedsetjing eller andre særskilde behov, har du rett til tilrettelegging av undervisning, læremidlar og eksamen

Du må søke fakultetet ditt om slik tilrettelegging så snart som mogleg. Du må som hovudregel dokumentere behovet med legeerklæring eller tilsvarande. 

Les meir om tilrettelegging for studentar

Ta kontakt med instituttet ditt eller koordinator for studiet ditt for vidare rettleiing.

Pause eller permisjon frå studiet

Vi innvilgar som hovudregel ikkje pause eller opphald undervegs i studiet for studentar som tek vidareutdanningsemner og andre kortvarige studium. 

Dersom du har gyldige velferdsgrunnar, kan du likevel søke om permisjon. Oversikt over gyldige velferdsgrunnar finn du i UiB si studieforskrift. Du må då sende skriftleg søknad om permisjon til instituttet eller fakultetet ditt, og legge ved dokumentasjon på gyldig velferdsgrunn.

Du vil få innvilga permisjon for eitt eller maksimalt to semester om gongen, og får høve til å ta opp att studiet neste gang emnet går. Merk at vi ikkje kan garantere at emnet vil gå på nytt, eller når neste gjennomføring blir.

Eksamen

Du blir automatisk semesterregistrert og meldt opp til eksamen når du får opptak til studiet. Du har rett til å gå opp til eksamen dersom du:

  • har fått godkjent eventuelle obligatoriske arbeidskrav eller krav til obligatorisk deltaking
  • har betalt semesteravgifta
  • har betalt eventuell studieavgift

Meir informasjon om eventuelle obligatoriske arbeidskrav og eksamensform finn du i emneskildringa for emnet du er teken opp til.

Dersom studiet vert avslutta med skriftleg skuleeksamen,  kan du for enkelte emne søke om å få ta eksamen på eller nær heimstaden din, i staden for å reise til Bergen. Eventuelle kostnader knytta til dette må du i tilfelle dekke sjølv. Ta kontakt med kontaktperson for studiet ditt for meir informasjon. 

Trekk til eksamen, sjuk eller ikkje bestått

Dersom du av ulike grunnar ikkje ønsker eller kan ta eksamen gjeld desse reglane:

Trekk frå eksamen

Trekkfristen er normalt 14 dagar før eksamensdato eller oppstart av heimeeksamensperioden. Eksakt dato for trekkfrist finn du i emneskildringa for emnet ditt. Trekkfristen blir også kunngjort på Mitt UiB. Om du ønsker å trekke deg frå eksamen, må du ta kontakt med koordinator for studiet ditt. 

Sjuk eller har anna gyldig fråver under eksamen

Dersom du etter trekkfristen eller på sjølve eksamensdagen blir sjuk eller har andre vektige grunnar til at du ikkje kan ta eksamen som planlagt, må du melde frå om dette så snart som mogleg. Du må sende inn naudsynt dokumentasjon innan to veker etter eksamen.

Les meir om gyldig fråver på eksamen og korleis du melder frå om dette

Tre eksamensforsøk og rett til ny eksamen

Du har normalt tre eksamensforsøk.

Dersom du trekker deg innan oppgitt trekkfrist eller har levert gyldig, dokumentert fråver innan to veker etter eksamen blir dette ikkje rekna som eit av dei tre eksamensforsøka.

Dersom du derimot ikkje trekker deg frå eksamen innan fristen, eller avbryt eksamen etter at eksamen har starta blir dette rekna som eit av dei tre eksamensforsøka.

Dersom du har gyldig, dokumentert fråver eller ikkje har bestått eksamen, har du rett til å ta ny eksamen (kontinuasjonseksamen) så snart dette let seg praktisk gjennomføre. Dette medfører ikkje ekstra kostnader for deg, bortsett frå eventuell ny semesteravgift dersom ny eksamen blir gjennomført i eit nytt semester. 

Dersom du ønsker å ta ny eksamen for å forbetre karakteren kan du bli avkrevd eit eksamensgebyr. 

Ta kontakt med koordinator for studiet ditt for rettleiing.  

Les meir om eksamen og innleveringar

Utfyllande eksamensreglar finn du i UiB si studieforskrift

Sensur, karakterutskrift og klage

Sensur

Sensur skal normalt vere klar innan 15 virkedagar etter eksamen. Eksamensresultatet blir publisert på StudentWeb og du må sjølv logge inn for å sjå resultatet.

Klage på karakter

Du har rett på fagleg grunngjeving for karakteren din. Fristen for å be om dette er ei veke etter at karakteren er publisert i Studentweb. Du skal normalt få grunngjevinga innan to veker etter du har bede om henne. Grunngjevinga kan bli gitt munnleg eller skriftleg på e-post. 

Les meir om korleis du klager på karakter.

Karakterutskrift og vitnemål

UiB skriv normalt ikkje ut kursbevis eller diplom for fullførte videreutdanningsemne. Du kan sjølv bestille karakterutskrift og du kan dele eksamensresultata med andre via Vitnemålsportalen.

Dersom du fullfører ein heil grad, til dømes erfaringsbasert mastergrad, vil du få vitnemål som viser den oppnådde graden. 

Slik bestiller du karakterutskrift og evt. vitnemål

Kontakt UiB Videre

Har du spørsmål om vilkåra? Ta kontakt med UiB Videre:

Telefonnummer
55582040
E-post
videre@uib.no
Sist oppdatert: 10.09.2026