Fiskehelse - akvamedisin (profesjon)

Med profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin har du rett til å bruke den lovbeskytta tittelen fiskehelsebiolog. Tittelen er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og dei som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæring.

Kva lærer du?

Dei som har fullført denne utdanninga: 

  • kjenner til og kan beskrive fisken sin anatomi, fysiologi og ernæring.
  • Har detaljert kunnskap om patogenar som virus, bakteriar og parasittar.
  • kan stille riktige diagnosar, forebygge og behandle sjukdommar hos fisk.
  • kan arbeide etter anerkjende vitskaplege prinsipp, med forståing og respekt for openheit, presisjon, etterrettelighet og betydinga av å skilje mellom kunnskap og meiningar.
Studiekvardag

Her blir du ein del av ein liten klasse og eit godt studentmiljø med tett oppfølging. 

Profesjonsstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur.

Som del av studiet er det også lagt opp til at studentane skal ut i praksisperiodar i havbruksnæringa og fiskehelsetenesta.

Vi held til på Marineholmen, der det er laboratorium, lesesalar og auditorium. Alle studentane har og tilgang til Realfagbygget, med bibliotek, lesesalar og læringssenter.  

Profesjonsstudiet i fiskehelse skal oppfylle krava for autorisasjon som fiskehelsebiolog. Derfor blir det stilt strenge krav til innhaldet i studiet.

Kva kan du jobbe som?

Det har vore stor etterspørsel etter fiskehelsekandidatar og alle kandidatar i fiskehelse har fått jobb rett etter avslutta studium. 

Som fiskehelsekandidat kan du jobbe: 

  • som autorisert fiskehelsebiolog i fiskehelsetenesta og havbruksnæringa
  • i farmasøytisk industri
  • innan diagnostikk
  • i Mattilsynet med tilsyn og forvaltning av havbruksnæringa
  • innanfor utdanning og forsking
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 56.3
Primær kvote: 43.9

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: REALFA

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) (lenke) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.   

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester (haust):  

Enten 
MAT101 - Brukarkurs i matematikk I eller MAT111 - Grunnkurs i matematikk I 

BIF100 - Innføring i fiskehelse og havbruk

BIO100 - Innføring i evolusjon og økologi

2. semester (vår):  

BIF101 - Organismebiologi for fiskehelse og havbruk

KJEM109 - Kjemi grunnkurs

BIF200 - Havbruksteknologi

3. semester (haust): 

BIO213 - Marin økologi, miljø og ressursar

BIO280 - Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi

BIO291 - Fiskebiologi II - Fysiologi

4. semester (vår): 

BIO103 - Cellebiologi og genetikk

Ex.phil.: enten 
EXPHIL-MNEKS skuleeksamen eller EXPHIL-MNSEM seminarmodell

LAS301 - Kurs i forsøksdyrlære

BIO205A - Lovverk og forvaltning i fiskehelse og havbruk

5. semester (haust): 

BIO206 - Ernæring hos fisk

MOL100 - Innføring i molekylærbiologi

BIO273 - Fiskesjukdommar - fiskeimmunologi

6. semester (vår): 

BIF210 - Molekylærbiologiske metodar

BIO207 - Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat

LAS303 - Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk

BIO274 - Fiskesjukdommar – Farmakologi

7. semester (haust): 

BIO270 - Fiskesjukdommar - Parasittar

BIO300A - Akademisk skriving

BIO300B - Biostatistikk

BIO275 - Fiskehistopatologi

8. semester (vår): 

BIF310 - Profesjonsutøving og praksis i fiskehelse

BIO271 - Fiskesjukdommar - Virologi

BIO272 - Fiskesjukdommar - Bakteriar, sopp og ikkje-infeksiøse sjukdommar 

9. og 10. Semester: 

FISK399 - Masteroppgåve i fiskehelse

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikkje tilrettelagt for at du kan reise på utveksling i eit spesifikt semester. Du kan likevel få hjelp av oss til å finne eit særskilt delstudium ved eit av våre samarbeidsuniversitet som kan integrerast i profesjonsstudiet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Fiskhelsekandidatar er også kvalifiserte for vidare doktorgradsstudium på fagfeltet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: info.nt@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Profesjonsstudium i fiskehelse - akvamedisin