Studieplan for MAMD-HESAM Masterprogram i helse og samfunn, vår 2026
Omfang og studiepoeng
120 studiepoeng
Namn på grad
Master i helse og samfunn
Fulltid/deltid
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Masterprogram i helse og samfunn skal med sin tverrfaglege profil gi inngåande kunnskap om sentrale helseutfordringar med vekt på ein vitskapleg og problematiserande innfallsvinkel. Naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv gir ulike utgangspunkt for forståing av sentrale aspekt ved dagens helseutfordringar. Studentane skal gjennom studiet utvikle ei kritisk tilnærming til kunnskap og kunnskapsutvikling. Videre skal studentane på sjølvstendig vis ta i bruk teori og metodologiske tilnærmingar i utvikling av forskingsspørsmål, forskingsdesign og analyse av publisert forsking. Studiet gir fagleg breidde og fordjuping som grunnlag for forsking og fagutvikling i ulike profesjonelle kontekstar. Studiet gir mogelegheit for utveksling i eit internasjonalt forskningsmiljø.
Gjennom introduksjonsemnet HELSAM301 lærer studentane om i sentrale helseutfordringar i dagens Noreg. Dei vert utfordra til å reflektere over deira kompleksitet og samfunnsmessige kontekst, og til å sjå helseutfordringane frå ulike teoretiske grunnperspektiv. Studentane skal vidare tileigne seg kunnskap om akademisk skriving og trinna i ein forskingsprosess. Dei obligatoriske emna HELSAM302 og HELSAM303 gir grunnleggande kunnskap om vitskapleg tenking, forskingsetiske problemstillingar og ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane vel deretter mellom metode-emne som vektlegg kunnskap om kvalitative eller kvantitative forskingstilnærmingar og -tradisjonar i emna HELSAM304, og HELSAM305A og MEDSTA. Den valde fordjupinga i metodiske tilnærmingar blir vidareført i masteroppgåva.
Det er mogleg å velje mellom to retningar i studiet:
Perspektiv på sentrale helseutfordringar
I studieretninga perspektiv på sentrale helseutfordringar(UPSH301">UPSH301 og UPSH302">UPSH302) skal studentane tileigne seg inngåande kunnskap om eit naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk grunnperspektiv på sentrale helseutfordringar. Studentane skal vidare tileigne seg avansert kunnskap om arbeid og helse, ei aldrande befolkning og ulikskap i helse i ein nordisk kontekst, og med vekt på forskingsbasert kunnskap og aktuell teori. Det vert fokusert på etiske og politiske føresetnader og implikasjonar for utvikling og handtering av kunnskap.
Yrkeshygiene
I studieretninga yrkeshygiene skal studentane få ekspertise i å identifisere og vurdere helserisiko relatert til kjemiske, fysiske og biologiske faktorar på arbeidsplassen, samt kunnskap om førebyggjande tiltak relatert til dette.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten har:
- innsikt i forholdet mellom helse og samfunn knytt til sentrale helseutfordringar i dagens samfunn
- inngåande kunnskap om ulike vitskapsteoretiske posisjonar og tradisjonar med relevans for helsefaga
- inngåande kunnskap om forskingsetiske dilemma og problemstillingar av relevans for forsking i helsefaga
- inngåande kunnskap om relevante forskingsmetodiske tilnærmingar og -tradisjonar
- inngåande kunnskap om sentral teori og sentrale helse- og forskingsmessige utfordringar knytt til studieretninga kandidaten har vald
Ferdigheiter
Studenten kan:
- sjølvstendig utvikle forskbare problemstillingar av relevans for eige fagfelt
- utvikle og grunngje forskingsdesign, teoretisk tilknyting og analytisk innfallsvinkel i konkrete forskingsprosjekt
- skrive tekstar etter akademiske kriteria
- gjennomføre sjølvstendige, avgrensa forskingsprosjekt i tråd med forskingsmetodiske - og forskingsetiske kriteria knytt til tema av relevans for eige fagfelt
- gjennomføre sjølvstendige analyser og utgreiingar knytt til eige fagfelt
Generell kompetanse
Studenten har:
- tverrfagleg innsikt i sentrale helseutfordringar i samfunnet i dag
- innsikt i teoretiske -, metodiske -, forskingsetiske - og praktiske utfordringar med forskingsarbeid i helsefaga
- analyse- og utgreiingskompetanse
Studenten kan:
- bruke tverrfagleg kunnskap i kritisk refleksjon rundt problemstillingar knytt til sentrale helseutfordringar i dagens samfunn
- bruke tverrfagleg kunnskap i samarbeid i team
- halde seg kritisk til vitskapleg kunnskap
- reflektere kritisk rundt ulike teoritradisjonar i helsefaga
- bidra til kunnskapsutvikling i helsefaga
- formidle forskingsbasert kunnskap munnleg og skriftleg
Opptakskrav
For å bli tatt opp på masterprogram i helse og samfunn må ein ha helsefagleg bachelorgrad eller tilsvarande. Gjennomsnittleg karakter på opptaksgrunnlaget må vere C eller betre.
Sjå nærare informasjon om opptakskrava til dei forskjellige studieretningane:
Søk opptak til masterprogrammet her
Obligatoriske emne
HELSAM304 eller HELSAM305A* og MEDSTA
*Det er ein føresetnad at studentar som tek HELSAM305A også tek emnet MEDSTA, og det er anbefalt å ta emnet MEDSTATA.
Sjå nærare informasjon om dei obligatoriske emna for dei forskjellige studieretningane her:
Spesialisering
Studiet byr på to studieretningar som reflekterer sterke forskingsområde ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Det er krav om 20 sp fordjuping i kvar studieretning, med mogelegheit for ytterlegare val av emne tilsvarande 10 sp.
Overordna mål med studieretningane:
Perspektiv på sentrale helseutfordringar
Studieretninga har som overordna mål at studenten skal tileigne seg inngåande kunnskap om naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv som grunnlag for forsking på sentrale helseutfordringar. Empirisk legg studieretninga særleg vekt på utfordringar knytt til ulikskap i helse, arbeid og helse, ein aldrande befolkning, migrasjonshelse og brukermedverknad. Emna skal til saman gi forståing for at ulike teoretiske perspektiv har tyding for kva forskingsspørsmål som vert stilte og korleis ein går fram for å få svar på dei, inkludert i eiga masteroppgåve.
Obligatoriske emne:
- UPSH301 Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar, del 1 - 10 sp
- UPSH302 Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar, del 2 - 10 sp
- Valemne - 10 sp
Yrkeshygiene
Studieretninga skal gi studentane ekspertise i å identifisere og vurdere helserisiko relatert til kjemiske, fysiske og biologiske faktorar på arbeidsplassen, samt bidra til at studenten tileignar seg inngåande kunnskap om førebyggande tiltak relatert til dette.
Obligatoriske emne:
- INTH331A INTH331A">Chemical factors in the work environment - 15 sp
- INTH334B Physical factors in the work environment - 6 sp
- Valemne(r) - 9 sp
Alle studieretningane skal bidra til kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskaplege kriterium.
Studieretninga i Yrkeshygiene samt nokre av emna er dei einaste på sitt felt på masternivå i Noreg.
Tilrådde valemne
Liste over emne som er tilrådd/valfrie emne vil informerast om via programsida i Mitt UiB kvart semester.
Rekkefølgje for emne i studiet
Obligatoriske emne i første semester må fullførast før studentane vel anten kvalitative eller kvantitative forskingsmetodar og -tradisjonar i andre semester. Metodeemna og emne i fordjupingane må vere fullført før masteroppgåva vert gjennomført.
Delstudium i utlandet
Det sterke internasjonale miljøet ved IGS gjer internasjonalisering heime svært aktuelt. Det vert tilbydt ei rekkje emne til internasjonale studentar. Fleire av desse kan ha relevans for studentar ved vårt program, som: Migration and Health (3 stp), Introduction to priority setting in health (3 stp), Equity and fairness in health – an applied approach (3 stp), Global nutrition (5 stp).
Når det gjeld utreise finst det omlag 50 avtalar knytt til internasjonalisering ved Det medisinske fakultet. Vi vil sjå særskilt på mogelegheiter som ligg i avtalene med Karolinska Institutet, Gøteborgs Universitet og Århus Universitet, som alle har helsefaglege utdanningar på masternivå. Ved IGS og Senter for internasjonal helse finst ein avtale med København Universitet, som er av særskilt interesse for våre studentar. Her er det mogeleg å ta emne innan folkehelsevitskap, global helse, fysisk aktivitet og helse, helsevesen i Norden mv. Sommarskulen ved dette universitet er og av interesse, med fleire relevante kurs.
Det vert lagt til rette for utveksling i samband med masteroppgåva, tilsvarande eit semester. Fagmiljøet ved IGS vil arbeide med mogelegheiter for utveksling og innveksling av masterstudentar knytt til forskingssamarbeid internasjonalt som og inkluderer rettleiing av masterstudentar på tvers av institusjonane.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir brukt studentaktive arbeids- og undervisingsformer i alle emne i studiet, som:
- Førelesingar med studentførebuande og studentaktive element
- Seminar knytt til obligatoriske oppgåver med munnlege og skriftlege presentasjonar og tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar
- Workshops
- Sjølvstudium
- Sjølvstendig forskingsoppgåve*
*Studenten har rett til totalt 40 timars rettleiing individuelt og i gruppe, der deler av dette kan vere IKT - basert. I tillegg kjem kurs i søking etter litteratur, kjeldebruk og forskingsetikk knytt til kjeldebruk m. v.
Vurderingsformer
Vurderingsformene vil variere og tilpassast lærings-utbyttebeskrivingane i emna. Fylgjande former blir blant anna brukt:
- Essay
- Skriftlege heime-oppgåver
- Fleirvalsoppgåver
- Munnlege presentasjonar
- Refleksjonsnotat
- Masteroppgåve følgd av munnleg, justerande eksamen
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir tildelt etter at graden er fullført, dette finn du digitalt i Vitnemålsportalen.
Karakterskala
Det blir brukt både karakterskala A-F og bestått/ikkje bestått på emna i studieløpet.
Grunnlag for vidare studium
Med sin forskingsretta profil kvalifiserer Masterprogram i helse og samfunn til vidare PhD-studie. Programmet gir innsikt i sentrale helseutfordringar i samfunnet i dag, ein type kunnskap som gir eit godt grunnlag for vidare forskingskarriere innan fleire helsefaglege kjerneområde. Studentane får tilbod om å delta i etablerte forskingsgrupper, noko som bidrar til å få innsikt i konkrete forskingsprosjekt og diskusjonar rundt desse. Det gir og mogelegheit for å knyte seg til større forskingsprosjekt med omsyn til masteroppgåver og PhD-prosjekt. Dette kvalifiserer utover det alminnelege studieopplegget.
Relevans for arbeidsliv
Studiet kvalifiserer vidare til fagutviklingsstillingar i helse- og omsorgssektoren i primær- og sekundærhelsetenesta, eventuelt i kombinasjon med stilling i klinisk praksis. Studiet kvalifiserer og for lektorstillingar innan utdanning i helsesektoren.
Studiet bidrar med relevant kompetanse til oppgåver innanfor offentleg forvalting.
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningsliner for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Programansvarleg
Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emna og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.igs@uib.no