Helse og samfunn (master)
Er du opptatt av spørsmål som “Korleis kan vi førebygge sjukdom i samfunnet?”, “Er menn sjukare enn kvinner?” eller “Kven har eigentleg skulda for dårleg helse – du sjølv eller jobben?”? Då er master i helse og samfunn noko for deg.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 35
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Masterprogrammet i helse og samfunn gir deg eit godt innblikk i sentrale helseutfordringar i dagens samfunn.
Masterprogrammet er knytt til særs sterke forskingsmiljø som jobbar med nasjonale og globale folkehelseutfordringar på både individ- og samfunnsnivå. For å forstå kompleksiteten i utfordringane trengs brei kunnskap på tvers av fagfelt.
Du får grundig opplæring i kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode, og får vidare innsikt i ulike teoretiske perspektiv og i forskingsetiske og praktiske sider ved forsking innan helsefaga. Du vil frå første dag ved studiet bli utfordra til å utvikle problemstillingar.
Masterprogrammet tilbyr i 2026 studieretninga: “Perspektiv på sentrale helseutfordringar”, studieretninga “Yrkeshygiene” har ikkje opptak 2026.
Studiekvardag
Studiekvardagen består av fulle dagar med undervisning, seminar og sjølvstudium/førebuingsarbeid. Vi legg stor vekt på førebuande og studentaktive undervisnings- og læreformer.
Studiet startar med ein felles kreativ verkstad for å utvikla forskingsspørsmål. Studentane skal tenke, gjere, reflektere over og presentere forsking, til vidare diskusjon. Vi studerer case og kompleksiteten rundt desse. Vi brettar ut og reflekterer over lag på lag med mekanismar og strukturar som verkar inn på helse – både individuelt og ulikskapane som finst, inkludert prioriterings- og maktstrukturar som bidrar til ulikskap i helse. Det heile endar med ein studentaktiv minikonferanse, der alle - på tvers av fagfelt - får vise sin kompetanse og kva dei tenker og meiner.
Kva kan du jobbe som?
Gjennom masterprogrammet får du ei grundig forskaropplæring som gjer brei kompetanse om dei store helseutfordringane. Opplæringa gir deg ein god plattform for å kunne jobbe med komplekse helsefaglege problemstillingar både innan forsking og fagutvikling eller i klinikk.
Aktuelle jobbar kan vere, forsking og undervisning i høgare utdanning, folkehelsearbeid i kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor, som psykososial rådgjevar i bedriftshelsetenestene, spesialfysioterapeut på sjukehus, fagrådgjevar eller forskingsassistent i tannhelsetenesta.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for den aktuelle studieretninga:
Perspektiv på sentrale helseutfordringar
Yrkeshygiene (ikkje opptak i 2026, uavklart på sikt)
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Masterprogrammet Helse og samfunn er eit toårig fulltidsstudium med oppstart i august. Det er mogleg å ta studiet på deltid over 3 år (masteroppgåva kan skrivast på deltid). Undervisninga er stort sett på norsk, og litteraturen er på norsk og engelsk.
Studiet er lagt opp slik på fulltid (studieprogrammet er under revisjon, så det kan komme endringar):
1. semester:
HELSAM301 - Introduksjon til helse og samfunn (10 studiepoeng)
HELSAM302 - Forskingsetikk og vitskapsteori (5 studiepoeng)
HELSAM303 - Forskingsmetode (5 studiepoeng)
Obligatorisk fordjupingsemne (10 studiepoeng) og/eller frie studiepoeng. Sjå studieretning for detaljar.
2. semester:
Enten HELSAM304 - Kvalitative forskingsmetodar og -tradisjonar (10 studiepoeng), eller
HELSAM305A - Kvantitative forskingsmetodar og -tradisjonar (5 studiepoeng) og
MEDSTA – Medisinsk statistikk (5 studiepoeng)
Obligatorisk fordjupingsemne og/eller frie studiepoeng. Sjå studieretning for detaljar.
3. og 4. semester:
Arbeid med masteroppgåve. Sjå studieretning for detaljar. Masteroppgåva er på 60 studiepoeng og er lagt til dei to siste semestera/ev. dei fire siste semestera for studentar som tek masteroppgåva på deltid.
Dei tilsette ved studiet bidrar med forslag til tematikk for masteroppgåva med utgangspunkt i forskingsområde der dei har særskild kompetanse. Det er også mogleg å velje tema innan ditt eige fagfelt, så lenge det ligg innafor kva forskingsmiljøet tilknytt programmet kan rettleie i. Du får tildelt rettleiar i overgangen 1. til 2. semester
Deltaking i ei eller fleire av dei fire forskingsgruppene ved Helse og samfunn gir deg moglegheit til å delta i aktive forskingsmiljø, og knyte deg til pågåande forskingsprosjekt. På forskingsgruppemøta vil både ditt eige og andre sine prosjekt vere gjenstand for kritisk diskusjon mellom master-, ph.d.-kandidatar og seniorforskarar.
For studentar som tek masteroppgåva på deltid vil studiet gå over 6 semester.
Studieretningar
Spesialiseringar i denne graden.
Utveksling
Du kan reise på utveksling under arbeidet med masteroppgåva. Som student på studieretninga “Perspektiv på sentrale helseutfordringar” kan du ta dei valfrie emna på sommarskole. Sommarskolen på København Universitet har fleire relevante kurs.
Eit eventuelt forskingsopphald må planleggast tidleg i studieløpet.
Vidare studiemoglegheiter
Om du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak til eit doktorgradsstudium ved UiB eller eit anna universitet.
Spørsmål om studiet?
Telefonen er open på kvardagar frå 12.00-14.00
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.