Studieplan for BAHF-RELV Bachelorprogram i religionsvitskap, vår 2026
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogram i religionsvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.
Namn på grad
Bachelor i religionsvitskap
Fulltid/deltid
Fulltid 3 år/deltid 6 år
Undervisningsspråk
Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Studieprogrammet gir kunnskap om religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald i fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjent med ulike metodar og teoriar som er tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ei dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon. Eit utvekslingsopphald ved eit utanlandsk universitet er ein integrert del av studiet.
Bachelorgraden i religionsvitskap inneheld òg ein breiddekomponent, som betyr at studiet i religionsvitskap blir kombinert med minst eitt anna fagområde. Studentar vel fritt kva breiddekomponenten skal innehalde. Breidde i utdanninga gir studentane innsikt i fagområde utanfor eiga spesialisering. Dette breie faglege grunnlaget fremmar kritisk tenking, kreativitet og fleksibilitet - eigenskapar som er verdifulle både i vidare studium og i arbeidslivet.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid
- har kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion
- har innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan kritisk drøfte religionsvitskaplege problemstillingar
- kan kritisk analysere religionshistoriske kjelder
- kan sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar
- kan sjølvstendig teoretisk tenking
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar
- kan handsame store informasjonsmengder
- kan argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapleg forsking
- kan utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt
- kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er ein føremon.
Innføringsemne
Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og innføringsemnet Les og skriv (10 studiepoeng). Det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. I tillegg er RELV100 - Religion, kultur og samfunn tilrådd i det første semesteret.
Obligatoriske emne
I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i programmet: RELV101, RELV102, RELV103, RELV105, og RELVI250.
Bachelorprogrammet i religionsvitskap har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor religionsfaget. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.
Spesialisering
Det vert kravd til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. RELV101, RELV102, RELV103, og RELV105 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). RELVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Spesialiseringa innheld i tillegg 15 studiepoeng valemne i religionsvitskap.
Etter søknad til instituttet er det mogleg å skifte ut 15 stp valemne med fagleg relevante emne frå andre fag.
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i religionsvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar. Studentane tek normalt eit semester med frie studiepoeng på utveksling ved eit utanlandsk universitet. Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning er det tilrådd at ein tek dei 60 frie studiepoenga i eit undervisningsfag.
30 av dei 60 frie studiepoenga må brukast til å oppfylle kravet om breiddekomponent (sjå under «Obligatoriske emne»).
Rekkefølgje for emne i studiet
Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).
Dei obligatoriske fagemna vert tilbydd slik:
Vår:
RELV101 Kva er religionsvitskap?
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion
RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap
Haust:
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
RELV101 bør tas i det første semesteret i ei spesialisering i religionsvitskap. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng i religionsvitskap.
Delstudium i utlandet
Eit utvekslingsopphald ved eit universitet i utlandet er ein integrert del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet gir både breidde og djupne i læringsutbytet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtalar som programmet vil trekke fram er:
Aarhus Universitet
Syddansk Universitet
University of Bremen
University of Groningen
School of Oriental and African Studies (SOAS)
CY Cergy Paris Université (frie studiepoeng i samfunnsfag, engelskspråkleg tilbod)
Utanlandsopphaldet vert planlagt i god tid på førehand, med hjelp frå studieadministrasjonen. Det blir òg gitt informasjon om utveksling gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida. Sjå www.uib.no/utveksling
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisningsformene får studentane moglegheit til å studere faget på ulike måtar, noko som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Vurderingsformene er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei moglegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet vert éin av to karakterskalaer nytta:
1) A-F der F er stryk
2) greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for vidare studium
Ein bachelorgrad i religionsvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i religionsvitskap.
Relevans for arbeidsliv
Personar med bachelorgrad i religionsvitskap arbeider i mange ulike yrke. Mange arbeider som lærar i ungdomsskulen, i den vidaregåande skulen eller i andre utdanningsinstitusjonar. Andre arbeider i offentleg forvalting, i innvandringsrelatert arbeid, med bistand og nødhjelp, med sakshandsaming, på museum, i reiseliv, i media, i organisasjonsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid. Den internasjonale erfaringa eit utvekslingsopphald gir, vert òg etterspurt av arbeidslivet.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@ahkr.uib.no