Studieplan for MAJUR Femårig masterprogram i rettsvitskap, vår 2025
Omfang og studiepoeng
300 studiepoeng. Normert studietid er fem år.
Namn på grad
Master i rettsvitskap. Graden gir rett til tilsvarande tittel. Vitnemål vert utferda når graden er oppnådd. Det er eit vilkår for tildeling av graden at kandidaten gir følgjande løfte (kandidatløftet):
"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention."
Undervisningsspråk
Norsk. Enkeltemne kan ha undervisning på engelsk eller eit skandinavisk språk.
Studiestart - semester
Kvar haust.
Mål og innhald
Masterprogrammet i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng, valemne på 20 studiepoeng, fordjupingsemne og spesialemne på til saman 30 studiepoeng, Juridiske utgreiingar på 10 studiepoeng og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 20 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 70 studiepoeng.
Oppbygging
Masterprogrammet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell som inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same emna i same rekkjefølgje i løpet av eit studieår. Slik byggjer det eine emnet på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt emne. For å få kursgjennomføringa godkjent og løyve til å gå opp til eksamen, må du som hovudregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vere til stades på samlingar, levere oppgåver, med meir.
I det tredje studieåret kan ein velje emne innanfor ein avgrensa krins av valemne der minst eitt emne må vere på engelsk, eller ein kan dra på utveksling eitt semester.
I det femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. Også i denne perioden har ein høve til studieopphald i utlandet; eitt eller to semester.
Kvart studieår er normert til 60 studiepoeng. Dersom du kjem til studiet med emne du vil ha godkjent i graden, må du rekne med at utdanningsplanen din kan omfatte år med mindre enn 60 studiepoeng.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidatane skal ha god kunnskap om grunnleggande rettsreglar og samanhengar innan alle fagområde som studiet omfattar, og spesialisert kunnskap innan fagområde som blir dekte av spesialemna og masteroppgåva.
Dette inneber også at kandidatane har god kunnskap om:
- det norske rettssystemet si oppbygging og funksjon
- den norske rettskulturen si historie, særeigenheiter og grunnleggande verdiar
- korleis norsk rett vert påverka av EU-retten, EØS-retten, internasjonale menneskerettar og annan folkerett
- juridisk metode, mellom anna korleis juridisk argumentasjon varierer på ulike rettsområde
- mangfaldet av metodar i rettsforsking og hovudlinjer i den rettsteoretiske diskusjonen
- juristar si rolle i samfunnet og etiske utfordringar knytt til yrkesutøvinga
- korleis ny teknologi kan brukast til å automatisere avgjerdsprosessar og bidra til å løyse rettslege problem på nye måtar, men også om rettslege og etiske utfordringar dette kan medføre
- forventningar til akademiske integritet, medrekna akademiske krav til kjeldetilvising og bruk av andre sitt arbeid og korleis verktøy basert på kunstig intelligens kan brukas i tråd med desse forventningane
Ferdigheiter
Kandidatane kan bruke juridisk metode til å identifisere, drøfte og ta standpunkt til rettslege problemstillingar, også komplekse og ustrukturerte problemstillingar utanfor dei rettsområda som er del av studiet. Dette inneber å kunne
- fastsette rettsleg relevant faktum i eit saksforhold, og på grunnlag av dette identifisere og formulere rettslege problemstillingar
- innhente og systematisere rettsleg relevant materiale frå norske, skandinaviske og engelskspråklege kjelder, også ved bruk av digitale verktøy
- vere kjeldekritisk ved å foreta sjølvstendige, kritiske vurderingar av opphavet til og kvaliteten på faktisk så vel som rettsleg informasjon
- foreta ei sjølvstendig, heilskapleg, kritisk og etisk gjennomtenkt analyse for å nå eit fagleg forsvarleg standpunkt om kva som er gjeldande rett
- foreta rettspolitiske og komparative vurderingar av rettsreglane
- løyse nye problem og bidra til rettsleg nytenking
- bruke digitale verktøy, medrekna KI-verktøy, på ein hensiktsmessig og fagleg forsvarleg måte i sitt arbeid med å identifisere, drøfte og ta standpunkt til rettslege problemstillingar
- bruke eigna læringsstrategiar for å tileigne seg kunnskap om retten, på så vel kjende som ukjende rettsområde
Kandidatane kan formidle og evaluere juridiske analyser og standpunkt på ein poengtert, presis og etterretteleg måte både munnleg og skriftleg, på så vel norsk som engelsk, gjennom å
- utarbeide ulike former for sjølvstendige skriftlege arbeid
- diskutere og prosedere ulike rettslege standpunkt
- gi sjølvstendige tilbakemeldingar på andre sitt arbeid og sjølv få og gjere bruk av slike tilbakemeldingar
Generell kompetanse
Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatane generelt anvendeleg kompetanse knytt til å
- systematisere og avvege argumentasjon, rådgje og treffe avgjerder
- identifisere og vurdere etiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt
- tileigne seg ny kunnskap, følge med i rettsutviklinga og løyse nye rettslege spørsmål
- samarbeide med juristar frå andre land, forstå og gjere seg nytte av deira perspektiv på felles rettslege utfordringar og bidra med norske perspektiv
- samarbeide med fagpersonar frå andre disiplinar og på det grunnlag kunne vurdere den rettsleg relevante argumentasjonsverdien av kunnskap som er skapt av andre vitskapar og bidra til tverrfaglege løysingar på komplekse samfunnsproblem
- formidle juridiske analyser til allmenta, skriftleg og munnleg, på norsk og på engelsk
- presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupper av tilhøyrarar
- bidra med rettslege perspektiv i samfunnsdebatten
- planlegge og gjennomføre større prosjekt innan ei gitt tidsramme
- oppfylle forventningar til akademisk integritet, særleg når det gjeld akademiske krav til kjeldetilvisingar og bruk av andre sine arbeid
- arbeide sjølvstendig og i grupper
- reflektere kritisk over, og kunne ta stilling til, dei rettslege og etiske utfordringane knytt til den teknologiske utviklinga, medrekna utvikling av digitale verktøy basert på kunstig intelligens
Opptakskrav
Opptak til studiet skjer via Samordna opptak. Jf. Forskrift om opptak til høyere utdanning. Det er krav om generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studiet er adgangsregulert.
Tilrådde forkunnskapar
Gode norskkunnskapar.
Innføringsemne
Examen philosophicum (10 studiepoeng) inngår i studiet.
Obligatoriske emne
Første studieår til og med studieåret 2024/2025
- JUS100 EXFAC Juridisk metode I (10 sp)
- JUS211 Familie- og arverett (9 sp)
- JUS212 Avtalerett (9 sp)
- JUS213 Erstatningsrett (10 sp)
- JUS214 Tings- og immaterialrett (14 sp)
- JUS215 Juridisk metode (8 sp)
Første studieår frå og med studieåret 2025/2026
- JUS100-1 Innføring i juridisk metode (12 sp)
- JUS212-1 Avtalerett (12 sp)
- JUS213-1 Erstatningsrett (12 sp)
- JUS214-1 Tings- og immaterialrett (16 sp)
- JUS215 Juridisk metode (8 sp)
Andre studieår
- JUS221 Rettsstaten: statsrett, europarett og folkerett (28 sp)
- JUS222 Forvaltningsrett (22 sp)
- Ex.phil. (10 sp)
Tredje studieår
- JUS231 Obligasjonsrett (28 sp)
Enten
JUS232 Rettshistorie og komparativ rett (12 sp)
- Valemne (20sp), til dømes JUS2399 Skatterett, JUS2398 Miljørett eller JUS2397 Barnerett. Det er krav om at minst eitt emne er på englesk. Uttømmande liste over engelske emne finn du her.
Eller
- JUS233 Komparativ rett (2 sp)
- Utveksling, valemne (30 sp)
Fjerde studieår
- JUS345 Strafferett (20 sp)
- JUS346 Rettargang (20 sp)
- JUS347 Allmenn formuerett (20 sp)
Femte studieår
- JUS390 Masteroppgåve (20 sp), JUS391 Juridiske utredninger (10 sp), fordjupingsemne (20 sp) og engelsk spesialemne (10 sp) eller
- JUS397 Forskarline 70 sp etter søknad eller
- JUS390 Masteroppgåve (20 sp), JUS391 Juridiske utredninger (10 sp) og JUS325 Rettshjelp (30 sp)
- Utveksling (30 eller 60 sp)
Tilrådde valemne
Valemne på tredje studieår
I vårsemesteret skal studentane velje 20 studiepoeng valemne. Minst eitt av disse skal ha engelsk (eller eit anna ikkje-skandinavisk språk) som undervisnings- og eksamensspråk. Det er også høve til studieopphald i utlandet. Oversikt over tilgjengelege valemne finst her.
Fordjupingsemne og engelsk spesialemne på femte studieår
I mastergraden i rettsvitskap skal det som hovudregel inngå 20 studiepoeng fordjupingsemne og 10 studiepoeng engelsk spesialemne.
For studentar som etter søknad har fått løyve til å skriva stor masteroppgåve (Forskarline 70 studiepoeng) gjeld eigne reglar.
For studentar som etter søknad har fått løyve til studieopphald i utlandet på 5. studieår gjeld eigne reglar.
Omfang masteroppgåva
I løpet av femte studieår skal studenten levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 20 studiepoeng (masteroppgåve) til individuell vurdering.
Etter søknad kan studenten få løyve til å levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 70 studiepoeng ( forskarline)
Rekkefølgje for emne i studiet
- Emna på første studieår (JUS100, JUS211, JUS212, JUS213, JUS214 og JUS215, eller JUS100-1, JUS212-1, JUS213-1, JUS214-1 og JUS215) må vere greidde før ein begynner på andre studieår.
- Emna på andre studieår (JUS221, JUS222 og ex.phil.) må vere greidde før ein begynner på tredje studieår.
- Emna på tredje studieår (JUS231 og JUS232, samt 20 studiepoeng valemne eller 30 studiepoeng frå utveksling og JUS233) må vere greidde før ein begynner på fjerde studieår.
- Emna på 4. studieår (JUS345, JUS346 og JUS347) må vere greidde før ein begynner på femte studieår.
Fakultetet kan gjere unntak frå dette dersom særlege omsyn finst.
Krav til progresjon i studiet
1. Emna i studiet er obligatoriske om ikkje anna er fastsett i studieplanen. Dei skal takast i den rekkefølgja som er fastsett i studieplanen. Fakultetet kan gjere unntak frå dette i individuelle utdanningsplanar.
2. Ved undervisning og prøving på det enkelte emne blir det lagt til grunn at studentane har kunnskap, ferdigheiter og kompetanse frå tidlegare emne i studiet.
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Du kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår, og/eller i løpet av femte studieår.
Under utvekslingsopphald på tredje studieår tek du valfrie juridiske emne. På femte studieår må emna svare til fordjuping. I nokre tilfelle kan det svare til masteroppgåve. Les meir om utveksling her
Undervisningsmetodar
1. Det skal vedtakast hovudlitteratur ("kjernelitteratur") for kvart emne. Det kan i tillegg vedtakast innførings- og tilleggslitteratur.
2. Hovudlitteraturen skal ha eit omfang på mellom 30 og 60 tekstsider per studiepoeng.
3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).
- Førelesingar blir som hovudregel tilbydd i alle emne.
- Arbeidsgrupper leidd av ein vidarekommen student (arbeidsgruppeleiar) blir haldne i alle emne på dei to første studieåra. Desse gruppene fokuserer på oppgåveløysing og har krav til førebuing og aktiv deltaking.
- Storgrupper blir haldne i dei fleste emne dei tre første studieåra. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
- Seminarundervisning blir tilbydd på fjerde studieår. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
- Undervisningsforma i valemna på tredje studieår, fordypningsemna på femte studieår og i spesialemna på femte studieår varierer. Sjå kvar enkelt emneskildring.
- Rettleiing blir gitt alle studentar som skriv masteroppgåve. Meir detaljert informasjon om rettleiinga finst her.
4. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.
5. Obligatorisk undervisning: i alle obligatoriske emne og i mange val-, fordjupings- og spesialemne er det obligatoriske arbeidskrav. Dette er nærare regulert i fakultetet sine utfyllande regler, og går fram av emneskildringa for kvart emne.
Vurderingsformer
- Vurderingsforma og -tida går fram av emneskildringane.
- Vurdering i obligatoriske emne blir som hovudregel halden kort etter at kurset er avslutta, eventuelt med element av prøving undervegs i kurset.
- Val-, fordjupings- og spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
- Oppgåvene som blir gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå emne plassert tidlegare i studiet.
- Masteroppgåva skal forsvarast munnleg, med unntak av på JUS397.
Karakterskala
Vurderingsuttrykket er A - E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje greidd (Ikke bestått) eller Greidd/Ikkje greidd (Bestått/Ikke bestått). Vurderingsuttrykket for kvart emne går fram av emneskildringa.
Grunnlag for vidare studium
Mastergraden kan gje grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter fullført grad, og dei som nettopp har fullført mastergraden i rettsvitskap ved UiB kan også ta emne på poststudierett.
Relevans for arbeidsliv
Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet, og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.
Medan nokre juristar går inn i næringslivet, for eksempel innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Ein kan også arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar, og andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet.
Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp, og for å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat og føre saker for domstolane, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må i tillegg ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.
Evaluering
Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:
- Alle emna som kan inngå i masterprogrammet i rettsvitskap vert evaluert kvart tredje år. Det nærare innhaldet i evalueringa vil gå fram av emneskildringa. All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i UiB sitt kvalitetssystem for utdanning.
Ekstern evaluering:
- NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning
- Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport
- UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar
Skikkavurdering og autorisasjon
Master i rettsvitskap gir med visse tilleggskrav (kurs og praksis) rett til autorisasjon som advokat, jf. advokatloven § 4. Autorisasjon blir gitt av Advokattilsynet. Den som har mastergrad i rettsvitenskap, kan bruke tittelen jurist.
Programansvarleg
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Studieutvalet er programstyre.
Administrativt ansvarleg
Fakultetsdirektøren v/studieseksjonen ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.