Rettsvitskap (jus, master)
Jus er utdanninga for deg som er opptatt av mennesket i samfunnet, og av rett og rettferd. Med jus får du ei utdanning som kjem til nytte enten du drøymer om å jobbe med menneskerettar, politirett, internasjonal handel, berekraft eller noko heilt anna.
- Varigheit
- 5 år
- Studieplassar
- 374
- Studiepoeng
- 300
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
I løpet av studiet vil du forstå kvifor jus er nødvendig for å løyse alt frå nabotvistar til dei store globale utfordringane vi står overfor. Jus er eit studium der problemstillingane du arbeider med liknar dei du vil møte i den framtidige arbeidskvardagen din.
- Du lærer å tolke og bruke rettsreglane.
- Du lærer ein metode for å løyse konkrete juridiske problemstillingar.
- Du blir i stand til å argumentere og legge fram ei sak på ein god og overtydande måte.
- Du får inngåande kunnskap om det norske rettssystemet, og om korleis norsk rett vert påverka av internasjonal rett.
- Du lærer om korleis ny teknologi kan brukast til å løyse rettslege problem på nye måtar.
Masterstudiet i rettsvitskap er eit femårig fulltidsstudium med oppstart i august. På første, andre, tredje og fjerde studieår har du obligatoriske emne. På tredje og femte studieår vel du også juridiske emne etter eigne interesser.
Studiekvardag
Jusutdanninga i Bergen er kjent for eit svært aktivt studentmiljø og eit godt undervisningsopplegg. Du får tett oppfølging, dyktige undervisarar og kan delta i eit inkluderande studentmiljø. I studentorganisasjonane kan du engasjere deg i alt frå rettshjelp til korsong eller fallskjermhopping.
Studiet er eit fulltidsstudium. Det betyr at du må rekne med å bruke om lag like mykje tid på studia som på ein fulltidsjobb. I tillegg til den obligatoriske undervisninga må du rekne med å bruke ein del tid på lesesalen og på samarbeid med andre studentar.
Undervisninga består mellom anna av forelesingar, oppgåveinnleveringar, gruppeundervisning og sjølvstudium.
Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen. Dette er ein ærverdig og moderne studiestad i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantine.
Kva kan du jobbe som?
Arbeidsmarknaden for juristar frå UiB er svært god. Nær sagt alle med utdanning frå Det juridiske fakultet seier dei er i relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.
Samfunnet treng juristar, og få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som jusutdanninga. Eksempel på nokre av stadene du kan jobbe er:
- offentleg forvalting som Skatteetaten, Utanriksdepartementet eller kommunen
- advokatkontor
- privat næringsliv som bank, skipsfart eller industri
- politiet og Forsvaret
- domstolar som tingretten, lagmannsretten eller Høgsterett
- universitet og høgskular
- internasjonale organisasjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Dersom du har tatt juridiske eksamenar ved andre institusjonar, må du også søke gjennom Samordna opptak. Kjem du inn, kan du søke om å få godskrive tidlegare utdanning.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga er for det meste på norsk, men nokre valemne går på engelsk.
Studiets oppbygging
1. studieår
Obligatoriske emne:
JUS100-1 - Juridisk argumentasjon i rettsstaten (12 studiepoeng)
JUS212-1 - Avtalerett (12 studiepoeng)
JUS213-1 - Skadebot (12 studiepoeng)
JUS214-1 - Tings- og immaterialrett (16 studiepoeng)
JUS215 - Juridisk metode (8 studiepoeng)
2. studieår
Obligatoriske emne:
JUS221 - Rettsstaten (28 studiepoeng)
JUS222 - Forvaltningsrett (22 studiepoeng)
EXPHIL - Examen philosophicum (10 studiepoeng)
3. studieår, haust
Obligatorisk emne:
JUS231 - Obligasjonsrett (28 studiepoeng)
3. studieår, vår
I vårsemesteret på tredje studieår kan du sjølv velje kva for juridiske emne du skal studere, og om du vil studere i utlandet eller i Bergen. Les meir om valmoglegheitene dine her.
Vel mellom:
• JUS232 - Rettshistorie og komparativ rett (12 studiepoeng) pluss
• Valemne (til saman 20 studiepoeng). Det er krav om at minst eitt emne er på engelsk. Sjå oversikt over alle valemna her.
og
• JUS233-1 - Komparativ rett (7 studiepoeng) pluss
• Utveksling, valemne (30 studiepoeng)
4. studieår
Obligatoriske emne:
JUS345 - Strafferett (20 studiepoeng)
JUS346 - Rettargang (20 studiepoeng)
JUS347 - Allmenn formuerett (20 studiepoeng)
5. studieår
Les om valmoglegheitene på 5. studieår her.
Hovudregelen er at femte studieår er bygd opp slik:
• JUS390 Masteroppgåve (20 sp)
• JUS391 Juridiske utredninger (10 sp)
• fordjupingsemne (20 sp) og
• engelsk spesialemne (10 sp)
Eller
JUS397 - Masteroppgåve (forskarlina)
Eller
Master of Laws (LL.M.) i Bergen
Eller
Utveksling (30 sp):
• JUS391 Juridiske utredninger, 10 studiepoeng
• JUS390 Masteroppgave, 20 studiepoeng
• Utveksling – emner på masternivå, 30 studiepoeng
Eller
Utveksling (60 sp):
• Master of Laws (LL.M.)
Utveksling
Å reise på utveksling gir ei fantastisk moglegheit til å lære meir om internasjonal rett og til å få nye perspektiv på norsk rett gjennom å lære om korleis ulike rettsområde er regulert i andre land. Du kan reise på utveksling til meir enn 100 universitet over heile verda.
Les meir om utvekslingsmoglegheitene ved Det juridiske fakultet.
Vidare studiemoglegheiter
Drøymer du om å bli forskar eller å undervise om jus? Da bør du sjå nærmare på forskarutdanning ved Det juridiske fakultet som du kan søke på etter masterstudiet er fullført.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.