Bachelorprosjekt i Nanoteknologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NANO299
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnt er å gje studenten erfaring med vitskapelig arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt med nanovitskapleg innretning. Studentane definerer ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar, gjennomfører arbeidet og presenterer det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve. I kurset vil studentane nyttegjøre seg mellom anna innføringa i biblioteksarbeid og kjeldebruk, HMS-vurderingar og presentasjonsteknikkar tileigna tidlegare i bachelorprogrammet.
Innhald
Emnet går ut på å gjennomfre eit nanovitskapleg prosjekt i ei forskingsgruppe e.l. under fagleg rettleiing. Ein prosjektrapport i vitskapleg stil skal skrivast, og problemstilling og resultat skal presenterast munnleg for andre emnedeltakarar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten kan
- setje seg grundig inn i ein ny nanoteknologisk problemstilling
- arbeide systematisk med ei problemstilling over lengre tid
- kan tileigne seg djupare kunnskapar om eit tema gjennom eigne arbeid
Ferdigheiter
Studenten kan
- finne informasjon om eit gitt tema i vitskapleg litteratur
- strukturere arbeidet i eit sjølvstendig prosjekt
- nytte vitskaplege metodar til å undersøkja ei nanoteknologisk problemstilling
- skrive ein strukturert og fagleg korrekt rapport for eit nanoteknologisk prosjekt
Generell kompetanse
Studenten kan
- ta nødvendige steg for å sikre framdrift av eit prosjekt
- vurdere kvalitet og relevans av eigne resultat
- formidle resultat av eige arbeid skriftleg og munnleg
- delta i faglege diskusjonar rundt eiga arbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Studentar vil dra vekslar på dei generiske ferdigheitane dei har tileigna seg tidlegare i bachelorprogrammet.
Prosjektarbeid (Individuelt eller i grupper på 2-3 studentar) Over ein periode på 6-8 veker utfører studentane prosjektarbeid under rettleiing. Studentans presenterer prosjektrapport munnleg.