Erfaringsbasert master i undervisning med fordjupning i norsk (master)

Dette studiet er for deg som er norsklærar i skolen og som har studert norsk allereie, men som ønsker å bygge på til master og oppnå lektorkompetanse.

Kva lærer du?

På masterstudiet får du teoretisk og erfaringsbasert kunnskap som styrker undervisnings-kompetansen din i norsk i grunnskolen. Studiet er praksisnært, og gir betre ferdigheit og refleksjon rundt det å legge til rette for god læring. Masteroppgåva skal vere fagdidaktisk. 

Du lærer om vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodarog får trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggande forståing av norskfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng. 

Studiet gir deg kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at du kan bidra til å vidareutvikle norskfaget gjennom kritisk refleksjon og samtaler kring fag, undervisning og læring. 

Gjennom arbeidet med masteroppgåva lærer du: 

  • å bli strukturert 
  • at skriving kan utviklast gjennom ein prosess 
  • å fordjupe deg i eit sjølvvalt tema    
  • å ta med erfaringsbasert kunnskap inn i forskinga di  
Studiekvardag

Studiet er samlingsbasert. På samlingane blir du kjent med studentar og kollegaer frå heile landet.  

Studiet baserer seg på forelesingar og seminargrupper, sjølvstudium og skriving av masteroppgåve.  

I dei fem første semestera vil ei vanleg studieveke vere sjølvstudium og arbeid med mindre innleveringsarbeid. Desse semestera tar du òg eksamen i nokre emne. Gjennom masteroppgåva får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor eitt område. Dersom du skal gjere datainnsamling i samband med masteroppgåva, kan du gjere det ved skolen der du jobbar.  

Alle samlingar og arbeidskrav i dei fem første semestera er obligatoriske. Samlingar i dei tre siste semestera, mens du skriv på masteroppgåva, er ikkje obligatoriske.  

Kva kan du jobbe som?

Med denne utdanninga får du lektorkompetanse med fagleg fordjuping i norsk og ei fagdidaktisk masteroppgåve i norskfaget.     

Det er stort behov for lærarar i skulen som har større fagleg fordjuping i dei faga dei underviser i. Arbeid med ei masteroppgåve gir deg dessutan stor sjølvinnsikt i det å arbeide med ei større oppgåve. Denne erfaringa  har overføringsverdi til det å rettleie elevar med større og mindre oppgåver i skolen eller ved andre undervisningsinstitusjonar. 

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søkjarane må ha allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i norsk/ nordisk, eventuelt ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i norsk/nordisk og praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande.

Krav til opptak er vidare minst to års relevant undervisningserfaring frå skulen.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Dette masterstudiet er eit fireårig deltidsstudium som startar i august. Studiet svarar til eit toårig fulltidsstudium.  

Rekkefølge for kurs og masteroppgåve:  

1. semester  

 Litteraturteori og metode for erfaringsbasert master i undervisning (15 studiepoeng)  

2. semester  

Språkkunnskap (15 studiepoeng) 

3. semester 

Norsk fagdidaktikk for master i undervisning (15 studiepoeng) 

4. semester  

Vitskapleg metode og deling av erfaring  (15 studiepoeng) 

 5. semester 

Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling (15 studiepoeng)  

6.-8. semester 

Masteroppgåve  (45 studiepoeng)

Utveksling

Du kan ikkje reise på utveksling på dette studiet. 

Vidare studiemoglegheiter

Etter studiet kan du vere kvalifisert til å søke opptak til ph.d.-programmet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: evu.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Erfaringsbasert master i undervisning med fordypning i norsk