Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Informatikk er vitskapen bak programvarer, frå enkle mobilappar til avanserte IT-system. På studiet lærer du programmering, testing og utvikling av datasystem. Du får trening i praktisk problemløysing og lærer prinsipp, teknikkar og metodar for programutvikling i Phyton, Java og Haskell.
I løpet av utdanninga får du kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast blir brukt for å utvikle avanserte datasystem. Du får erfaring med verktøy og teknikkar som blir brukt i moderne systemutvikling, og kjennskap til informatikken sin relevans for og rolle i samfunnet.
Bachelorstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb.
I løpet av ei vanleg veke på studiet vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Du vil òg bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.
Som utdanna informatikar er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar innanfor mange ulike bransjar. Typiske jobbar er systemutviklar og IT-konsulent.
Du kan jobbe i
I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse og MATRS:
Matematikk R1 eller Matematikk S1 og S2.
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester
Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
Innføring i programmering (10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester
Databasar og modellering (10 studiepoeng)
Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
3. semester
Funksjonell programmering (10 studiepoeng)
Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
Innføring i operativsystem (10 studiepoeng)
4. semester
Programmeringsspråk (10 studiepoeng)
Systemkonstruksjon (10 studiepoeng)
Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
5. semester
Programvaresikkerheit (10 studiepoeng)
Multiprogrammering (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
6. semester
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne i matematikk (10 studiepoeng)
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til eit toårig masterprogram i informatikk eller masterprogram i programvareutvikling ved Institutt for informatikk.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.