Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
På kjønnsstudium utforskar vi spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald. Det lar oss betre forstå både menneska og det samfunnet vi lever i. Samtidig blir arbeid mot diskriminering og for sosial rettferd meir og meir viktig i vår globaliserte samtid.
Tematisk har kjønnsstudiet særleg fokus på samspelet mellom kjønn, seksualitet og mangfald, og ulike maktstrukturar i samfunnet. Vi undersøker også korleis kjønn, seksualitet og mangfald kjem til uttrykk i kunst og kultur. Du lærer å forstå og analysere kjønn, seksualitet og mangfald frå ulike teoretiske perspektiv, så som feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, interseksjonalitet, postkolonial teori og globaliseringsteori.
Døme på spørsmål vi drøftar:
Dette er eit fulltidsstudium og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid. Ei vanleg arbeidsveke inneheld om lag 6 – 14 timar undervisning, fordelt mellom seminargrupper og forelesingar. Forelesingane går i all hovudsak føre seg på norsk, men pensumlitteraturen kan vere på både norsk og engelsk. I undervisninga vert det lagt til rette for at du er aktivt med i diskusjonane. Vi diskuterer dei sentrale teoretiske perspektiva og omgrepa som faget bygger på.
Her møter du folk med ulik fagbakgrunn og mange blir inspirert av å lære av kvarandre og ikkje berre av faglitteraturen.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.
Kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald er etterspurt kompetanse i mange yrke. Aktuelle jobbar er:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Studieløpet kan sjå slik ut:
1. semester
Likestilling og mangfald (15 studiepoeng)
Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng)
2. semester
Kjønn i det moderne (15 studiepoeng)
Eitt av emna:
Kjønn, seksualitet og kultur (15 studiepoeng)
Familien i endring (15 studiepoeng)
Kjønn og litteratur (15 studiepoeng)
Kjønn og seksualitet i ein global kontekst (15 studiepoeng)
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å bytte studieprogram til bachelorprogram i kjønnsstudium. Årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Dersom du allereie har ein bachelorgrad, kan årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald gi eit godt grunnlag for ulike masterprogram i kjønnsstudium.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.