Studieplan for ÅRHF-KJØNN Årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald, høst 2026

Omfang og studiepoeng

60 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk, men mindre anna er spesifisert i emne.

Studiestart - semester

Haust og vår

Mål og innhald

Årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald gir ei brei, tverrfagleg kompetanse i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald i eit historisk og samtidig perspektiv. Dei ulike emna gir rom for å reflektere kritisk og systematisk kring den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv.

Studiet legg vekt på sentrale teoretiske og praktiske problem frå ei rekke empiriske felt. Tema er til dømes likestilling, feminisme, forholdet mellom forskjell og likskap, forholdet mellom natur og kultur, identitet, diskriminering, interseksjonalitet og krysskulturell variasjon. Studentane får forståing av kjønn, seksualitet og mangfald som individuelle, sosiale, historiske, strukturelle og symbolske fenomen. Årsstudiet er retta mot studentar som ønsker ei fordjuping i studiet av kjønn og seksualitet med vekt på mangfald. Det er òg eit tilbod til personar med arbeid i offentleg og privat verksemd der likestilling, kjønn og mangfald er viktige kunnskapsområde.

Læringsutbyte

Ein student som har fullført Årstudium i kjønn, seksualitet og mangfald skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

har ei generell oversikt over dei sentrale problemstillingane og dei viktigaste omgrepa i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald

har brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv.

kjenner til dei viktigaste teoritradisjonane innanfor kjønnsforsking og kan sette dei i global og historisk samanheng

kjenner til hovudtrekka i den moderne tenkinga om kjønn, seksualitet og mangfald si historie og utviklinga av kjønnsstudiar som eige fagfelt

har brei kunnskap om kjønn som analytisk omgrep, og kan sette det i samanheng med seksualitet og mangfald og andre sentrale analytiske omgrep i faget

Ferdigheiter

Studenten

kan reflektere kritisk og systematisk kring sentrale kjønnspolitiske og kjønnsteoretiske problemstillingar

kan nytte kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald til å analysere aktuelle problemstillingar i samfunnet

kan reflektere kritisk kring ulike teoritradisjonar i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald, og over eigen fagleg praksis, samt justere denne under rettleiing

kan sjølv oppdatere kunnskapen sin innan fagfeltet

kan formulere ei sjølvstendig problemstilling og grunngi val av emne og analytisk innfallsvinkel

Generell kompetanse

Studenten

kan formidle ulike måtar å tenkje om kjønn, seksualitet og mangfald på i skriftleg og munneleg form

kan arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Obligatoriske emne

Haust:

KVIK110 Kjønnforskinga sine tenkemåtar med sjølvvald fordjuping (15 sp)

Vår:

KVIK102 Likestilling og mangfald (15 sp)

eller

KVIK112 LIkestilling og mangfald med arbeidslivspraksis (20 sp)

Om du vurderar overgang til bachelorprogrammet tilrår vi KVIK112.

Tilrådde valemne

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng pr semester. Vi tilrår at du tar KVIK110 om hausten og KVIK112/KVIK102 om våren. I tillegg skal du velge eit emne til kvart semester. Nokre emne går berre annakvart år og vil ikkje alltid vere tilgjengeleg. Du må sjekke emnesida for meir informasjon om kvart emne.

Emne på 200-nivå er tilråda studentar som har studert tidlegare.

Første semester (haust)

Vi tilrår at du tar

  • KVIK110 Kjønnsforskning sine tenkemåtar med sjølvvald fordjuping (15 sp)

I tillegg skal du velge eit emne:

  • DIKULT106 Kritiske perspektiv på teknologi og samfunn (15 sp)
  • HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp - blokk)
  • KVIK101 Kjønn i det moderne, med fordjuping i nyare kritisk teori (15 sp) [frå haust 2027]
  • HIK111 SEX: Seksualitetens moderne historie (15 sp - blokk) [frå haust 2027]

Andre semester (vår)

Vi tilrår at du tar

  • KVIK112 Likestilling og mangfald med arbeidslivspraksis (20 sp) eller
    KVIK102 Likestilling og mangfald (15 sp)


I tillegg skal du velge eit emne blant desse:

Rekkefølgje for emne i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng pr semester. Vi tilrår at du tar KVIK110 om hausten og KVIK112/KVIK102 om våren. I tillegg skal du velge eit emne til kvart semester. Nokre emne går berre annakvart år og vil ikkje alltid vere tilgjengeleg. Du må sjekke emnesida for meir informasjon om kvart emne.

Emne på 200-nivå er tilråda studentar som har studert tidlegare.

Første semester (haust)

Vi tilrår at du tar

  • KVIK110 Kjønnsforskning sine tenkemåtar med sjølvvald fordjuping (15 sp)

I tillegg skal du velge eit emne:

  • DIKULT106 Kritiske perspektiv på teknologi og samfunn (15 sp)
  • HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp - blokk)
  • KVIK101 Kjønn i det moderne, med fordjuping i nyare kritisk teori (15 sp) [frå haust 2027]
  • HIK111 SEX: Seksualitetens moderne historie (15 sp - blokk) [frå haust 2027]
  • KVIK101 Kjønn i det mordene, med fordjuping i nyare kritisk teori (15 sp) [frå haust 2027]

Andre semester (vår)

Vi tilrår at du tar

  • KVIK112 Likestilling og mangfald med arbeidslivspraksis (20 sp) eller
    KVIK102 Likestilling og mangfald (15 sp)


I tillegg skal du velge eit emne blant desse:

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudiet kan ikkje ta delar av studiet ved utanlandske universitet.

Arbeids- og undervisningsformer

Årsstudium omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det enkelte emnet.

Vurderingsformer

Gjennom studiet vert studentane prøvde på ulike måtar, til dømes med heimeksamen, skuleeksamen og rettleidd oppgåve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det enkelte emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det enkelte emnet.

Grunnlag for vidare studium

Årsstudiet kan inngå i ein bachelorgrad og kvalifisere til opptak til ulike masterprogram i kjønnsstudium ved andre lærestadar.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er nyttig for deg som ønsker å arbeide med likestilling- og kjønnsproblematikk i offentleg forvaltning, utdannningssektoren, journalistikk og formidling, privat næringsliv, frivillige organisasjonar eller innan bistandsarbeid.

Evaluering

Årsstudiet blir evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Senter for kvinne- og kjønnsforsking har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på årsstudiumet.

Administrativt ansvarleg

Senter for kvinne- og kjønnsforsking har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med senteret på e-post her post@skok.uib.no
Ta kontakt med studierettleiar her studierettleiar@skok.uib.no