Kjønnsstudium (bachelor)

På kjønnsstudium utforskar vi spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald. Studiet lar oss betre forstå både menneska og det samfunnet vi lever i. Samtidig blir arbeid mot diskriminering og for sosial rettferd meir og meir viktig i vår globaliserte samtid.

Kva lærer du?

Kjønnsstudiet undersøker ei rekke tydingar av kjønn i ein global samanheng og du får utfordra oppfatningane og verdiane dine kring kjønn og seksualitet. Du lærer ulike teoretiske perspektiv som til dømes feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori og globalisering. Studiet vil òg  hjelpe deg å utvikle gode evner til å samarbeide med ulike menneske.

Du vil få:

  • brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv
  • ta i bruk kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald til å analysere aktuelle problemstillingar i samfunnet
  • arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form

På bachelorprogrammet spesialiserer du deg både i kjønnsstudium og eit anna fagfelt. Du får derfor ein nyttig dobbelkompetanse.

Studiekvardag

Som bachelorstudent i kjønnsstudium får du moglegheit til å ta del i eit svært engasjert miljø der du får møte mange folk med ulik fagleg bakgrunn.

Dette er eit fulltidsstudium og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid, aleine eller med medstudentar. Ei vanleg arbeidsveke inneheld om lag 6 – 14 timar undervisning, fordelt mellom seminargrupper og forelesingar. Forelesingane går i all hovudsak føre seg på norsk, men pensumlitteraturen kan vere på  både norsk og engelsk. I undervisninga vert det lagt vekt på at du deltar aktivt i diskusjonane. Diskusjonen vil vere sentrert rundt dei sentrale teoretiske perspektiva og omgrepa som faget bygger på.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden  midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. 

Kva kan du jobbe som?

Kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald, mellom anna på områda diskriminering, likestilling, inkludering og sosial rettferd er stadig meir etterspurt i arbeidslivet.  

Kjønnsstudium gir god breiddekunnskap, samt spesialkunnskap som i aukande grad vert etterspurt i utdanningssektoren, personaladministrasjon, media, arbeids- og inkluderingsfeltet, offentleg forvaltning, næringsliv, kunst og kultur og ideelle organisasjonar.  

Du kan til dømes arbeide med:   

  • kommunikasjon   
  • forsking  
  • undervisning  
  • administrasjon   
  • rådgjeving 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester  

Kjønnsforskinga sine tenkemåtar (10 studiepoeng)  

Examen philosophicum – seminarmodell (10 studiepoeng)   

Akademisk skriving (10 studiepoeng) eller Språkkunnskap (10 studiepoeng).

2. semester  

Kjønn i det moderne (15 studiepoeng)  

Eitt av følgande emne:  

Familien i endring (15 studiepoeng)  

Kjønn, seksualitet, kultur (15 studiepoeng)   

Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng) 

3. semester  

To av følgande emne:

Likestilling og mangfald (15 studiepoeng) 

Nyare teoriar om kjønn og seksualitet (15 studiepoeng)

Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling (15 studiepoeng)

4. semester  

Spesialisering. Vel fagområde: litteraturvitskapengelskfilosofihistoriekulturvitskapnordisk språk og litteratursosialantropologi eller sosiologi (30 studiepoeng). 

5. semester 

Spesialisering innan same fagområde (30 studiepoeng)

6. semester  

Spesialisering innan same fagområde (30 studiepoeng)

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har avtalar med mange universitet verda over. Land som er særleg aktuelle for deg som studerer kjønnsstudium, er Sverige og Danmark. Det er også mogleg med digital utveksling til institusjonar i USA og Brasil. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter ferdig bachelorgrad er du kvalifisert for masterprogram. Universitetet i Bergen tilbyr masterprogram i fordjupingsområda allmenn litteratur, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, nordisk språk og litteratur, sosialantropologi og sosiologi. I tillegg kan graden kvalifisere for Master i Global utvikling – teori og praksis ved UiB. Masterprogram i kjønnsstudium finn du på NTNU og UiO.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@skok.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i kjønnsstudier