Studieplan for BAHF-KJØNN Bachelorprogram i kjønn, seksualitet og mangfald, høst 2026
Omfang og studiepoeng
180 studiepoeng.
Namn på grad
Bachelor i kjønn, seksualitet og mangfald
Fulltid/deltid
Fulltid.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.
Studiestart - semester
Haust.
Mål og innhald
Målet for studiet er å gi brei og tverrfagleg kompetanse i spørsmål om kjønn, seksualitet og mangfald. Studiet tek føre seg både historiske og samtidige tydingar av kroppsleggjort forskjell. Innanfor dei ulike emna vil det vere rom for å reflektere systematisk kring kjønn, seksualitet og mangfald i høve til kultur, filosofi, samfunn, relasjonar, språk og litteratur.
Innhaldet i studieprogrammet vil elles vere avhengig av kva for spesialisering studenten vel.
Det er åtte moglege spesialiseringar:
a) allmenn litteraturvitskap er eit samanliknande litteraturstudium som tek føre seg litteratur frå heile verda, frå antikken og fram til i dag. Faget les litteraturen ut frå ulike perspektiv.
b) engelsk er studium av engelsk språk, amerikansk og britisk litteratur og kultur
c) filosofi er studium av filosofihistorie, vitskapsfilosofi og ulike filosofiske emne.
d) historie er studium av menneske, kultur og samfunnstilhøve i historisk perspektiv, frå antikken og fram til i dag
e) kulturvitskap er studium som forstår menneske som kulturberande og kulturskapande vesen, med utgangspunkt i kvardagsliv, forteljing, gjenstandar og kultur.
f) nordisk språk og litteratur er studium av nordiske språk med vekt på norsk og nordisk litteratur frå norrøn tid og fram til i dag.
g) sosialantropologi er det samanliknande studiet av kultur og samfunn. Det er vitskapen om det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette mangfaldet.
h) sosiologi er studium av relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten
- har ei generell oversikt over dei sentrale problemstillingane i faget
- har brei kunnskap om idear om kjønn, seksualitet og mangfald sett frå ulike teoretiske perspektiv, som til dømes feministisk teori, skeiv teori og postkolonial teori
- kjenner til dei viktigaste teoritradisjonane innanfor studiet av kjønn, seksualitet og mangfald, og kan setje dei i global og historisk samanheng
- kan sjølv oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet
- kjenner til hovudtrekka i den moderne kjønnstenkinga si historie og utviklinga av kjønns-, seksualitet-, og mangfaldsstudiar som eige fagfelt
- har brei kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfold som analytiske omgrep, og kan setje dei i samanheng med andre sentrale analytiske omgrep i faget, som til dømes interseksjonalitet
Ferdigheiter:
Kandidaten
- kan reflektere kritisk og analytisk kring sentrale politiske og teoretiske problemstillingar om kjønn, seksualitet og mangfald.
- kan nytte forskjellsteoretiske omgrep til å analysere problemstillingar innanfor spesialiseringa si og til å belyse aktuelle problemstillingar i samfunnet elles
- kan reflektere kritisk kring ulike teoritradisjonar i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald, og over eigen fagleg praksis, samt justera denne under rettleiing
- kan formulere ei sjølvstendig problemstilling og grunngje val av emne og analytisk innfallsvinkel
Generell kompetanse:
Kandidaten
- kan formidle ulike måtar å tenkje om kjønn, seksualitet og mangfald på i skriftleg og munneleg form
- kan arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form
- kan drøfte teoretiske problemstillingar med andre, og slik bidra til utvikling av god praksis innanfor faget
- kjenner til etiske retningsliner for akademisk arbeid
- kan nytte sin kombinasjon av obligatoriske emne, fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Innføringsemne
Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng), og KVIK100 Kjønnforskinga sine tenkemåtar (10 studiepoeng). Det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret.
Tilrådd første semester:
Ex.phil (10 studiepoeng)
Les og skriv (10 studiepoeng)
KVIK100 (10 studiepoeng)
Obligatoriske emne
Obligatoriske emne:
- Ex.phil (10 sp)
- LES100 Les og skriv (10 sp)
- KVIK100 Kjønnforskinga sine tenkemåtar (10 sp)
- KVIK101 Kjønn i det moderne med fordjuping i kritisk teori (15 sp)
- KVIK112 Likestilling og mangfald med arbeidslivspraksis (20 sp)
- DIKULT106 Kritiske perspektiver på teknologi og samfunn (15 sp)
Eit av emna: KVIK113 Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling (10 sp), SOS137 Migrasjon og ulikhet i mangfoldige samfunn (10 sp) eller SANT106 Sosialt liv i globalt perspektiv (10 sp)
I 4.-6. semester tar studentane ulike spesialiseringar. Det er ulike obligatoriske emne på dei ulike spesialiseringane. For meir info; sjå “Spesialisering” og “Rekkefølgje for emne i studiet”.
Blei du tatt opp på bachelorprogrammet før hausten 2026? Sjå oppbygging av studieplanen din her [lenke].
Spesialisering
Studentane kan velje mellom åtte ulike spesialiseringar på kvar sine 90 studiepoeng (tre semester fulltidsstudium):
- allmenn litteraturvitskap
- engelsk
- filosofi
- historie
- kulturvitskap
- nordisk språk og litteratur
- sosialantropologi
- sosiologi
Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er som hovudregel sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve). Oppgåva skal ha eit kjønns- og/eller seksualitetsperspektiv. SKOK tilbyr oppfølging for studentar som skriv bacheloroppgåve for å sikre at dei får rettleiing på kjønns-/seksualitetsperspektivet i oppgåva.
Relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa og/eller programemna.
Det er mogleg å reise på utveksling i alle spesialiseringane.
Spesialisering i allmenn litteraturvitskap
Obligatoriske emne:
ALLV111 Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse
ALLV112 Allmenn litteraturvitskap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysingstida/romantikken
ALLV113 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til i dag
ALLV114 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteraturteori
NORALLV
ALLV250Litteraturvitskapleg bacheloroppgåve
Spesialisering i engelsk
Obligatoriske emne:
EX.PHIL. Examen philosophicum
Innføringsemne: LES100 Les og skriv
ENG100 Introduksjon til engelskstudiet
ENG110 Lydar og strukturar
ENG125 Britisk litteratur og kultur
ENG120 System og variasjon
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur
AMER200 Amerika
Studentar vel i tillegg to av følgande emne; eit emne må vere bacheloroppgåve. Når KVIK223 er eit tilbod, tilrår vi KVIK223.
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie
ENG261 Bacheloroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk
ENG263 Bacheloroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk
ENG222 Engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur I
ENG262 Bacheloroppgåve i engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur I
ENG224 Engelskspråkleg (britisk eller kolonial/postkolonial) litteratur og kultur II
ENG264 Bacheloroppgåve i engelskspråkleg (britisk eller kolonial/postkolonial) litteratur og kultur II
KVIK223 Litteratur, kultur, kjønn
Spesialisering filosofi
Obligatoriske emne:
FPØ110 - Samfunn, fridom og rettferd
FIL120 Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida
FIL121 Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet
FIL134 - Kunnskap og språk
FIL239 Ope emne med tema “Filosofi og kjønn” som går i kvart vårsemester i oddetalsår
FIL252 Bacheloroppgåve i filosofi
LOG110 Introduksjon til formallogikk
LOG112 Introduksjon til filosofisk logikk
Eitt av desse emna:
FIL130 - Moral og det gode liv
FIL135 - Vitskap og verkelegheit
Eitt valemne:
LOG111 Deduksjon og metalogikk
FIL217 Wittgensteinstudier
FIL218 Estetikk
FIL219 Vitskapsfilosofi
FIL220 Metafysikk
FIL228 Moralfilosofi
FIL233 Filosofien i antikken
FIL235 Sinnsfilosofi
FIL236 Miljøetikk
FIL241 Rettsfilosofi
FIL245 Språkfilosofi
FIL246 Kontinental filosofi
FIL247 Epistemologi
FIL248Methods of Analysis in Social Sciences
FIL249Politisk filosofi
Utveksling
Spesialisering historie
Obligatoriske emne
HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750
HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750
HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder
HIS250 Bacheloroppgåve i historie
Vel to emne:
EUR103 Europa etter 1945: Transformations in European Economies and Societies
HIM101 Midtaustens historie
HIM104 Islam i Afrika sør for Sahara, c. 1500-2000
HIM105 Fordjuping i Midtaustens historie
HIS108 Kvinne- og kjønnshistorie (tilrådd)
HIS113 Fordjuping i eldre historie
HIS114 Fordjuping i eldre historie
HIS115 Fordjuping i nyare historie
HIS116 Fordjuping i nyare historie
Utveksling
Spesialisering kulturvitskap
Obligatoriske emne:
KUVI101 Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda
KUVI104 Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter
KUVI105 Tinga og vi. Materialitet og meining
KUVI250 Bacheloroppgåve i kulturvitskap
Vel eitt av emna:
KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur (tilrådd)
KUVI108 Museologi
Vel eitt av emna:
HIK111 SEX: Seksualitetens moderne kulturhistorie (15 sp) (tilrådd)
KARV109 Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda (10 sp) og KARV110 (5 sp) eller
MILHUM202 Tema i miljøhumaniora (10 studiepoeng) og MILHUM203 (5 sp)
Spesialisering i nordisk språk og litteratur
Obligatoriske emne:
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900
NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen
NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål
NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina
NOSP104 Nordisk: Språksystem og språkbruk
Eitt av emna:
NORALLV
ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk
Eitt av emna:
NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori
NOSP256 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve
Utveksling
Spesialisering i sosialantropologi
Obligatoriske emne:
SANT106 – Slektskap, kjønn og sosialt liv
SANT107 – Materialitet: miljø, stad og økonomi
SANT108 – Etnografi i praksis
SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon
SANT105 Politikk, makt og motstand
SANT215 Komparativ regional etnografi
SANT260 Bacheloroppgåve
Utveksling
Spesialisering i sosiologi
Obligatoriske emne:
MET103 Kvalitative metodar
MET104 Kvantitative metodar
SOS121 Klassiske sosiologiske teoriar
SOS122 Nyare sosiologiske teoriar
SOS123 Det norske samfunn i endring
SOS203 Sosiologisk forsking: Teori og metode
SOS204 Bacheloroppgåve i sosiologi
Vel to emne (20 sp):
SOS132 Å forklare sosial handling
SOS133 Velferd og ulikhet
SOS134 Digital Sociology
SOS135 Global cities
SOS136 Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet
SOS137 Migrasjon og ulikhet i mangfoldige samfunn (tilrådd)
SOS138 Diversity and organization in universites
SOS139 Youth Sociology:Theories and Debates
Utveksling
Tilbodet av valemne varierer frå semester til semester. Ikkje alle emne vert tilbydde kvart år, og nokre vert berre tilbydde i haustsemesteret - og andre om våren.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i kjønn, seksualitet og mangfald har ikkje frie studiepoeng, men ein kan velje blant nokre av programemna. Nokre av spesialiseringane opnar for valemne innan spesialiseringa.
Vi tilrår KVIK201 "Nyare teoriar om kjønn og seksualitet" for studentar som skal spesialisere seg i allmenn litteraturvitskap.
KVIK203 “Litteratur, kjønn og kultur” er eit fagleg samarbeid mellom allmenn litteraturvitskap, nordisk og engelsk. Dei tre fagmiljøa bytter på å ha emneansvar. Vi tilrår dette emnet når mogleg for spesialisering i dei ulike faga.
FIL231 [FIL239] er eit ope emne som med jamne mellomrom har tema “Filosofi og kjønn”. Dette emnet tilrår vi for dei som skal ta spesialisering i filosofi.
Du kan reise på utveksling 3. semester om du finn relevante kjønnsemne. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har avtalar med mange universitet verda over. Land som er særleg aktuelle for deg som studerer kjønnsstudium, er Sverige, Danmark og Finland. Det er også mogleg med digital utveksling med institusjonar i USA og Brasil.
Sjå anbefalte utvekslingsavtalar
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd progresjon
Studieløpet for studentar på bachelor i kjønn, seksualitet og mangfald ser vanlegvis slik ut.
(Denne progeresjonen gjeld kull som startar opp frå og med haust 2026. Om du starta på bacheloren før 2026 vil andre emne kunne gjelde).
1. semester (haust)
- Examen philsoficum (10 sp)
- LES100 - Les og skriv (10 sp)
- KVIK100 - Kjønnsforskinga sine tenkemåtar (10 sp)
2. semester (vår)
- KVIK112 Likestilling og mangfald med arbeidslivspraksis (20 sp)
Vel ein:
- KVIK113 Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling (10 sp) eller
- SANT106 Sosialt liv i globalt perspektiv (10 sp) eller
- SOS137 Migrasjon og ulikhet i mangfoldige samfunn (10 sp)
3. semester (haust)
- KVIK101 Kjønn i det moderne, med fordjuping i kritisk teori (15 sp)
- DIKULT106 Kritiske perspektiv på teknologi og samfunn (15 sp)
eller utveksling.
4.- 6. semester (spesialiseringane)
Spesialisering allmenn litteraturvitskap
4. semester
ALLV111 Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 sp, obligatorisk)
ALLV112 Allmenn litteraturvitskap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysingstida/romantikken (15 sp, obligatorisk)
5. semester
ALLV113 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til i dag (15 sp, obligatorisk)
ALLV114 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteraturteori (15 sp, obligatorisk)
6. semester
NORALLV (15 sp, obligatorisk)
ALLV250 Litteraturvitskapleg bacheloroppgåve (15 sp, obligatorisk)
Utveksling er mogleg.
Spesialisering engelsk
4. semester
ENG110 Lydar og strukturar (15 sp, obligatorisk)
ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 sp, obligatorisk)
5. semester
ENG120 System og variasjon (15 sp, obligatorisk)
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 sp, obligatorisk)
6. semester
AMER200 Amerika (10 sp, obligatorisk)
Studentar vel i tillegg to av følgande emne; eit emne må vere bacheloroppgåve. Når KVIK223 er eit tilbod, tilrår vi KVIK223.
ENG221 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10 sp)
ENG261 Bacheloroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie (10 sp)
ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10 sp)
ENG263 Bacheloroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10 sp)
ENG222 Engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur I (10 sp)
ENG262 Bacheloroppgåve i engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur I (10 sp)
ENG224 Engelskspråkleg (britisk eller kolonial/postkolonial) litteratur og kultur II (10 sp)
ENG264 Bacheloroppgåve i engelskspråkleg (britisk eller kolonial/postkolonial) litteratur og kultur II (10 sp)
KVIK223 Litteratur, kultur, kjønn (10 sp - tilrådd)
Spesialisering filosofi
4. semester
FIL120 Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida (10 sp, obligatorisk)
FIL134 Kunnskap og språk (10 sp, obligatorisk)
LOG110 Introduksjon til formallogikk (5 sp, obligatorisk)
LOG112 Introduksjon til filosofisk logikk (5 sp, obligatorisk)
5. semester
FIL121 Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet (10 sp, obligatorisk)
FPØ110 - Samfunn, fridom og rettferd (10 sp, obligtaorisk)
Vel ein:
6. semester
FIL252 Bacheloroppgåve i filosofi (10 sp, obligatorisk)
FIL239 “Filosofi og kjønn” som går i kvart vårsemester i oddetalsår (10 sp, tilrådd når mogleg)
To valemne i filosofi på 100/200-nivå (10 sp)
Vel to valemne:
LOG111 Deduksjon og metalogikk
FIL217 Wittgensteinstudier
FIL218 Estetikk
FIL219 Vitskapsfilosofi
FIL220 Metafysikk
FIL228 Moralfilosofi
FIL233 Filosofien i antikken
FIL235 Sinnsfilosofi
FIL236 Miljøetikk
FIL241 Rettsfilosofi
FIL245 Språkfilosofi
FIL246 Kontinental filosofi
FIL247 Epistemologi
FIL248Methods of Analysis in Social Sciences
FIL249Politisk filosofi
Utveksling er mogleg.
Spesialisering historie
4. semester
HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 (15 sp, obligatorisk)
HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 (15 sp, obligatorisk)
5. semester
Vel to emne, totalt 30 sp
HIS108 Kvinne- og kjønnshistorie (tilrådd)
HIM101 Midtaustens historie
HIM104 Islam i Afrika sør for Sahara, c. 1500-2000
HIM105 Fordjuping i Midtaustens historie
HIS113 Fordjuping i eldre historie
HIS114 Fordjuping i eldre historie
HIS115 Fordjuping i nyare historie
HIS116 Fordjuping i nyare historie
HIK111 SEX: Seksualitetens moderne kulturhistorie (frå haust 2027) (tilrådd)
Utveksling
6. semester
HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 sp, obligatorisk)
HIS250 Bacheloroppgåve i historie (15 sp, obligatorisk)
Utveksling er mogleg.
Spesialisering kulturvitskap
4. semester
KUVI101 Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda (15 sp, obligatorisk)
KUVI105 Tinga og vi. Materialitet og meining (15 sp, obligatorisk)
5. semester
KUVI104 Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter (15 sp, obligatorisk)
Eit valemne
HIK111 – SEX: Seksualitetens moderne kulturhistorie (15 sp) (tilrådd)
KARV109 – Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda (10 sp) og KARV110 (5 sp) eller
MILHUM202 – Tema i miljøhumaniora (10 studiepoeng) og MILHUM203 (5 sp)
6. semester
KUVI250 Bacheloroppgåve i kulturvitskap (15 sp, obligatorisk)
Eit valemne
KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur (tilrådd) (15 sp)
KUVI108 Museologi (15 sp)
Utveksling er mogleg.
Spesialisering nordisk språk og litteratur
4. semester
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900(15 sp, obligatorisk)
NOSP104 Nordisk: Nordisk: Språksystem og språkbruk (15 sp, obligatorisk)
5. semester
NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 sp, obligatorisk)
NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 sp, obligatorisk)
NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 sp, obligatorisk)
6. semester
Eitt av emna (obligatorisk)
NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori (15 sp)
NOSP256 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve (15 sp)
Eitt av emna:
NORALLV (15 sp)
ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk (15 sp)
Utveksling er mogleg.
Spesialisering i sosialantropologi
4. semester
SANT106 – Sosialt liv i globalt perspektiv (10 sp, obligatorisk)
SANT107 – Materialitet: miljø, stad og økonomi (10 sp, obligatorisk)
SANT108 – Etnografi i praksis (10 sp, obligatorisk)
5. semester
SANT104 – Kultur, meining og kommunikasjon (15 sp, obligatorisk)
SANT105 – Politikk, makt og motstand (15 sp, obligatorisk)
6. semester
SANT215 – Komparativ regional etnografi (15 sp, obligatorisk)
SANT260 – Bacheloroppgåve (15 sp, obligatorisk)
Utveksling er mogleg og tilrådd.
Spesialisering i sosiologi
4. semester
SOS121 – Klassiske sosiologiske teoriar (10 sp, obligatorisk)
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 sp, obligatorisk)
Eit valemne i sosiologi (10 sp)
5. semester
SOS122 – Nyare sosiologisk teori (10 sp, obligatorisk)
SOS123 – Det norske samfunn i endring (10 sp, obligatorisk)
MET104 – Kvantitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 sp, obligatorisk)
6. semester
SOS203 – Sosiologisk forsking: teori og metode (10 sp, obligatorisk)
SOS204 - Bacheloroppgåve i sosiologi (10 sp, obligatorisk)
Eit valemne i sosiologi (10 sp)
Vel to emne (totalt 20 sp):
SOS132 Å forklare sosial handling
SOS133 Velferd og ulikhet
SOS134 Digital Sociology
SOS135 Global cities
SOS136 Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet
SOS137 Migrasjon og ulikhet i mangfoldige samfunn (tilrådd)
SOS138 Diversity and organization in universites
SOS139 Youth Sociology:Theories and Debates
Utveksling er mogleg.
Delstudium i utlandet
UiB har utvekslingsavtalar med mange institusjonar i utlandet som har eit godt fagmiljø innan kjønnsforsking. Det er mogleg å reise på utveksling 3. semester, som erstatning for dei kjønnsemna som står i studieplanen. Dette tyder at ein må finne emne innan kjønnsstudium. Valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.
Land som er særleg aktuelle for deg som studerer kjønnsstudium, er Sverige, Danmark og Finland, men ein kan òg reise andre plassar, til dømes Tsjekkia eller Belgia.
Sjå anbefalte utvekslingsavtalar
Det er òg mogleg å reise på utveksling som ein del av spesialiseringa si, til dømes i 4. eller 5. semester.
Arbeids- og undervisningsformer
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det enkelte emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved heimeeksamen, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for vidare studium
Programmet kvalifiserer for opptak til mastergradsstudium i det faget studenten har spesialisering i.
Merk at med spesialisering i kjønnsstudier, finst det ikkje eiget masterprogram i kjønnsstudier ved UiB, men ein kvalifiserer til å søke på relevante, tverrfaglege masterprogram i Noreg eller i utlandet. Vend deg til dei ulike institusjonane for meir informasjon eller ta eventuelt kontakt med studierettleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (studierettleiar@skok.uib.no).
Relevans for arbeidsliv
Bachelorprogrammet i kjønnsstudium gir både allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar, og spesialkunnskap innan sitt felt.
Programmet gjer studentane godt kvalifiserte til å handtere store informasjonsmengder. Dei blir flinke til å setje seg inn i nye problemfelt, og til å sjå og analysere saker frå fleire sider. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, til dømes i undervisning, forvalting og ulike former for formidlings- og informasjonsarbeid.
Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Bachelorprogrammet i kjønnsstudium har eiget programstyre, med medlemmar frå samarbeidsinstitutta.
Administrativt ansvarleg
Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK).
Kontaktinformasjon
E-post: post@skok.uib.no