Kjønn, seksualitet og mangfald (bachelor)

På dette bachelorprogrammet utforskar vi spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald. Desse spørsmåla er avgjerande for å kunne forstå menneska, kulturen og det samheldet vi lever i, både notidig og historisk, og er eit viktig utgangspunkt for å tenke kritisk omkring endring og sosial rettferd

Kva lærer du?

Studiet er tverrfagleg og undersøker ei rekke tydingar av kjønn, seksualitet og mangfald, både lokalt og globalt. Du lærer å sjå kjønn, seksualitet og mangfald frå ulike perspektiv og i høve til ulike maktdimensjonar, og du les tekstar frå mange ulike kulturelle og filosofiske tradisjonar. Studiet legg vekt på diskusjon, sjølvstendig refleksjon og kritisk tenking, samt internasjonalt samarbeid og praksis i arbeidslivet.

Du vil få:

  • brei kunnskap om dei samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydingane av kjønn, seksualitet og mangfald, og om kordan dei endrar seg historisk
  • ta i bruk omgrep knytt til kjønn, seksualitet og mangfald til å analysere historiske og kulturelle fenomen, samt aktuelle problemstillingar i samfunnet
  • arbeide sjølvstendig og få øving med ulike presentasjonsformer

Du spesialiserer deg både i kjønnsstudium og i eit anna fagfelt, og får derfor ein nyttig dobbelkompetanse.

Studiekvardag

Som student hos oss blir du del av eit engasjert og tverrfagleg fagmiljø. Studiet er eit fulltidsstudium og krev sjølvstendig arbeid, aleine og saman med medstudentar. Ei vanleg veke har 6 – 14 timar undervisning, seminar og forelesingar, hovudsakleg på norsk, med tekstar både på norsk og engelsk. Det er forventa aktiv deltaking gjennom diskusjonar, gruppearbeid og mindre innleveringar, med vekt på teoretiske perspektiv, omgrep og sjølvstendig refleksjon. Du får òg høve til å møte yrkeslivet i praksis og jobbe kreativt med faglege spørsmål saman med internasjonale studentar.

Undervisninga går føre seg på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum, med tilgang til lesesalar, bibliotek, treningssenter og sosiale møteplassar. På Senteret for kvinne- og kjønnsforsking kan du lese saman med andre studentar, ete lunsj og delta på aktivitetar i regi av fagutvalet.

Fagutvalgintervju 

Innsbruck

Kva kan du jobbe som?

Kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald, mellom anna på områda diskriminering, likestilling, inkludering og sosial rettferd, er stadig meir etterspurt i både i arbeidslivet og i samfunnet elles.

Studieprogrammet gir god breiddekunnskap, samt spesialkunnskap som i aukande grad vert etterspurt i utdanningssektoren, personaladministrasjon, media, arbeids- og inkluderingsfeltet, offentleg forvaltning, næringsliv, kunst og kultur og ideelle organisasjonar.

Du kan til dømes arbeide med:

  • kommunikasjon
  • forsking
  • undervisning
  • administrasjon
  • rådgjeving 

Les intervju med tidlegare studentar

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester  

KVIK100 - Kjønnsforskinga sine tenkemåtar (10 studiepoeng)  

EXPHIL-HFSEM - Examen philosophicum – seminarmodell (10 studiepoeng)   

LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng)

2. semester  

KVIK112 - Likestilling og mangfald med praksis (20 studiepoeng) 

KVIK113 - Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling (10 studiepoeng)

3. semester  

KVIK101 - Kjønn i det moderne (15 studiepoeng) 

DIKULT106 - Kritiske perspektiv på teknologi og samfunn (15 studiepoeng)

4. semester  

Spesialisering. Vel fagområde: litteraturvitskapengelskfilosofihistoriekulturvitskapnordisk språk og litteratursosialantropologi eller sosiologi (30 studiepoeng). 

5. semester 

Spesialisering innan same fagområde (30 studiepoeng)

6. semester  

Spesialisering innan same fagområde (30 studiepoeng)

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har avtalar med mange universitet verda over. Land og avtaler som er særleg aktuelle for deg som studerer kjønnsstudium, er Sverige, Danmark, Finland, Tsjekkia og Canada. 

Sjå utvekslingsavtalar

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelor kan du søke master ved UiB i fagområdet du har spesialisert deg i. Vi tilbyr allmenn litteratur, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, nordisk, sosialantropologi og sosiologi.  Graden kan også kvalifisere for master i Global utvikling og Bærekraft (Globale samfunnsutfordringar). Master i kjønnsstudium finnes ved NTNU og UiO.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@skok.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i kjønn, seksualitet og mangfald