Klinisk ernæring (master)
Behovet for kliniske ernæringsfysiologar aukar i takt med livsstilssjukdomar, eldrebølgja og dermed mange komplekse sjukdomsutfordringar. Bachelor i ernæring frå UiB kombinert med master i klinisk ernæring frå UiB kvalifiserer til autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog, ein verna tittel!
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 20
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Programmet byggjer vidare på kunnskapen du har tileigna deg frå bachelorprogrammet i ernæring ved UiB. Studiet gir klinisk kompetanse og autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. Du lærer om ernæringsbehandling av vaksne og barn ved alle sjukdomsgrupper, og du har fleire veker praksis på sjukehus fordelt på ulike praksisperiodar. Kliniske ernæringsfysiologar som arbeider ved Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sjukehus er sentrale i den kliniske undervisninga. Du skal òg skrive ei masteroppgåve i til saman eitt heilt år.
Du lærer mellom anna:
- diagnostisering og behandling av underernæring ved sjukdom
- vurdering av ernæringsbehov ved ulike sjukdomar
- medisinsk ernæringsbehandling av sjukdomar hos vaksne og barn
- pasientkommunikasjon
- yrkesetikk
Studiekvardag
Du kan sjå fram til ein variert studiekvardag med både praktisk og teoretisk undervisning. Ernæringsstudiet har eit godt studiemiljø med tett samarbeid mellom deg som student og dei ulike undervisarane.
I løpet av dei to åra med master vil du veksle mellom forelesingar, arbeid med pasientkasuistikkar og klinisk praksis på sjukehus – både i Bergen og ved andre sjukehus på Vestlandet. Når du skriv masteroppgåve, vil du ofte vere knytt til ei forskingsgruppe eller eit forskingsprosjekt.
Ernæringsstudentane sitt fagutval (NUTRI) er ei fagleg og sosial foreining for alle som studerer ernæring ved UiB. Fagutvalet har ansvar for ulike arrangement gjennom studieåret (til dømes julebord, fagdagar m.m.). I tillegg er fagutvalet eit viktig bindeledd mellom studentane og studieleiinga ved fakultetet.
Kva kan du jobbe som?
Med ein master i klinisk ernæring og autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog har du mange jobbmoglegheiter. Du kan for eksempel arbeide:
- med pasientar på sjukehus, både inneliggjande og poliklinisk
- i kommunehelsetenesta med pasientar, prosjektarbeid eller med å implementere og ha ansvar for det overordna ernæringsarbeidet i kommunen
- i Helsedirektoratet eller annan helseforvaltning
- i næringsmiddelindustrien eller opplysningskontor med produktutvikling og informasjonsarbeid
- med idrettsernæring (f.eks. Olympiatoppen)
- som sjølvstendig næringsdrivande ved privat helseklinikk eller digitalt
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
- dei generelle opptakskrava for master på UiB
- dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Ver merksam på at studentar må ha norsk pass, norsk ID-kort eller tilsvarande utanlandske ID-papir/pass som er godkjende av norske styresmakter, i tillegg til Bank-ID, for å bruke datasystema til helsetenestene i praksisutplassering i dette studiet. Utan gyldig Bank-ID eller tilsvarande identifikasjonsløysing med høgaste tryggleiksnivå (ekstern lenke)
vil du ikkje kunne gjennomføre studiet.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Masterprogrammet i klinisk ernæring er eit toårig fulltidsstudium. Eitt år består av vanlege emne med hovudvekt på kliniske fag, og eitt år med masteroppgåve.
Det andre året arbeider du med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig forskingsprosjekt med rettleiing. Det forskingsretta arbeidet inkluderer å løyse ei praktisk problemstilling, behandle eigne data og på grunnlag av dette gi ei skriftleg og munnleg framstilling av hypotesar, resultat, diskusjon og konklusjonar. Det er ein munnleg mastereksamen til slutt.
Praksis:
Første året er det to veker praksis på vaksenavdelingar på sjukehus og ei veke på barneavdeling. I løpet av det siste året er det seks veker praksis på sjukehus, anten i Bergen eller ved eit anna sjukehus i Vestland – av og til også utanfor regionen.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
NUCLI357 - Medisinsk ernæringsbehandling av vaksne (30 studiepoeng)
2. semester
INTH360A - Global Nutrition (4 studiepoeng)
NUCLI352 - Medisinsk ernæringsbehandling av born og unge (10 studiepoeng)
NUCLI390A - Masteroppgåve i klinisk ernæring - forskingsprotokoll (10 studiepoeng)
Elektiv periode (6 studiepoeng)
3. og 4. semester
NUCLI356 - Klinisk praksis i spesialisthelsetenesta (10 studiepoeng)
NUCLI390B - Masteroppgåve for klinisk ernæring (50 studiepoeng)
Utveksling
Det er mogleg å reise på utveksling i det siste studieåret når du skriv masteroppgåva. Det vanlegaste er likevel å dra på utveksling i løpet av bachelorgraden i ernæring.
Vidare studiemoglegheiter
Mastergraden gir grunnlag for vidare forsking og kan kvalifisere for opptak på ph.d.-programmet.
Spørsmål om studiet?
Kontakt oss på telefon mellom 12.00-14.00 på kvardagar eller på e-post.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.