Tett på forskningen som masterstudent
Masterstudenten Marianne Borchgrevink-Brækhus merker stor forskjell på å studere bachelor og master. På masternivå blir hun mer inkludert i fagmiljøet og får samarbeide med gode veiledere.
Masterprogrammet i kulturvitskap handlar om dei kulturelle aspekta ved kvardagslivet før og no. Korleis er kulturen til stades i alt vi gjer – til dømes i seksualiteten, haldninga til kropp, matvanar eller bruken av sosiale medium? Kan kvardagskulturen vere fundamentet for heile samfunnslivet?
Dette studiet gir deg eit grunnlag for å analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet. Du får oversikt over teoretiske rammeverk og omgrep som kan brukast til å forstå og formidle kultur frå fortida og notida. Gjennom arbeidet med masteroppgåva spesialiserer du deg i eitt bestemt kulturelt fenomen. Du får også kjennskap til forskingsetiske utfordringar i faget.
Med denne utdanninga lærer du
På masterprogrammet i kulturvitskap blir du ein del av eit levande fag som er i rivande utvikling når det gjeld vitskaplege metodar, teoretiske diskusjonar og nye funn. Her får du innblikk i forsking som går føre seg i fagmiljøet, og du får delta i faglege diskusjonar gjennom masterseminar.
Studentmiljøet er lite og intimt. Du får god fagleg oppfølging og ei tett tilkopling til fagmiljøet.
Undervisninga består av forelesingar, seminar og praktiske øvingar, om lag 8-10 timar kvar veke. Litteraturen er på engelsk, norsk og andre skandinaviske språk.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.
Med ein master i kulturvitskap får du god øving i analyse og tolking av kjeldemateriale. Du får ei innføring i problemløysing knytt til innsamling, behandling og presentasjon av store mengder materiale. Du vil derfor være særleg kvalifisert til yrke der søk, systematisering, analyse og formidling står sentralt.
Med denne utdanninga kan du for eksempel jobbe som
Aktuelle bransjar kan vere museum, kulturminnevern, kulturinstitusjonar, arkiv, media, og offentleg og privat forvaltning.
Les intervju med tidlegare studentarDei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk: Norsk
Masterprogrammet i kulturvitskap er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Alle emna er obligatoriske.
Slik er studiet sett opp:
1. semester
Forsking i praksis (15 studiepoeng)
Frå teori til metode (15 studiepoeng)
2. semester
Forskningsfelt og prosjektutvikling (15 studiepoeng),
Frå innsamling til analyse (15 studiepoeng)
Forskingsetikk (0 studiepoeng)
3. og 4. semester
Mastergradsoppgåve i kulturvitskap (60 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling i eitt semester til eit av våre samarbeidsuniversitet i Sverige, Danmark, Finland eller Tyskland. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Etter masterutdanning kan du søke doktorgradsstipend. Ein doktorgrad (ph.d.) kvalifiserer deg til vitskaplege stillingar i universitets- og høgskulesektoren.
UiB tilbyr etter- og vidareutdanning, blant anna innan museumsarbeid og korleis skrive vitskaplege artiklar.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.