Politikk og forvaltning (master)

Politikk og forvaltning er eit statsvitskapeleg studium i offentleg politikk, organisering og administrasjon. Her lærer du om politikken og forvaltninga si rolle i å handtere ulike utfordringar i samfunnet. Faget legg vekt på, politisk åtferd, demokrati og deltaking.

Kva lærer du?

Studiet legg særleg vekt på teoriar om organisasjonar og organiserte tiltak, og politiske institusjonar og demokrati.  

  • Korleis blir eit land styrt på best måte? 
  • Korleis fungerer ulike styringsorgan, politiske institusjonar og myndigheiter? 
  • Kva er utfordringane med NAV-reforma, politireforma eller andre reformer? 
  • Korleis handterer eit demokrati klimaproblem, fattigdom og flyktningkrise? 

Her lærer du om politikken og forvaltninga si rolle i å handtere slike utfordringar og problem.  

Med ein mastergrad i politikk og forvaltning får du:  

  • ei allsidig teoretisk og metodisk opplæring, og gode analytiske evner
  • god oversikt og avansert kunnskap om nyare teori og forsking om organisasjonar, offentleg forvaltning,  politikk og styring 
  • evne til kritisk tenking, og kunnskap til å gjennomføre analyse om offentleg politikk og styringsutfordringar 
  • evne til å diskutere, analysere og utnytte fagleg innhald
Studiekvardag

Læringa skjer gjennom forelesingar, seminargrupper og sjølvstudium, og vert avslutta med at du skriv ei sjølvstendig masteroppgåve. Undervisninga er organisert i blokker, slik at du slepp å ta fleire emne på ein gong.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Alle emna er obligatoriske, med unntak av andre semester, der du kan velje emne tilsvarande 10 studiepoeng. 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid. Når du jobbar med oppgåva, får du god oppfølging og rettleiing av ein fagperson på instituttet. Du får òg eit unikt innblikk i forskarverda gjennom deltaking på forskargruppeseminar i lag med dei vitskaplege tilsette.

Som masterstudent får du tildelt arbeidsplass på lesesalen. Masterstudentane har òg eit godt sosialt miljø og eit Masterutval som står bak ulike arrangement gjennom semesteret, og som er studentane sitt talerøyr opp mot instituttet.  

Kva kan du jobbe som?

Etter avslutta studium har du ei inngåande forståing av samfunn, politikk og forvaltning, og kva for konsekvensar politikk, organisering og styring har for enkeltmenneska og for samfunnet. Dette er kunnskap som gjer deg attraktiv for mange ulike arbeidsgjevarar.    

Tidligere studenter jobbar blant anna med:   

  • leiing og organisasjonsutvikling  
  • kommunikasjonsarbeid  
  • rådgjeving og administrasjon  
  • saksbehandling i stat, fylke eller kommune  
  • ideelle og internasjonale organisasjonar  
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt."

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke på studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging
Utveksling

Du kan ta delar av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Vi anbefaler at du drar ut i andre semester, og at du finn emne som svarar til dei to obligatoriske forskingsemna i graden.  

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser, og som er mogleg å gjennomføre på masternivå. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.gov@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i politikk og forvaltning

Lenke til video