Samfunnsgeografisk feltkurs
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- GEO292
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Studenten skal praktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg blir utvikla i ein samfunnsgeografisk kontekst.
Innhald:
Deltakarene får moglegheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit samfunnsgeografisk problem. Tema og problemområde skal veljast i samråd med emneansvarleg. Feltkurset går kvart år, enten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere nytte av sentrale tema og teoriar i samfunnsgeografi som ho eller han har tileigna seg i løpet av bachelorstudiet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt ved å lage ei problemstilling, utvikle eit forskningsdesign og granske dette teoretisk og empirisk
- kan gjere nytte av kvalitative og kvantitative analysemetodar
Generell kompetanse
Studenten
- beherskar akademisk skrive- og referanseteknikk, og viser dette gjennom ein feltrapport
- kan jobbe individuelt og i gruppe.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Universitetet i Bergen og et feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet kan variere frå år til år.
Ei feltkursavgift som dekker utgifter til mat må betalast innan ein gitt frist.
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Dette emnet har avgrensa tal på plassar og opptak er basert på søknad. Du søker ved å registrere undervisningsmelding i Studentweb. Søknadsfristen er onsdag i veke 2, før ordinær registreringsfrist. Studentar skal ta GEO292 i kombinasjon med GEO204 og enten GEO223 eller GEO224. Studentar som oppfyller forkunnskapskravet (GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131), blir tatt opp etter denne prioriteringslista:
- Studentar på bachelorprogrammet i geografi
- Utvekslingsstudentar med tilsvarande bakgrunn som forkunnskapskravet og studentar frå andre program ved UiB med forkunnskapskravet.
Utvekslingsstudentar blir prioriterte etter mest relevant bakgrunn til forkunnskapskravet.
Arbeids- og undervisningsformer
1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5-7 seminar.
Feltkurs: 3-5 dagar (antal dagar avhengig av reiseavstand).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på feltkurs
- Deltaking på feltførebuande seminar.
- Studentane vel litteratur til oppgåva (utanom pensum) i omfang 150-200 sider i samråd med faglærar.
Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.
Vurderingsformer
Feltrapport som gruppeeksamen der 2-3 studentar skriv rapporten saman.
Individuell justerande munnleg eksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Kontinuasjonseksamen:
Gruppevis feltrapport:
Vurdering kun i undervsiningssemester. Denne vurderingsforma kan ikkje tilby kontinuasjonseksamen. Studentar må delta på feltkurs og arbeidet med feltrapport.
Justerande munnleg eksamen:
Ny eksamen blir arrangert for studentar med gyldig fravær på eksamensdagen. Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om ny eksamensdag.