Engelsk (bachelor)
Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål, kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: Alt frå internasjonal politikk og diplomati til forsking og kultur. På engelskstudiumet lærer du om engelsk språk, litteratur og kultur.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 57
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På bachelorstudiet blir du kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket.
Gjennom tolking av ulike tekstar, får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land.
Vi diskuterer spørsmål som:
- Korleis fungerer det engelske språket?
- Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?
- Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og omvendt?
Med denne utdanninga får du:
- kunnskap om engelsk lingvistikk og engelskspråklege litteraturar og kulturar
- ei vitskapleg tilnærming til språket, litteraturar og kulturar
- utvikle sjølvstendig, kritisk tenking på engelsk
- lære å analysere og argumentere for eigne synspunkt
Studiekvardag
Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, i form av forelesningar og seminargrupper. I tillegg vil du lese litteratur og arbeide saman med medstudentane dine. I det andre semesteret kan du dra på studietur til Det norske studiesenteret i York, og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring og kunnskap om kulturen og samfunnet i engelskspråklege land. Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet og media er døme på område som treng folk med denne kompetansen.
Studentar med språkutdanning finn du i mange ulike yrke:
- lærar
- i offentleg forvaltning (gjerne innan administrasjon/høgare utdanning)
- kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidar
- tolk og omsettar
- i frivillige organisasjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisning og pensum er både på norsk og engelsk.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i engelsk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
Ex.phil. (10 studiepoeng)
LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng)
ENG100 - Introduksjon til engelskstudiet (10 studiepoeng)
2. semester
ENG110 - Lydar og strukturar (15 studiepoeng)
ENG125 - Britisk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
3. semester
ENG120 - System og variasjon (15 studiepoeng)
ENG122 - Amerikansk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
4. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
AMER200 - Amerika (10 studiepoeng)
Eitt av emna
ENG221 - Engelsk lingvistikk: språkhistorie (10 studiepoeng)
ENG222 - Engelskspråkleg (britisk eller kolonial/postkolonial) litteratur og kultur I (10 studiepoeng)
ENG223 - Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10 studiepoeng)
ENG224 - Engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur II (10 studiepoeng)
Eitt av emna
ENG261 - Bacheloroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie (10 studiepoeng)
ENG262 - Bacheloroppgåve i engelskspråkleg (britisk eller kolonial/postkolonial) litteratur og kultur I (10 studiepoeng)
ENG263 - Bacheloroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (10 studiepoeng)
ENG264 - Bacheloroppgåve i engelskspråkleg (amerikansk) litteratur og kultur II (10 studiepoeng)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Vi har samarbeid med universitet i heile verda. Vi anbefaler å reise til Norwegian Study Centre i York. Avtalen vi har gjer planlegginga av studieopphaldet enkel og grei.
Vidare studiemoglegheiter
Etter fullført bachelorgrad i engelsk kan du søke deg vidare til masterprogrammet i engelsk. Viss du allereie har ein mastergrad, kan du søke deg til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Da kan du bli lærar og undervise i engelsk i ungdomsskole og vidaregåande skole.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.