Erfaringsbasert master i undervisning med fordjupning i norsk (master)
Dette studiet er for deg som er norsklærar i skolen og som har studert norsk allereie, men som ønsker å bygge på til master og oppnå lektorkompetanse.
- Varigheit
- 4 år
- Studieplassar
- 10
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På masterstudiet får du teoretisk og erfaringsbasert kunnskap som styrker undervisnings-kompetansen din i norsk i grunnskolen. Studiet er praksisnært, og gir betre ferdigheit og refleksjon rundt det å legge til rette for god læring. Masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.
Du lærer om vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodarog får trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggande forståing av norskfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Studiet gir deg kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at du kan bidra til å vidareutvikle norskfaget gjennom kritisk refleksjon og samtaler kring fag, undervisning og læring.
Gjennom arbeidet med masteroppgåva lærer du:
- å bli strukturert
- at skriving kan utviklast gjennom ein prosess
- å fordjupe deg i eit sjølvvalt tema
- å ta med erfaringsbasert kunnskap inn i forskinga di
Studiekvardag
Studiet er samlingsbasert. På samlingane blir du kjent med studentar og kollegaer frå heile landet.
Studiet baserer seg på forelesingar og seminargrupper, sjølvstudium og skriving av masteroppgåve.
I dei fem første semestera vil ei vanleg studieveke vere sjølvstudium og arbeid med mindre innleveringsarbeid. Desse semestera tar du òg eksamen i nokre emne. Gjennom masteroppgåva får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor eitt område. Dersom du skal gjere datainnsamling i samband med masteroppgåva, kan du gjere det ved skolen der du jobbar.
Alle samlingar og arbeidskrav i dei fem første semestera er obligatoriske. Samlingar i dei tre siste semestera, mens du skriv på masteroppgåva, er ikkje obligatoriske.
Kva kan du jobbe som?
Med denne utdanninga får du lektorkompetanse med fagleg fordjuping i norsk og ei fagdidaktisk masteroppgåve i norskfaget.
Det er stort behov for lærarar i skulen som har større fagleg fordjuping i dei faga dei underviser i. Arbeid med ei masteroppgåve gir deg dessutan stor sjølvinnsikt i det å arbeide med ei større oppgåve. Denne erfaringa har overføringsverdi til det å rettleie elevar med større og mindre oppgåver i skolen eller ved andre undervisningsinstitusjonar.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Dette masterstudiet er eit fireårig deltidsstudium som startar i august. Studiet svarar til eit toårig fulltidsstudium.
Rekkefølge for kurs og masteroppgåve:
1. semester
NORMAU642 - Litteraturteori og metode for erfaringsbasert master i undervisning (15 studiepoeng)
2. semester
NORMAU641 - Språkkunnskap (15 studiepoeng)
3. semester
NORMAU643 - Norsk fagdidaktikk for master i undervisning (15 studiepoeng)
4. semester
METMAU660 - Vitskapleg metode og deling av erfaring (15 studiepoeng)
5. semester
NORMAU644 - Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling (15 studiepoeng)
6.-8. semester
NORMAU655 - Masteroppgåve (45 studiepoeng)
Utveksling
Du kan ikkje reise på utveksling på dette studiet.
Vidare studiemoglegheiter
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk