Studieplan for BAHF-FILO Bachelorprogram i filosofi, høst 2026
Omfang og studiepoeng
Namn på grad
Bachelor i filosofi
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den også tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, tru og viten, språket og verda, individ og samfunn, makt og legitimitet osb. Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Gjennom arbeid med grunnleggjande filosofiske problemstillingar like frå antikken til vår eiga tid vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).
Studentane vil få omfattande trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Dei får høve til å fordjupe seg i filosofiske valemne og trening i å arbeide sjølvstendig med analyse og argumentativ drøfting av grunnleggjande problemstillingar. Oppøving av skriftleg og munnleg formidling står sentralt.
Studiet blir avslutta med ei bacheloroppgåve. Her får ein høve til å arbeide sjølvstendig og under individuell rettleiing med eit avgrensa filosofisk tema.
Bachelorstudiet i filosofi gjev grunnlag for opptak til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og til masterstudiet i filosofi.
Bachelorgraden i filosofi inneheld òg ein breiddekomponent, som betyr at studiet i filosofi blir kombinert med minst eitt anna fagområde. Studentar vel fritt kva breiddekomponenten skal innehalde. Breidde i utdanninga gir studentane innsikt i fagområde utanfor eiga spesialisering. Dette breie faglege grunnlaget fremmar kritisk tenking, kreativitet og fleksibilitet - eigenskapar som er verdifulle både i vidare studium og i arbeidslivet.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Ein bachelor i filosofi skal ha:
- oversikt over og innsikt i sentrale teorier og problemstillingar innenfor praktisk filosofi, teoretisk filosofi og filosofiens historie
- oversikt over og innsikt i sentrale klassiske filosofiske originaltekstar frå antikken til våre dagar
- kjennskap til nyere forskning og utvikling innenfor filosofi
- grunnleggjande kjennskap til logikk
- grunnlag for kritisk handsaming av ulike skriftlege og munnlege framstillingar både av fagleg og av meir allmenn art
- forståing for filosofien sin eigenart og sammenhenger mellom filosofihistorien og samtidsfilosofi, og mellom filosofi og samfunn.
Dugleik:
Ein bachelor i filosofi skal kunne
- løyse ei gjeven praktisk eller teoretisk problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ein avgrensa periode
- raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur for å handsame gjevne oppgåver
- analysere argumenter og vurdere deres svakheter og styrker
- finne, lese og fortolke filosofiske originaltekstar som går utover pensum i tillegg til å kunne ta til seg i relevant sekundærlitteratur
- reflektere over egen faglig utøvelse og justere denne under veiledning
Kompetanse:
Ein bachelor i filosofi skal kunne:
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgaver og prosjekter som strekker seg over tid, alene eller som deltaker i en gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle filosofiske teorier, problemstillinger og løsninger både skriftlig, muntlig og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkter og erfaringer med andre med bakgrunn innenfor filosofi og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen utover opptakskrava.
Innføringsemne
Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. I tillegg er det tilrådd at ein i første semester tar spesialiseringsemnet FIL130 - Moral og det gode liv:
- Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- Innføringsemnet LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng)
- Spesialiseringsemnet FIL130 - Moral og det gode liv (10 studiepoeng)
Obligatoriske emne
Dei obligatoriske emna er:
Ex.Phil (Examen Philosophicum - 10stp.)
LES100 (Les og skriv - 10stp.)
FIL130 (Moral og det gode liv - 10stp.)
FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida - 10stp.)
FIL121 (Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet - 10stp.)
FPØ110 (Samfunn, fridom og rettferd - 10stp.)
FIL134 (Kunnskap og språk - 10stp.)
FIL135 (Vitskap og verkelegheit - 10stp.)
LOG110 (Introduksjon til formallogikk - 5stp.)
LOG112 (Introduksjon til filosofisk logikk - 5stp.)
FIL252 (Bacheloroppgåve i filosofi - 10stp.)
Dei 10 valfrie studiepoenga av spesialiseringa kan veljast frå følgjande emne:
LOG111 (Deduksjon og metalogikk - 10stp.)
FIL217 (Wittgensteinstudiar - 10stp.)
FIL218 (Estetikk - 10stp.)
FIL219 (Vitskapsfilosofi - 10stp.)
FIL220 (Metafysikk - 10stp.)
FIL228 (Tema i moralfilosofi - 10stp.)
FIL233 ( Filosofien i antikken - 10stp.)
FIL235 (Tema i sinnsfilosofi - 10stp.)
FIL236 (Tema i miljøetikk - 10stp.)
FIL241 (Rettsfilosofi - 10stp.)
FIL245 (Språkfilosofi - 10stp.)
FIL246 (Kontinental filosofi - 10stp.)
FIL247 (Epistemologi - 10stp.)
FIL248 (Methods of Analysis in Social Sciences - 10stp.)
FIL249 (Politisk filosofi - 10stp.)
Bachelorprogrammet i filosofi har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor filosofifaget. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.
Spesialisering
Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1 ½ år) og er sett saman av obligatoriske emne på til saman 80 studiepoeng og valfrie filosofiemne på til saman 10 studiepoeng.
Dei obligatoriske spesialiseringsemna er:
FIL130 (Moral og det gode liv - 10stp.)
FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida - 10stp.)
FIL121 (Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet - 10stp.)
FPØ110 (Samfunn, fridom og rettferd - 10stp.)
FIL134 (Kunnskap og språk - 10stp.)
FIL135 (Vitskap og verkelegheit - 10stp.)
LOG110 (Introduksjon til formallogikk - 5stp.)
LOG112 (Introduksjon til filosofisk logikk - 5stp.)
FIL252 (Bacheloroppgåve i filosofi - 10stp.)
Dei 10 valfrie studiepoenga av spesialiseringa kan veljast frå følgjande emne:
LOG111 (Deduksjon og metalogikk - 10stp.)
FIL217 (Wittgensteinstudiar - 10stp.)
FIL218 (Estetikk - 10stp.)
FIL219 (Vitskapsfilosofi - 10stp.)
FIL220 (Metafysikk - 10stp.)
FIL228 (Tema i moralfilosofi - 10stp.)
FIL233 ( Filosofien i antikken - 10stp.)
FIL235 (Tema i sinnsfilosofi - 10stp.)
FIL236 (Tema i miljøetikk - 10stp.)
FIL241 (Rettsfilosofi - 10stp.)
FIL245 (Språkfilosofi - 10stp.)
FIL246 (Kontinental filosofi - 10stp.)
FIL247 (Epistemologi - 10stp.)
FIL249 (Politisk filosofi - 10stp.)
Tilrådde valemne
Bachelorgraden i filosofi inneheld 70 frie studiepoeng. Som frie studiepoeng kan studenten velje emne som er relevant for si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ved Det humanistiske fakultet er det ei rekke ulike alternativ for bruken av frie studiepoeng. Det er mellom anna mogleg å:
- velje blant fleire emnepakkar på fakultetet
- velje emne frå liste som er sortert etter tema/område
- ta eit av HF sine årsstudium
- fritt velje blant alle opne emne på UiB
- reise på utveksling
30 av dei 60 frie studiepoenga må brukast til å oppfylle kravet om breiddekomponent (sjå under «Obligatoriske emne»).
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd progresjon i studiet:
1. semester (haust): ex.phil, LES100, FIL130
2. semester (vår): FIL120, FIL134, LOG110 og LOG112
3. semester (haust): FIL121, FPØ110 og FIL135
4. semester (vår): Frie studiepoeng
5. semester (haust): Frie studiepoeng
6. semester (vår): Frie studiepoeng, FIL252, valemne i filosofi på 100/200-nivå
Delstudium i utlandet
Ein kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, individuell rettleiing og grupperettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, mappevurdering, rettleia oppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorprogrammet i filosofi kvalifiserer for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og til masterprogrammet i filosofi.
Relevans for arbeidsliv
Bachelorprogrammet gir særskild kompetanse til sjølvstendig kritisk analyse. Denne typen kompetanse kan nyttast på fleire felt som til dømes å identifisere problemområde innan eit saksfelt og vise forståing for desse i eit historisk perspektiv eller i meir systematiske samanhenger. Personar med denne kompetansen finn ein blant lærarar, kulturarbeidarar og personar som arbeider innan forvaltning og offentleg administrasjon, det private næringslivet og konsulentar innan forlagsverksemder, i forlagsbransjen, i tidsskrift- og avisredaksjonar, i radio og fjernsyn, i biblioteka, som undervisarar på folkehøgskulane, eller som kulturarbeidar reint allment. Ein finn dei også som sakshandsamarar og som konsulentar i offentlege og private verksemder.
Ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller vidaregåande skule.
Bachelorgraden gir grunnlag for opptak til masterstudium i filosofi
Evaluering
Evaluering av programmet blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.