Psykologi (profesjon)
For å bli autorisert psykolog må du ha profesjonsstudiet i psykologi. Om du lurer på kvifor vi menneske er slik vi er, og gjer slik vi gjer, er dette studiet for deg. Som psykolog kan du bidra til å hjelpe menneske i ein vanskeleg livssituasjon og fremme psykisk helse i samfunnet.
- Varigheit
- 6 år
- Studieplassar
- 87
- Studiepoeng
- 360
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Informasjon til nye studentar
Frammøte: måndag 10. august kl. 9. Mentoren din ringer veka før om stad.
Du finn program for velkomstveka og anna nyttig info her.
Obligatorisk informasjonsmøte onsdag 12. august kl. 12–13 i aud. 129, Christies gate 12. Om du ikkje kan kome, meld frå til info.psyfa@uib.no. Du får då tilsendt ei kryptert lenkje for opplasting av dokumentasjon. Sjå kva som regnast som gyldig fråvær. Manglande oppmøte kan føre til tap av studierett.
Krav om politiattest; framgangsmåte finn du her.
Kva lærer du?
På profesjonsstudiet i psykologi vil du lære å forstå, førebygge og behandle psykologiske problem og dysfunksjonell åtferd. Fokuset på studiet er også mykje meir enn sjukdom:
- Korleis menneska sitt kjensleliv oppstår og fungerer, kva det vil seie å vere bevisst og sjølvbevisst, og kva tankar er.
- Kva personlegdom er, korleis erfaringar og hendingar i barndommen kan påverke deg, og korleis vi menneske påverkar kvarandre.
- Korleis vanar og ubevisste val kan påverke deg, kvifor det kan vere vanskeleg å endre seg, og kvifor du likar nokon og mislikar andre.
- Korleis psykisk sjukdom vert sett i kontekst til kvar enkelt sin situasjon (alder, sosialt nettverk, personlegdom), og korleis dei kan behandlast med psykologiske metodar.
- Planlegging og utvikling av behandling og tiltaksprogram på eit vitskapleg grunnlag.
- Planlegging, leiing og gjennomføring av førebyggande arbeid.
Studiekvardag
I studiekvardagen får du tett oppfølging av dyktige og engasjerte forelesarar og blir godt kjent med dei ulike fagområda. I praksis får du møte menneske som har psykiske plager og hjelpe desse til å få det betre i samarbeid med ein erfaren psykolog.
Alle emna på profesjonsstudiet er obligatoriske, og mykje av undervisninga og øvingar er obligatorisk. I ei typisk veke har du ca. 30 timar undervisning. I tillegg må du rekne med tid på lesesalen med sjølvstudium. Litteratur og undervisning er på norsk og på engelsk.
Ein studiekvardag på profesjonsstudiet inneheld
- forelesingar
- seminargrupper
- laboratorieøvingar og praktiske øvingar
- ekskursjon
- individuelle oppgåver
- munnlege presentasjonar
- praksis
Gjennom studietida blir du godt kjent med medstudentane dine, og du har gode moglegheiter for å engasjere deg i studentforeiningar og ta del i mange sosiale studentaktivitetar og tilbod.
Kva kan du jobbe som?
Fullført profesjonsstudium i psykologi gir grunnlag for å søke om autorisasjon som psykolog. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og det private, og arbeidsmarknaden er derfor god.
Dei vanlegaste arbeidsområda for psykologar er:
- helsevesenet
- forsking og undervisning
- skoleverket
- organisasjonar
- sosialsektoren
- privat praksis og private verksemder, for eksempel som konsulent
Går du vidare til ph.d.-programmet, kan du oppnå ein doktorgrad. Den gjer deg kvalifisert til å arbeide innan forsking og høgare utdanning.
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse. Det er krav om å legge fram politiattest ved studiestart
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Norsk
Studiets oppbygging
Profesjonsstudiet i psykologi er eit 6-årig masterprogram (12 semester). Kvart semester bygger på kunnskap som du har lært tidlegare i studiet. Studentkullet vert delt i eit A- og eit B-kull frå og med hausten tredje studieår. Den eine delen av kullet fortset på studiet utan opphald (A-kull), og den andre delen av kullet tar ein «fritermin» på eitt semester (B-kull). Studentar kan i friterminen reise på utveksling, ta opne emne eller ta ein pause frå studia.
1. semester
PRPSYK100 - Psykologien og psykologprofesjonen si historie (5 studiepoeng)
PRPSYK301 Profesjonsforberedende 1 - Psykologrolle og psykisk helse (15 studiepoeng) NY
PSYK112 - Sosial- og personlegdomspsykologi (10 studiepoeng)
PRPSYK301A - Profesjonsførebuande I Psykisk helse, behandling og fagetikk (10 studiepoeng) UTGÅR
PRPSYK301B - Profesjonsførebuande 2 - Helse, samfunn og psykologrolle (5 studiepoeng) UTGÅR
2. semester
PRPSYK301C - Profesjonsførebuande 3 - Kommunikasjon og relasjonskompetanse (5 studiepoeng)
PSYK114 - Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (15 studiepoeng)
Examen philosophicum – skoleeksamen eller Examen philosophicum – seminarmodell (10 studiepoeng)
3. semester
PRPSYKMET2 - Kvantitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap (5 studiepoeng)
PRPSYK302 - Utviklingspsykologi (15 studiepoeng)
PRPSYK301D Vitskapsteori og kvalitativ metode i psykologi (10 studiepoeng) NY
PRPSYKMET1 - Kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap (5 studiepoeng) UTGÅR
PRPSYKVIT - Psykologiens vitskapsteori og forskingsmetodar (5 studiepoeng) UTGÅR
4. semester
PRPSYK303 - Biologisk psykologi (15 studiepoeng)
PRPSYK304 - Kognitiv nevrovitenskap (15 studiepoeng)
*KULLDELING I A- og B-KULL SKJER ETTER 4. SEMESTER
5. semester
PRPSYK305 - Kognitiv psykologi (15 studiepoeng)
PRPSYK306 - Klinisk nevropsykologi (15 studiepoeng)
6. semester
PRPSYK307 - Skole- og opplæringspsykologi (15 studiepoeng)
PRPSYK308 - Personlegdomspsykologi (15 studiepoeng)
7. semester
PRPSYK309 - Sosialpsykologi (15 studiepoeng)
PRPSYK310 - Kultur, helse og utvikling (15 studiepoeng)
8. semester
PRPSYK311 Innføring i psykologisk kartlegging og behandling (20 studiepoeng) NY
PRPSYK311C - Psykologen som leiar (4 studiepoeng)
PRPSYK314 - Intern klinisk opplæring (går fra 8.-10. semester)
PRPSYK311A - Psykologisk kartlegging (6 studiepoeng) UTGÅR
PRPSYK311B - Psykologisk behandling (14 studiepoeng) UTGÅR
9. semester
PRPSYK312A - Psykologisk behandling II (12 studiepoeng)
PRPSYK312B - Psykologisk behandling III (5 studiepoeng)
PRPSYK312C - Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis (5 studiepoeng)
PRPSYK314 - Intern klinisk opplæring (går fra 8.-10. semester)
10. semester
PRPSYK313 - Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete (7 studiepoeng)
PRPSYK314 - Intern klinisk opplæring (22 studiepoeng, går fra 8.-10. semester)
PRPSYK315 - Samfunnspsykologi (15 studiepoeng)
11. semester
PRPSYK316 - Ekstern fordjupingspraksis (30 studiepoeng)
12. semester
PRPSYK317 - Hovudoppgåve (30 studiepoeng)
Utveksling
Viss du har fritermin kan du reise på utveksling i 5. semester og ta valfrie kurs. Du kan også reise ut i ditt 7. semester, men da må du sørge for at emna du tar erstattar dei obligatoriske emna ved Universitetet i Bergen. I 11. semester kan eit visst antall studentar søke om ekstern fordypningspraksis ved TygerBear Foundation i Cape Town i Sør-Afrika, og ved UC Berkeley Psychology Clinic i USA.
Vidare studiemoglegheiter
Med cand.psychol-graden kan du søke opptak til ph.d.-programmet. Les meir om phd-programmet ved Det psykologiske fakultet her
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.