Om forskargruppa

Forskargruppa i nordisk språk er open for alle som forskar på norsk språk, eller på eitt av dei andre nordiske språka.

Vi har torsdag etter lunsj (14:15–16:00) som vår møtedag, og alle som har noko dei ønsker å formidle eller diskutere, kan ta opp dette med dei andre medlemene. Møta har oftast karakter av foredrag og diskusjon, men òg møte der vi gir respons på kvarandre sine tekstar, er prøvde ut med hell. Forskargruppa er òg ein fin moglegheit til å presentere stoff ein skal ha med på konferanse, for å få ein første tilbakemelding på sterke og svake sider. Vi har ein uformell tone, og er medvitne på at vi skal støtte og hjelpe kvarandre til å bli bedre forskarar.

Med jamne mellomrom arrangerer vi skriveseminar for masterstudentar, der studentane får presentere delar av oppgåvene sine, og får tilbakemelding fra medstudentar og tilsette.

Tema som blir diskutert på møtene er dei emna vi til einkvar tid er opptatte av. Til dømes:

  • språkhistorie og språkendring
  • dialektar, sosiolektar og språkhaldningar
  • semantikk og pragmatikk
  • språkkontakt og arvespråk
  • fagspråk og terminologi
  • norsk som andrespråk
  • fonologi og grammatikk
  • tekstlingvistikk
  • person- og stadnamn
  • norskdidaktikk
  • leksikografi

Aktivitetar i 2026

  • 12. februar: Skriveseminar for masterstudentar
  • 19. mars: Skriveseminar for masterstudentar
  • 9. april: Skriveseminar for masterstudentar
  • 16. april: Innlegg v. Odd Einar Haugen, Nina Stensaker og Katrine Andresen: Utgjevinga av dei eldste norske diploma. Korleis og for kven?
    • Samandrag: Det er overlevert rundt 170 originaldiplom på norsk språk frå det aller eldste diplomet, datert mellom 1207 og 1217 og fram til 1310. Desse diploma har vore utgjevne i Diplomatarium Norvegicum og Corpus Codicum Norvegicorum Medii Aevi, og ved Gammalnorsk ordboksverk har dei vore forsynte med full morfologisk annotasjon. Det inneber at kvart ord har fått oppslagsform, ordklasse og grammatisk form oppført på kartotekkort, i alt rundt 50.000 ord. Dette materialet vart digitalisert ved Dokumentasjonsprosjektetet i Oslo på 1990-talet og frametter, men då Språksamlingane vart overførte frå Oslo til Bergen i 2016, var det i form av udokumenterte og disparate filer. Etter initiativ frå Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket har dette materialet vore pusla saman, bit for bit. No ligg det snart føre i fullstendig form, og det er utvida med meir annotasjon og dertil er det supplert med normalisert ortografi, alt saman innanfor rammene av Medieval Nordic Text Archive (www.menota.org (ekstern lenke)). Prosjektet blir presentert av Odd Einar Haugen, som har hatt den faglege leiinga, og dei to medarbeidarane Nina Stensaker og Katrine Andresen, som har arbeidd med koding, korrektur, annotasjon og normalisering. På dette møtet vil vi gjerne høyre frå framtidige brukarar, kva dei meiner om innhald, form og tilgang til materialet.
  • 30. april: Skriveseminar for masterstudentar

Aktivitetar i 2025

  • 6. februar: Innlegg v. Emma Josefin Ölander Aadland: "Korpusbasert studie av kjønnsfremstilling ved bruk av adjektiv"
  • 20. februar: Skriveseminar for masterstudentar
  • 6. mars: Skriveseminar for masterstudentar
  • 13. mars: Innlegg v. Thorsteinn Gudmundur Indridason: "Diminutiver i islandsk"
  • 20. mars: Skriveseminar for masterstudentar
  • 25. september: Innlegg v. Ivar Utne: "Måter å beskrive navnetrender fra rundt 1900 til i dag, med vekt på Norge"

 

Personer

Gruppeleiar
Gruppemedlemmer