Geovitskap (bachelor)

Er du interessert i jorda, jordskjelv, klima og miljø? Med ein bachelor i geovitskap utdannar du deg for framtidas utfordringar. Du vil kunne jobbe med miljøvern, klimaendringar, bygging av veg og tunnel, samt utvinning og forvaltning av naturressursar og lagring av CO2.

Kva lærer du?

På bachelorstudiet i geovitskap får du brei kunnskap om den geologiske og geofysiske oppbygginga til jordkloden, og lærer å bruke kjemiske, fysiske, biologiske og geologiske prosessar til å forklare korleis jorda har utvikla seg gjennom milliardar av år og framleis endrar seg i dag.  

Med denne utdanninga vil du kunne jobbe med mange samfunnsaktuelle problemstillingar. Viktige spørsmål vi jobbar med ved instituttet er for eksempel: 

  • korleis vi kan tilpasse oss eit grønare energiskifte 
  • årsaker til hyppigare og meir øydeleggande geofarar som flaum og skred 
  • å avgrense klimaendringane vi i dag er vitne til 
  • korleis vi kan tilpasse oss den aukande etterspørselen etter ressursar 
  • kva energiformer vi kan nytte oss av i framtida 
Studiekvardag

Geovitskap er eit fulltidsstudium, der du bruker 35-40 timar i veka på studia. Ei veke kan for eksempel innehalde sjølvstudium, forelesing, øvingar, lab- og feltarbeid. 

For å forstå prosessane som har danna landskapet vårt, er feltarbeid viktig. Våre studentar drar tidleg ut i naturen, og vi tilbyr mange kurs med ekskursjonar og tokt.  

Samhaldet mellom studentane ved geovitskap er unikt. Samarbeid i undervisning og felt gir studentane moglegheit til å knyte tette band. Aktive læringsteknikkar skapar god kontakt mellom studentar og undervisarar, og gir rom for faglege diskusjonar.

Bachelorprogrammet i geovitskap får gode tilbakemeldingar i Studiebarometeret og har fleire gonger blitt kåra som eit av de beste ved UiB, blant anna for eit godt læringsmiljø. Programmet er også kåra til det beste geofagprogrammet i Noreg.

Kva kan du jobbe som?

Samfunnet treng geovitarar innan alle felt der ein har med den faste jorda, geofarar, klima, miljø og energiressursar å gjere, og med ein bachelorgrad i geovitskap kan du blant anna bidra inn mot problemstillingar i 

  • forvaltning (departement, fylke eller kommune) 
  • forsking (universitet/høgskule) 
  • energi- og ressursutvinning (energinæringa) 
  • sikring og førebygging i statlege føretak og konsulentbransjen (Multiconsult, Norconsult, NVE, Statens Vegvesen etc.) 
  • transportbransjen (BANE NOR) 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 52.0
Primær kvote: 49.0

I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: REALFA

Søknadsfrist: 15.04.2024
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i geovitskap er eit treårig fulltidsstudium med oppstart i august. Studieprogrammet har to studieretningar, geologi og geofysikk, som inneheld litt forskjellige emne. Dei fleste emna er obligatoriske, men graden inneheld også frie studiepoeng som gir deg moglegheiter til å forme graden ut frå eigne interesser. 

Studieretning: Geologi

 

Semester 1 

Innføring i geologi (GEOV101, 10 studiepoeng) 

Brukarkurs i matematikk I (MAT101, 10 studiepoeng) eller Matematikk for naturvitskap (MAT105, 10 studiepoeng) 

Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng) eller Kjemi og energi (KJEM110 , 10 studiepoeng)

 

Semester 2 

Geofysiske metodar (GEOV111, 10 studiepoeng) 

Ekskursjoner og øvingar i geologi (GEOV102, 10 studiepoeng) 

Kjemi grunnkurs (KJEM109, 10 studiepoeng)  eller Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)

 

Semester 3 

Innføring i mineralogi og petrografi (GEOV103, 10 studiepoeng) 

Innføring i sedimentologi (GEOV107, 10 studiepoeng) 

Innføring i eksogene prosessar og paleoklima (GEOV110, 10 studiepoeng) 

 

Semester 4 

Innføring i strukturgeologi og tektonikk (GEOV104, 10 studiepoeng) 

Innføring i geokjemi (GEOV109, 10 studiepoeng) 

Examen philosophicum – seminarmodell (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng) 

 

Semester 5 

Valemne (10 studiepoeng) 

Innføring i geobiologi (GEOV114, 10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

 

Semester 6 

Tre valemne eller utveksling (30 studiepoeng) 

 

Studieretning: Geofysikk

 

Semester 1 

Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)

Innføring i geologi (GEOV101, 10 studiepoeng)

Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)

 

Semester 2 

Geofysiske metodar (GEOV111, 10 studiepoeng)

Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)

Mekanikk 1 (PHYS111, 10 studiepoeng)

 

Semester 3 

Den faste jordas fysikk (GEOV112, 10 studiepoeng)

Refleksjonsseismisk datainnsamling og prosessering (GEOV113, 10 studiepoeng)

Valemne (10 studiepoeng) 

 

Semester 4 

Valemne 1 (10 studiepoeng) 

Global og anvendt geofysikk (GEOV265, 10 studiepoeng) 

Valemne 1 (10 studiepoeng) 

 

Semester 5 

Valemne 2 (10 studiepoeng) 

Examen philosophicum – seminarmodell (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng) 

Valemne 2 (10 studiepoeng) 

 

Semester 6 

Tre valemne eller utveksling (30 studiepoeng) 

Valemne 1 – vel to blant emna: MAT112, MAT131, GEOV102, GEOV104 

Valemne 2 – vel to blant emna: GEOV107, GEOV254, GEOV272, GEOV276, GEOV277, MAT212, PHYS112, PHYS113 

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på heimesida til kvart emne.

Studieretningar
Utveksling

Geovitskap er eit internasjonalt fagfelt, så vi oppmodar til å reise på utveksling i sjette semester. 

Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Tsjekkia, Tyskland, Danmark, Sveits, Frankrike, Nederland, Spania, Irland, Italia, Hellas eller Storbritannia, eller velje blant UiB sine sentrale avtalar.  

Det er òg mogleg å ta emne eller eit semester på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Mange av studentane på bachelorgrad går vidare til ein mastergrad i geovitskap.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55583030
E-post: Studierettleiar@geo.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i geovitenskap