Samfunnsøkonomi (profesjon)

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram. Det gir deg ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode og analyse enn bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. Ein mastergrad i samfunnsøkonomi gir ei solid og brei fagleg fordjuping i faget.

Kva lærer du?

På profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi lærer du 

  • korleis vi kan analysere økonomiske prosessar i samfunnet 
  • korleis ein gjer sjølvstendige samfunnsøkonomiske analysar, blant anna gjennom sjølv å utforme og gjennomføre både ei bachelor- og masteroppgåve 
  • korleis jobbe analytisk og få brei kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri 

Med ei brei forståing av tal, analyse og økonomiske samanhengar blir du godt rusta til å møte arbeidslivet. 

Studiekvardag

Som samfunnsøkonomistudent høyrer du til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Du kan bruke lesesalar i Ulrike Pihls hus eller i Lauritz Meltzers hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar. Når du arbeider med masteroppgåva kan du få din eigen lesesalplass på Institutt for økonomi. 

Instituttet har sterke fagmiljø innan blant anna anvendt mikroøkonometri, konkurranseøkonomi og regulering. Som profesjonsstudent får du god kontakt med den faglege staben på instituttet, spesielt når du er på masternivå. 

Studiet er eit fulltidsstudium. Det er rundt 10-14 timar i veka med undervisningsaktivitetar som forelesingar, seminargrupper og øvingar. Utover dette er det sjølvstudium som gjeld. Profesjonsstudentane har fleire seminar i sentrale fag enn dei andre studentane på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi. 

Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du velje ECON381. 

Kva kan du jobbe som?

Samfunnsøkonomar er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Som ferdig utdanna kan du rekne med godt betalte og utfordrande jobbar innan ei rekke ulike bransjar: 

  • Departement, direktorat, Norges Bank, kommune, fylkeskommune og andre deler av offentleg forvaltning 
  • Utanrikstenesta 
  • Privat næringsliv som bank, konsulentbransjen, oljebransjen eller industrien 
  • Forsking og undervisning 
  • Konsulentorganisasjonar innan analyse og utgreiing 
  • Nasjonale organisasjonar  som LO, NHO 
  • Internasjonale organisasjonar som EU, FN, OECD 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 53.5
Primær kvote: 50.1

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MATRS

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram (10 semester). Dette svarer til ein treårig bachelorgrad etterfølgt av ein toårig mastergrad. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester 

ECON100 – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

ECON140 – Matematikk for økonomar (10 studiepoeng)

 Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

ECON110 – Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)

ECON130 – Makroøkonomi (10 studiepoeng)

ECON240 – Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester 

ECON210 – Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)

ECON243 – Vidaregåande matematikk og optimering (10 studiepoeng)

ECON244 – Anvendt økonometri (10 studiepoeng)

4. semester 

Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)

5. semester 

ECON310 – Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)

ECON340 – Økonometri I (10 studiepoeng)

ECON230 – Internasjonal makroøkonomi (10 studiepoeng)

6. semester 

ECON290A – Bacheloroppgåve (10 studiepoeng)

To valemne i samfunnsøkonomi (til saman 20 studiepoeng) 

7. semester

ECON330 – Makroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)

ECON381 – Praksisbasert prosjektarbeid (20 studiepoeng) eller to valemne i samfunnsøkonomi på masternivå (til saman 20 studiepoeng) 

8. semester

Tre valemne i samfunnsøkonomi på masternivå / utveksling (til saman 30 studiepoeng) 

9. semester

ECON380 – Førebuingsemne for masteroppgåva (10 studiepoeng)

To valemne i samfunnsøkonomi på masternivå (til saman 20 studiepoeng) 

10. semester

ECON391 – Masteroppgåve (30 studiepoeng)

 

For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar. «Velferd og politikk» og «Bedrift, strategi og marknad»

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler å reise ut i fjerde og/eller åttande semester. Instituttet har fleire spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal, Spania, mfl. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter at du har tatt profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.). Dette gjer deg endå meir attraktiv på arbeidsmarknaden, ikkje minst dersom du ønsker å gå vidare innan akademia eller forsking.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 92 00
E-post: studieveileder.econ@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Profesjonsstudium i samfunnsøkonomi