Ernæring (bachelor)
Lurer du på korleis maten du et påverkar kroppen din? Har du lyst til å hjelpe folk med å ta smarte matval – ikkje berre for å vere sunn, men for å halde seg frisk og unngå sjukdom? Behovet for kunnskap om kosthald og helse veks raskt, kanskje dette er starten på din veg mot ein spennande karriere?
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 34
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
I løpet av dei tre åra lærer du om den viktige rolla kosthaldet har for helse, førebygging og behandling. Med ein bachelor i ernæring får du kunnskap som både er spennande og nyttig – for deg og for framtida. Held du fram med master i klinisk ernæring ved UiB, kvalifiserer du til autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog og kan jobbe som autorisert helsepersonell. Eit av fortrinna med bachelor i ernæring frå UiB er fokuset på grunnleggjande medisinske fag, for å forstå korleis kroppen fungerer. Det andre er at det du lærer er basert på forsking, og du lærer å tenkje kritisk.
Du lærer mellom anna:
- korleis kroppen fungerer (anatomi, fysiologi og dei grunnleggjande prosessane som held oss i live)
- kva maten består av (som vitamin, mineral, energigjevande næringsstoff)
- matens betydning gjennom livsløpet og ved sjukdomsutvikling
- korleis mat også er ein viktig faktor for mental helse
Studiekvardag
Du kan sjå fram til ein variert studiekvardag med både praktisk og teoretisk undervisning. Ernæringsstudiet har eit godt studiemiljø med tett samarbeid mellom deg som student og dei ulike undervisarane.
Undervisninga består av førelesingar, gruppeundervisning, laboratorieøvingar, seminar, praktiske øvingar og ein lengre praksisperiode.
Som ny student på bachelor i ernæring blir du med i ei mentorgruppe ved fakultetet. Mentorgruppene blir leia av erfarne studentar på same studieprogram, og det blir arrangert både faglege og sosiale møte gjennom det første studieåret.
Ernæringsstudentane sitt fagutval (NUTRI) er ei fagleg og sosial foreining for alle som studerer ernæring ved UiB. Fagutvalet har ansvar for ulike arrangement gjennom studieåret (til dømes julebord, fagdagar m.m.). I tillegg er fagutvalet eit viktig bindeledd mellom studentane og studieleiinga ved fakultetet.
Kva kan du jobbe som?
Med ein bachelor i ernæring opnar du døra til mange spennande karrierevegar. Du kan jobbe med produktutvikling, kvalitetssikring og regelverk i matindustrien, bidra til folkehelseprosjekt og jobbe ved frisklivssentralar og opplysningskontor. Du kan undervise og formidle kunnskap, eller jobbe med kommunikasjon og skape innhald for media og sosiale kanalar.
For å arbeide direkte med pasientar treng du mastergrad i klinisk ernæring, og vi tilrår å halde fram med dette studieløpet ved UiB: Klinisk ernæring (master) | UiB.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Bachelorstudiet er et fulltidsstudium ved UiB som startar i august kvart år.
I løpet av desse tre åra vil du bruke mykje tid på spørsmål som:
- Korleis påverkar ulike næringsstoff kroppen vår?
- Korleis kan vi vite kva som er sunt å ete?
- Kva behandling er effektiv mot fedme?
- Korleis kan det vi et påverke risiko for å utvikle sjukdom
Praksis
I bachelorgraden har du hospitering på sjukehus, praksis på sjukehuskjøkken, du er på besøk hos bedrifter som lagar mat, du har praksis saman med andre helsefagstudentar og til slutt ei lengre praksisperiode i kommunehelsetenesta (t.d. sjukeheim og heimeteneste).
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)
DIGI101 - Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)
Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
NOM - Medisinsk nomenklaturlære (5 studiepoeng)
FARM150 - Biokjemi (10 studiepoeng)
NUTR100 - Innføring i klinisk ernæring (går over 1. og 2. semester)
2. semester
NUTR100 - Innføring i klinisk ernæring (går over 1. og 2. semester) (10 studiepoeng)
FARM260 - Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)
MEDSTA - Medisinsk statistikk (5 studiepoeng)
NUTR115 - Ernæringsbiokjemi (10 studiepoeng)
3. semester
NUTR203 - Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer (10 studiepoeng)
NUTRANA - Menneskets anatomi (5 studiepoeng)
NUTRFYS - Menneskets fysiologi (15 studiepoeng)
4. semester
NUTR150 - Matvarekunnskap (10 studiepoeng)
NUTR204 - Ernæringsfysiologi - mikronæringsstoffer (10 studiepoeng)
PSYK140 - Åtferd, helse og ernæring (10 studiepoeng)
5. semester
NUTR244 - Ernæring og helse på individ- og samfunnsnivå (15 studiepoeng)
NUTR230 - Metodar i ernæringsforsking (10 studiepoeng)
NUTR290 - Bacheloroppgåve i ernæring (går over 5. og 6. semester)
6. semester
NUTR248 - Innføring i medisinsk ernæringsbehandling (14 studiepoeng)
NUTR249 - Klinisk praksis i primærhelsetenesta (6 studiepoeng)
NUTR290 - Bacheloroppgåve i ernæring (går over 5. og 6. semester) (15 studiepoeng)
Utveksling
Har du lyst til å ta eit semester i utlandet og oppleve nye kulturar og studiemiljø? Kvart år reiser fleire av studentane våre på utveksling i eitt semester. Dei mest populære destinasjonane er University of Queensland i Australia og Wageningen universitet i Nederland. Du kan reise på utveksling i løpet av ditt andre studieår.
Les meir om utveksling på ernæringsstudiet.
Vidare studiemoglegheiter
Med denne bachelorgraden kan du halde fram med mastergrad i klinisk ernæring ved UiB for å bli autorisert klinisk ernæringsfysiolog. Alle stillingar som inneber pasientbehandling krev autorisasjon, og vi tilrår alle å fullføre profesjonsløpet.
Spørsmål om studiet?
Telefonen er open mellom 12.00-14.00 på kvardagar.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.