Historie (årsstudium)
Årsstudium i historie passar for deg som er nysgjerrig på faget, eller som ønskjer å byggje vidare på kompetansen din. Historie handlar om samfunnsutvikling, samspel og konflikt frå antikken til i dag, og gir deg betre forståing av verda vi lever i.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 40
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust og vår
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Faget gir oversikt over fortida til mennesket og korleis menneskelege samfunn har utvikla seg. Kva har kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder hatt å seie for denne utviklinga? På årsstudiet vil du få oversikt over og moglegheit til å fordjupe deg i både eldre og nyare historie.
Studiekvardag
Dette er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper (saman med dine medstudentar), kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Med ei utdanning i historie har du mange spennande yrkesmoglegheiter. Du kan for eksempel jobbe som
- historielærar
- arkivar
- journalist eller kommentator innan media
- konservator på museum
- rådgjevar i offentleg forvaltning
- redaktør eller konsulent i eit forlag
- medarbeidar i norske og internasjonale organisasjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk.
Studiets oppbygging
Vi anbefaler at du startar årsstudiet i historie i januar, men du har studierett frå hausten av. På hausten kan du ta andre fag som vert tilbydd ved UiB.
Eit årsstudium i historie kan sjå slik ut:
1. semester
HIS101 - Oversyn over eldre historie til 1750 (15 studiepoeng)
HIS102 - Oversyn over nyare historie frå 1750 (15 studiepoeng)
2. semester
Vel to av emna:
HIS113 - Fordjuping i eldre historie (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng)
HIS114 - Fordjuping i nyare historie (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng)
HIS115 - Fordjuping i eldre historie (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng)
HIS116 - Fordjuping i nyare historie (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng)
HIS108 - Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng)
HIM101 - Oversyn over Midtaustens historie (15 studiepoeng)
HIM103 - Islam og politikk (15 studiepoeng)
HIM105 - Fordjuping i Midtaustens historie (15 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i historie.
Vidare studiemoglegheiter
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.