Japansk (master)

Japan er ei økonomisk stormakt og ein stor kulturnasjon. Noreg treng folk som kjenner Japan frå innsida, noko som berre er mogleg gjennom språket. Masterstudiet passar for deg som har ei sterk interesse for japansk språk og historie, og som ønsker å fordjupe deg i eit tema innan desse områda.

Kva lærer du?

Det viktigaste du lærer på studiet er å skrive ei masteroppgåve om ei Japan-relatert problemstilling. Du skal gjennomføre eit sjølvstendig, rettleia forskingsprosjekt, enten innan språkvitskap eller moderne historie.

Du vil lære å:

  • kritisk vurdere og forklare problemstillingar knytt til japansk språk, historie og samfunn
  • anvende språkleg og kulturell kompetanse på spesialiserte omsettingsprosjekt
  • gjennomføre eit rettleia forskingsprosjekt med utgangspunkt i konkrete, Japan-relaterte problemstillingar

På studiet vert det lagt særleg vekt på omsettingstematikk, både som teoretisk fagfelt, som arbeidsrelevant praksis, og som metode for å forstå og analysere japanskspråklege tekstar. Det er også mogleg å gjennomføre eit omsettingsprosjekt som masteroppgåve. Dette gjer studieprogrammet til det einaste i sitt slag i Norge.

Studiekvardag

Institutt for framandspråk ligg i HF-bygget, rett ved Universitetsbiblioteket på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Som masterstudent får du eigen lesesalsplass. Terskelen for å ta kontakt med faglærarane er låg, og møteplassane fleire.  

Du kjem inn i eit lite, men inspirerande forskings- og læringsmiljø på studiet, og som senpai (senior) for dei mange bachelorstudentane blir du ein viktig inspirator for dei. Du får også kontakt med masterstudentar på andre framandspråk ved instituttet via faglege og sosiale arrangement. Dersom det passar med temaet for masteroppgåva di, kan du opphalde deg i Japan i ein periode for å gjennomføre feltarbeid. 

Som student hos oss vil du tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.

Kva kan du jobbe som?

Inngåande kjennskap til eit fjernt språk og kultur bidrar til kulturell sensitivitet som er svært verdifull i mange yrke i vårt fleirkulturelle samfunn.

Masterstudiet gir deg kompetanse som er relevant for:

  • diplomati
  • forlags- og mediebransjen
  • bibliotek
  • turistnæringa
  • kulturrelatert arbeid, som omsetting, tolking og undervisning
  • vidaregåande skole

Å kunne leite fram og organisere kunnskap, samt skrive godt, reflektert og kjeldekritisk er verdifullt i mange yrke. Omsettingskompetanse og gode ferdigheiter i eit krevjande språk som japansk er attraktivt for bedrifter som forheld seg til Japan.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Opptak til masterprogrammet i japansk skjer annan kvart år med opptak i oddetalsår.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk, engelsk and japansk

Studiets oppbygging

Undervisninga første året føreset aktiv deltaking av deg som student, og går føre seg på norsk, engelsk og japansk. Ei viktig undervisningsform er seminar, som vanlegvis tar utgangspunkt i pensumlitteratur og  forelesingsstoff. Det andre året er det inga undervisning, og du skal i staden bruke tida di på masterprosjektet, med jamleg rettleiing og nokre presentasjonar undervegs.  

1. semester 

Anvendt lingvistikk og japansk (10 studiepoeng) 

Moderne japansk historie og histografi (10 studiepoeng) 

Japansk semantikk og oversettelse (10 studiepoeng) 

2.semester 

Metodar i avanserte Japan-studier (15 studiepoeng) 

Metode for språklege mastergrader (15 studiepoeng) eller Historikarens arbeidsmåtar (15 studiepoeng)  

3.-4. semester 

Masteroppgåve i japansk (60 studiepoeng)

Utveksling

Det er mogleg å reise på feltarbeid til Japan, fortrinnsvis rundt tredje semester. Fagmiljøet hjelper med å knyte kontaktar og legge til rette for eit slikt opphald.

Vidare studiemoglegheiter

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søke om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag, og deretter vidare til stillingar innan høgre utdanning og forsking.

Etter mastergraden kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for å bli japansklærar på vidaregåande skole. Eit etablert tilbod i praktisk-pedagogisk utdanning knytt til japansk finst berre ved Universitetet i

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i japansk