Studieplan for BASV-KOGNI Bachelorprogram i kognitiv vitskap, vår 2026

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Namn på grad

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap fører fram til graden bachelor i kognitiv vitskap.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Kognitiv vitskap er eit fagfelt som studerer intelligente system, korleis dei er bygde opp, korleis dei ulike delane av slike system fungerer, og korleis delane samspeler for å frambringe det vi normalt kallar tenking. Typiske tema ein ser på er kunnskapsrepresentasjon, resonnering, minne, språk, sansing og emosjonar. Psykologi er sjølvsagt ein viktig del av dette, men viktig er og kunstig intelligente system på datamaskiner. Datamaskina gjev oss høve til forme modellar av dei ulike sidene ved intelligens og simulere desse for på den måten å få ei betre forståing av kva intelligens er for noko.

Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Desse vitskapane har sine eigne perspektiv på dei fenomena ein studerer i kognitiv vitskap og gjev ulike bidrag til forståinga av dei. Sentralt i faget står logikk, lingvistikk, kognitiv psykologi og sinnsfilosofi. Kunnskap om programmering av datamaskiner er viktig både som metode og frå eit teoretisk perspektiv. Viktige element er og andre metodiske komponentar som statistikk og diskrete strukturar.

På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du mellom anna studere følgjande tema:

  • Programmering
  • Språkvitskap (lingvistikk)
  • Språk og data
  • Biologisk og kognitiv psykologi
  • Sinnsfilosofi
  • Logikk
  • Kunstig intelligens

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei teoretisk forståing av korleis kognitive system er bygd opp
  • forstår korleis systema fungerer, både hos menneske og i datamaskiner
  • forstår korleis ein kan programmere og eksperimentere med kognitive system i datamaskiner ved bruk av teknikkar frå logikk, kunstig intelligens og datalingvistikk
  • har eit humanistisk perspektiv på kognisjon tatt i vare ved ei innføring i kognitiv psykologi og sinnsfilosofi

Dugleikar:

Kandidaten

  • kan reflektere kritisk omkring den forståinga vi har av kognitive prosessar og korleis dei er bygd opp
  • har dugleikar og erfaring innanfor programmering og datahandsaming retta mot utviking av kunstig intelligente datasystem, resonnerande programvare og språkteknologi
  • kan analysere teknologiar for denne typen datasystem
  • kan gjere statistisk analyse av data omkring kognitive fenomen

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan analysere, evaluere og forstå kognitive prosessar, språk, og andre komplekse fenomen med relasjon til menneskeleg åtferd
  • kan arbeide innan fagfeltet kognitiv vitskap, gjerne med spesialisering i informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi
  • kan bidra som ikt-systemutviklar i ulike typar roller, i eit spenn som omfattar alt frå kommunikasjon med brukar til avansert teknisk utvikling
  • kan samarbeide i gruppe- og prosjektarbeid
  • kan utforme skriftlege rapporter og dokumentasjon og stå for munnleg framlegging av eige arbeid

Innføringsemne

INF100 og Examen philosophicum er obligatoriske innføringsemne for å oppnå ein bachelorgrad i kognitiv vitskap.

Spesialisering

INFORMSJONSVITSKAP

  1. semester: KOGVIT101
  2. semester: KOGSTAT, LOG110, LOG111, INF101
  3. semester: LING122, INFO282, INF102
  4. semester: FIL105, PSYK120, INFO284
  5. semester: valemne INFO- eller AIKI* (20 sp)
  6. semester: valemner i INFO- eller AIKI*, AIKI200 / LING255 / FIL252
  7. * valemne i INFO- eller AIKI kan ikkje være INFO100, AIKI100

    INFORMATIKK

    1. semester: KOGVIT101
    2. semester: KOGSTAT, LOG110, LOG111, INF101
    3. semester: LING122, INFO282, INF102
    4. semester: FIL105, PSYK120, valemne INF/MAT/STAT
    5. semester: INF122, MAT111
    6. semester: MAT121, INF227, AIKI200 / LING255 / FIL252
    7. FILOSOFI

      1. semester: KOGVIT101
      2. semester: KOGSTAT, LOG110, LOG111, INF101
      3. semester: LING122, INFO282, INF102
      4. semester: FIL105, PSYK120, FIL120
      5. semester: FIL121, FIL129
      6. semester: valemner i FIL, FIL252
      7. PSYKOLOGI

        1. semester: KOGVIT101
        2. semester: KOGSTAT, PSYK114, INF101
        3. semester: LING122, INFO282, INF102
        4. semester: PSYK202, LOG110, LOG111
        5. semester: PSYK207, PSYK208
        6. semester: PSYK250, FIL105
        7. Valemne etter søknad

          Studentar som ikkje ønsker å ta ei av spesialiseringane, kan søkje programrådet (v/studierettleiar) om å velje andre emne i femte og sjette semester. Det vert stilt krav til fagleg nivå og relevans.

          Rekkefølgje for emne i studiet

          Studieretning : Informatikk

          1. semester

          2. semester

          • KOGSTAT Statistikk for kognisjonsforsking
          • LOG110 Introduksjon til formal logikk
          • LOG111 Deduksjon og metalogikk
          • INF101 Objektorientert programmering

          3. semester

          • LING122 Språk og kognisjon
          • INFO282 Knowledge Representation and Reasoning
          • INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering

          4. semester

          • FIL105 Innføring i sinnsfilosofi
          • PSYK120 Biologisk og kognitiv psykologi
          • 10 studiepoeng innanfor fagområda INF, MAT eller STAT

          5. semester

          • INF122 Funksjonell programmering
          • MAT111 Grunnkurs i matematikk I
          • Frie studiepoeng

          6. semester


          * INF210, INF221 eller INF223 vert tilrådd

          Studieretning : Informasjonsvitskap

          1. semester

          2. semester

          • KOGSTAT Statistikk for kognisjonsforsking
          • LOG110 Introduksjon til formal logikk
          • LOG111 Deduksjon og metalogikk
          • INF101 Objektorientert programmering

          3. semester

          • LING122 Språk og kognisjon
          • INFO282 Knowledge Representation and Reasoning
          • INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering

          4. semester

          5. semester

          • 20 studiepoeng INFO- eller AIKI-emne på 100- og 200-nivå *
          • 10 Frie studiepoeng

          6. semester

          • 20 studiepoeng INFO- eller AIKI-emne på 100- og 200-nivå *
          • Bacheloroppgave : ein av AIKI200 / LING255 / FIL252

          * valemne i INFO- eller AIKI kan ikkje være INFO100, AIKI100

          Studieretning : filosofi

          1. semester

          2. semester

          • KOGSTAT Statistikk for kognisjonsforsking
          • LOG110 Introduksjon til formallogikk
          • LOG111 Deduksjon og metalogikk
          • INF101 Objektorientert programmering

          3. semester

          • LING122 Språk og kognisjon
          • INFO282 Knowledge Representation and Reasoning
          • INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering

          4. semester

          • FIL105 Innføring i sinnsfilosofi
          • PSYK120 Biologisk og kognitiv psykologi
          • FIL120 Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida

          5. semester

          • FIL121 Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet
          • FIL129 Filosofiske klassikarar
          • 10 valfrie studiepoeng

          6. semester

          • 20 studiepoeng valemne i filosofi
          • FIL252 Bacheloroppgåve i filosofi

          Studieretning : psykologi

          1. semester

          2. semester

          • KOGSTAT Statistikk for kognisjonsforsking
          • PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi
          • INF101 Objektorientert programmering

          3. semester

          • LING122 Språk og kognisjon
          • INFO282 Knowledge Representation and Reasoning
          • INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering

        4. semester

      5. semester

    6. semester

    • FIL105 Innføring i sinnsfilosofi
    • PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi
    • 5 valfrie studiepoeng

Delstudium i utlandet

Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap (MASV-INFO), informatikk (MAMN-INF), filosofi (MAHF-FILO), eller felles masterprogram i programutvikling (MAMN-PROG) eller masterprogrammet i psykologi (MAPS-PSYK), alt etter kva du vel for spesialisering. BASV-KOGNI kvalifiserer òg til masterprogrammet i lingvistikk (MAHF-LING). Det vert ikkje stilt krav om spesifikke emne for opptak til MAHF-LING, men vi tilrår emne innan lingvistikk.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master i informasjonsvitskap:

Studieplan i Kognitiv vitskap frå før 2019: KOGVIT101, INF100, INFO102, INFO282, INFO283, 50 studiepoeng i informasjonsvitskap (kan ikkje være INFO100, eller INFO132).

Studieplan i Kognitiv vitskap frå 2019 og inntil 2025: KOGVIT101, INF100, INF101, INFO282, INF122, INFO180, 50 studiepoeng i informasjonsvitskap (kan ikkje være INFO100, eller INFO132).

Studieplan i Kognitiv vitenskap frå 2026 og seinare: KOGVIT101, INF100, INF101, INFO282, INF122, INFO284, 40 studiepoeng i informasjonsvitskap eller kunstig intelligens (kan ikkje være INFO100, AIKI100 eller INFO132).

Sjå studieprogramsidene til masterprogramma for meir informasjon om opptakskrav.

Relevans for arbeidsliv

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Studiet kan òg byggast ut med masterstudium i fleire retningar, som kvalifiserer for forsking og undervisning innanfor universitets- og høgskolesektoren.

I den siste delen av studieprogrammet kan du spesialisere deg ut frå interessene dine. Du kan velje å lære informasjonsbehandling og programmering, som er ettertrakta i mange stillingar i industrien og i offentleg sektor. Du kan òg orientere deg meir mot teknologiske nyvinningar innanfor ulike kunstig intelligens-tema, noko som vil gje deg ferdigheiter som er etterspurt hos selskap som satsar på slik teknologi. Aktørar som Google, Microsoft, IBM og Apple er i dag svært opptatt av kunstig intelligens.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.