Samfunnsøkonomi (profesjon)
Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram. Det gir deg ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode og analyse enn bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. Ein mastergrad i samfunnsøkonomi gir ei solid og brei fagleg fordjuping i faget.
- Varigheit
- 5 år
- Studieplassar
- 22
- Studiepoeng
- 300
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi lærer du
- korleis vi kan analysere økonomiske prosessar i samfunnet
- korleis ein gjer sjølvstendige samfunnsøkonomiske analysar, blant anna gjennom sjølv å utforme og gjennomføre både ei bachelor- og masteroppgåve
- korleis jobbe analytisk og få brei kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri
Med ei brei forståing av tal, analyse og økonomiske samanhengar blir du godt rusta til å møte arbeidslivet.
Studiekvardag
Som samfunnsøkonomistudent høyrer du til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Du kan bruke lesesalar i Ulrike Pihls hus eller i Lauritz Meltzers hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar. Når du arbeider med masteroppgåva kan du få din eigen lesesalplass på Institutt for økonomi.
Instituttet har sterke fagmiljø innan blant anna anvendt mikroøkonometri, konkurranseøkonomi og regulering. Som profesjonsstudent får du god kontakt med den faglege staben på instituttet, spesielt når du er på masternivå.
Studiet er eit fulltidsstudium. Det er rundt 10-14 timar i veka med undervisningsaktivitetar som forelesingar, seminargrupper og øvingar. Utover dette er det sjølvstudium som gjeld. Profesjonsstudentane har fleire seminar i sentrale fag enn dei andre studentane på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi.
Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du velje ECON381.
Kva kan du jobbe som?
Samfunnsøkonomar er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Som ferdig utdanna kan du rekne med godt betalte og utfordrande jobbar innan ei rekke ulike bransjar:
- Departement, direktorat, Norges Bank, kommune, fylkeskommune og andre deler av offentleg forvaltning
- Utanrikstenesta
- Privat næringsliv som bank, konsulentbransjen, oljebransjen eller industrien
- Forsking og undervisning
- Konsulentorganisasjonar innan analyse og utgreiing
- Nasjonale organisasjonar som LO, NHO
- Internasjonale organisasjonar som EU, FN, OECD
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram (10 semester). Dette svarer til ein treårig bachelorgrad etterfølgt av ein toårig mastergrad.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
ECON100 – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
ECON140 – Matematikk for økonomar (10 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
ECON110 – Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
ECON130 – Makroøkonomi (10 studiepoeng)
ECON240 – Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)
3. semester
ECON210 – Videregåande mikroøkonomi (10 studiepoeng)
ECON243 – Vidaregåande matematikk og optimering (10 studiepoeng)
ECON244 – Anvendt økonometri (10 studiepoeng)
4. semester
Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)
5. semester
ECON310 – Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
ECON340 – Økonometri I (10 studiepoeng)
ECON230 – Internasjonal makroøkonomi (10 studiepoeng)
6. semester
ECON290A – Bacheloroppgåve (10 studiepoeng)
To valemne i samfunnsøkonomi (til saman 20 studiepoeng)
7. semester
ECON330 – Makroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
ECON381 – Praksisbasert prosjektarbeid (20 studiepoeng) eller to valemne i samfunnsøkonomi på masternivå (til saman 20 studiepoeng)
8. semester
Tre valemne i samfunnsøkonomi på masternivå / utveksling (til saman 30 studiepoeng)
9. semester
ECON380 – Førebuingsemne for masteroppgåva (10 studiepoeng)
To valemne i samfunnsøkonomi på masternivå (til saman 20 studiepoeng)
10. semester
ECON391 – Masteroppgåve (30 studiepoeng)
For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar. «Velferd og politikk» og «Bedrift, strategi og marknad»
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler å reise ut i fjerde og/eller åttande semester. Instituttet har fleire spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal, Spania, mfl.
Vidare studiemoglegheiter
Etter at du har tatt profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.). Dette gjer deg endå meir attraktiv på arbeidsmarknaden, ikkje minst dersom du ønsker å gå vidare innan akademia eller forsking.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.