Arbeids- og organisasjonspsykologi (bachelor)

På arbeidsplassen møter vi andre menneske, utviklar oss og tener til livets opphald. Vi kan oppleve medgang og meistring, men også stress, mobbing og utbrenning. Bachelorgraden i arbeids- og organisasjonspsykologi gir deg innsikt i menneskeleg samhandling i arbeidslivet.

Kva lærer du?

På bachelorstudiet får du inngåande kunnskap om korleis du kan få verksemder til å forstå at menneska er den viktigaste ressursen dei har, og slik hjelpe dei med å utvikle dei tilsette ved å ta omsyn til både yteevne og sjølvrealisering. Studiet tar utgangspunkt i at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i dagens samfunn. 

Studentane våre set pris på at utdanninga er relevant for arbeidslivet, med praksisnære fag. Det blir lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde som for eksempel:

  • organisasjonsteori, organisasjonskultur og organisasjonslæring
  • leiing
  • psykososiale arbeidsmiljøfaktorar
  • stress, meistring og utbrenning
  • jobbtrivsel
  • mobbing
  • konflikthandtering
  • omstillingar, rekruttering, og turnover
  • jobbusikkerheit
  • arbeidsevne
  • mangfald
  • karriereutvikling
  • sjukefråvær og helse i arbeidslivet
Studiekvardag

På bachelorprogrammet har du moglegheit å bli ein del av eit inkluderande studentmiljø. 

Studiet består av  

  • forelesingar  
  • seminargrupper  
  • sjølvstudium  
  • bacheloroppgåve 

I ei vanleg veke kan du ha mellom 2-10 timar undervisning, og du har generelt stor fridom til å planlegge kvardagen din. Fleire av emna har obligatorisk oppmøte og undervisningsaktivitetar som må vere godkjent før du kan ta eksamen. Totalt må du rekne med å bruke omtrent like mykje tid på studiet som på ein fulltidsjobb. Litteraturen og undervisninga er på norsk og engelsk.  

Eitt semester, 30 studiepoeng, består av valfrie emne. Du kan bruke semesteret til å reise på utveksling eller velje blant alle opne emne som blir tilbydd på UiB.  

Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12 er hovudbygget for Det psykologiske fakultetet. Her finn du lesesalar og mer.

Kva kan du jobbe som?

Våre tidlegare bachelorstudentar i arbeids- og organisasjonspsykologi har fått jobb innan felt som  

  • utvikling og leiing av menneske i organisasjonar, personalleiing, rekruttering, kompetanseutvikling og helse, miljø og tryggleik  
  • forsking og utdanning  

Studiet er også aktuelt for deg som ønsker ei vidareutdanning, fordjuping og spesialisering innan organisasjon og arbeid.  

Studiet tar sikte på å formidle kunnskapar om verdiskaping, jobbtrivsel og helse på arbeidsplassen. Slik får du kompetanse om å forstå og ivareta personers beste på arbeidsplassen.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 57.0
Primær kvote: 53.0

I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er eit treårig fulltidsstudium.  

Obligatoriske emne på studiet er 30 studiepoeng innføringsemne, og 120 studiepoeng spesialiseringsemne. 

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emna er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes. 

1. semester (haust) 

Innføring i psykologi og psykologiens historie (PSYK111, 15 studiepoeng) 

Sosial- og personlegdomspsykologi (PSYK112, 10 studiepoeng) 

Innføring i metode (PSYK113, 5 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

Personalpsykologi (PSYK106, 15 studiepoeng) 

Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (PSYK114, 15 studiepoeng) 

3. semester (haust)

Arbeids- og organisasjonspsykologi (PSYK110, 30 studiepoeng) 

4. semester (vår)

Metode (PSYK202, 15 studiepoeng) 

Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi (PSYK210, 5 studiepoeng) 

Examen philosophicum (10 studiepoeng) 

5. semester (haust)

Utanlandsopphald eller valfrie emne (30 studiepoeng) 

6. semester (vår)

Leiingspsykologi (PSYK200, 15 studiepoeng) 

Bacheloroppgåve (PSYK201, 15 studiepoeng) 

Utveksling

Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt femte semester og tar dei valfrie studiepoenga i utlandet. Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter denne bachelorutdanninga kan du søke deg vidare til ulike masterprogram ved UiB:

Arbeids- og organisasjonspsykologi
Psykologi (to studieretningar)
Logopedi
Pedagogikk (hvis du har tatt årsstudium i pedagogikk i tillegg)
Helsefremmande arbeid og helsepsykologi
Global Development Theory and Practice
Berekraft (studieretning "Globale utfordringar") 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi