Ernæring (bachelor)

Eit sunt og godt kosthald er viktig for å forebygge og behandle sjukdom, og ein føresetnad for god helse. Med ein bachelor i ernæring får du inngåande kunnskap i fysiologi, biokjemi og ernæring, kunnskap som er nødvendig for å sikre godt kosthald heile livet.

Kva lærer du?

Med ein bachelorgrad i ernæring får du eit solid fundament i dei medisinske grunnfaga anatomi, fysiologi, kjemi og fysikk. Du får også opplæring i matvarekunnskap, psykologi, forskingsmetodar innan ernæring og kosthaldet si rolle i førebygging av sjukdom, samt ei innføring i korleis ernæring kan brukast i behandling av sjukdom. Dette gir deg eit godt grunnlag for å lære om kva rolle ernæring speler for kroppen sine ulike funksjonar, helse og sjukdom. 

Ein student med bachelorgrad i ernæring:

  • har brei kunnskap om ernæring, inkludert fordøyelse, opptak og omsetting av energi, makro- og mikronæringsstoff, matvarekunnskap, kosthaldsanalyse og kostanbefalingar til ulike grupper i samfunnet 
  • kan beherske metodar for å definere og vurdere matinntak og ernæringsstatus hos individ og grupper 
  • kan kritisk vurdere vitskapleg informasjon innanfor ernæringsfeltet 
Studiekvardag

Du blir del av eit lite kull som følger kvarandre gjennom studiet. Det er eit aktivt studiemiljø på ernæringsutdanningane med både faglege og sosiale aktivitetar.

Som ny student på ernæringsstudiet vil du få tilbod om å delta i ei mentorgruppe. Studiekvardagen er variert: I løpet av ei typisk veke vil du ha ca. 20 timar med forelesingar, seminar, laboratorium og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur. I løpet av studiet skal du også ha praksis i primærhelsetenesta. Studiet passar for deg som liker realfag, men som også vil jobbe tverrfagleg med behandling av menneske.

Som ernæringsstudent vil du halde til i ulike bygg på campus Haukeland, som Bygg for biologiske basalfag, Armauer Hansens hus og Sentralblokka på Haukeland Universitetssjukehus. Lesesalar finn du på Armauer Hansens hus.

Kva kan du jobbe som?

Med ein bachelorgrad i ernæring kan du jobbe for eksempel i matvareindustrien, på opplysningskontor og i kommunar.

Arbeidsoppgåver kan vere 

  • førebyggande kosthaldsrettleiing til enkeltpersonar og grupper
  • undervisning og formidling
  • produktutvikling

Bachelorgrad i ernæring kvalifiserer for opptak til masterprogram i klinisk ernæring. Dei fleste som tar bachelorgrad i ernæring vil gå vidare på dette toårige masterprogrammet. Ein mastergrad i klinisk ernæring gir autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: MEROD

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorstudiet i ernæring er eit treårig fulltidsstudium som startar i august kvart år. I løpet av desse tre åra vil du bruke mykje tid på spørsmål som: 

Korleis påverkar ulike næringsstoff kroppen vår? 

Korleis kan vi vite kva som er sunt å ete?   

Kva behandling er effektiv mot fedme?   

Korleis kan det vi et påverke risiko for å utvikle sjukdom? 

I sjette semester er det praksis i primærhelsetenesta  i fire veker. Det er også kortare praksisperiodar og besøk i bedrifter, storkjøkken og helsevesen undervegs i studiet. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.   

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene. 

Slik er studiet lagt opp:

1. semester

NOM - Medisinsk nomenklaturlære (5 studiepoeng)  

FARM150 - Biokjemi (10 studiepoeng)  

NUTR100 - Innføring i klinisk ernæring  (går over 1. og 2. semester) 

Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng) 

2. semester

NUTR100 - Innføring i klinisk ernæring (går over 1. og 2. semester) (10 studiepoeng)  

FARM260 - Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)    

MEDSTA - Medisinsk statistikk (5 studiepoeng)  

NUTR115 - Ernæringsbiokjemi (10 studiepoeng)  

3. semester

NUTR203 - Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer (10 studiepoeng)  

NUTRANA - Menneskets anatomi (5 studiepoeng)  

NUTRFYS - Menneskets fysiologi (15 studiepoeng)  

4. semester

NUTR150 - Matvarekunnskap (10 studiepoeng)   

NUTR204 - Ernæringsfysiologi - mikronæringsstoffer (10 studiepoeng)  

PSYK140 - Åtferd, helse og ernæring (10 studiepoeng)  

5. semester

NUTR244 - Ernæring og helse på individ- og samfunnsnivå (15 studiepoeng) 

NUTR230 - Metodar i ernæringsforsking (10 studiepoeng)  

NUTR290 - Bacheloroppgåve i ernæring (går over 5. og 6. semester)  

6. semester

NUTR248 - Innføring i medisinsk ernæringsbehandling (14 studiepoeng) 

NUTR249 - Klinisk praksis i primærhelsetenesta (6 studiepoeng) 

NUTR290 - Bacheloroppgåve i ernæring (går over 5. og 6. semester) (15 studiepoeng)  

Utveksling

Du kan reise på utveksling i tredje, fjerde eller femte semester. Ta kontakt med studierettleiar for å høyre meir om kva ordningar som finst.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Bachelorgrad i ernæring kvalifiserer for opptak til masterprogram i klinisk ernæring.
Ein mastergrad i klinisk ernæring gir autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. Alle stillingar som medfører pasientbehandling krev autorisasjon, og vi anbefaler alle å fullføre profesjonsløpet.

Spørsmål om studiet?

Telefonen er open mellom 12.00-14.00 på kvardagar.

Telefonnummer: 55586400
E-post: info.med@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i ernæring