Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
I kunstig intelligens lærer du å programmere og korleis vi kan lage program som oppfører seg intelligent. Med ein bachelorgrad får du kraftige verktøy til å skape innovative løysingar og bidra til verdiskaping.
Som student lærer du kva intelligente maskinar er og korleis dei blir til. Du vil bruke datakunnskap og informasjonsvitskap til å lære datamaskinar å løyse oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.
Når teknologien blir brukt på stadig fleire område, må vi stille større krav til etikk og berekraft. Ein bachelorgrad i kunstig intelligens gir deg kraftige verktøy for innovasjon og verdiskaping innan alt i frå spelutvikling og investeringsanalysar til miljøvennleg byplanlegging og betre offentlege tenester.
I kunstig intelligens er vi interesserte i korleis maskinar kan lære frå eksempel og korleis vi kan
Du blir del av eit godt og aktivt studentmiljø ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Mykje av undervisninga vil gå føre seg på SV-bygget, i realfagsbygget og Høyteknologisenteret. Du har tilgang på lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på NT-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.
Du blir dessutan ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar gjennom studentane sitt eige fagutval.
I eit typisk semester tar du tre emne. Kvart emne har vanlegvis ei forelesing i veka. Du har også lab eller seminar i små grupper to gonger kvar veke. På lab gjer du praktisk programmering på datamaskin med hjelp frå ein lab-assistent. På seminar løyser du oppgåver ved bruk av teoretiske verktøy.
Kunstig intelligens er no i den spede starten på å bli ein del av dagleglivet vårt. Ferdigheiter innan kunstig intelligens er i ferd med å vere avgjerande for utvikling av nesten alle typar programvare - du kan arbeide som programvare- eller produktutviklar for KI-relaterte produkt.
Kompetanse innan programmering og kunstig intelligens er etterspurt i alle sektorar. Kunstig intelligens kombinert med kurs i matematikk, praktisk datamaskinprogrammering og samfunnsvitskapgir deg ein brei kompetanse som er aktuell på tvers av mange sektorar.
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.
Undervisningsspråk: Norsk
Bachelorgraden i kunstig intelligens er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
1. semester, haust
AIKI100 – Innføring i kunstig intelligens (10 studiepoeng)
INFO132 – Innføring i programmering (10 studiepoeng)
MAT101 – Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester, vår
AIKI110 – Kunstige agentar (10 studiepoeng)
INFO104 – Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
MAT121 – Lineær algebra (10 studiepoeng)
3. semester, haust
INFO180 – Metodar i kunstig intelligens (10 studiepoeng)
INFO282 – Knowledge Representation and Reasoning (10 studiepoeng)
STAT110 – Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
4. semester, vår
Utvekslingssemester / Frie studiepoeng (30 studiepoeng)
5. semester, haust
AIKI210 – Etikk i kunstig intelligens (10 studiepoeng)
INF264 – Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
6. semester, vår
AIKI200 – Bacheloroppgåve i kunstig intelligens (10 studiepoeng)
Valemne i spesialiseringa (20 studiepoeng)
På bachelorprogrammet er dei fleste emna (faga) obligatoriske, men graden inneheld også frie studiepoeng, der du kan velje fag sjølv. Du kan også ta spesialisering innan informatikk eller informasjonsvitskap. I det fjerde semesteret er det tilrettelagt for å reise på utveksling eller ta frie studiepoeng. Dette gir deg moglegheiter til å forme graden din ut frå eigne interesser.
I det fjerde semesteret anbefaler vi deg å reise på utveksling. Dersom du ikkje vel å reise ut, kan du ta frie studiepoeng ved UiB som ikkje overlappar med dei obligatoriske emna i programmet.
Du kan gå vidare med ein mastergrad i informatikk, informasjonsvitskap eller andre relaterte fag, mot ein karriere innan forsking, undervisning eller konsulentverksemd.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.