Musikkvitskap (bachelor)

Kva rolle har musikk i kultur og samfunn? Gjennom dette studiet får du innsikt i musikken som estetisk objekt og samfunnsfenomen. Musikkvitenskap ved Griegakademiet har stor historisk, geografisk og tematisk spennvidde: frå vestleg kunst- og populærmusikk til global tradisjonsmusikk.

Kva lærer du?

Musikk blir brukt i alle slags sosiale situasjonar, for eksempel i barneleik og ritual som bryllaup og gravferd, og i dans, underhaldning og kunst. Musikk er overalt og kan vere sterkt identitetsskapande.   

I musikkvitskap undersøker vi korleis musikalske hendingar skjer ved å sjå nærmare på prosessane og aktivitetane musikkhandlingane utgjer.  

Vi arbeider gjerne med spørsmål som:  

  • Korleis blir musikk brukt til å skape identitet i ei stadig meir globalisert verd?  
  • Kva er samanhengen mellom musikalsk kreativitet og teknologi?  
  • Korleis oppstår musikalsk meining?  


Etter fullført bachelorgrad i musikkvitskap kan du  

  • vise grunnleggande kunnskap om musikken sine funksjonar både i kulturelt perspektiv og i samfunnsperspektiv  
  • vise kritisk forståing av musikk i samfunnet, kulturen og historia   
  • kommunisere munnleg og skriftleg omkring musikkfaglege problemstillingar, i fagmiljø og med publikum. 
Studiekvardag

Som student ved Griegakademiet møter du lærarar som er internasjonalt anerkjente forskarar og utøvarar.

Som student ved Griegakademiet møter du eit fagpersonale som er internasjonalt aktive forskarar og utøvarar. Her arbeider vi med utvikling av kunst og vitskap side om side, samstundes som vi søker å skape møteplassar mellom desse forskjellige tradisjonane.

Studiet består av:

  • Forelesingar
  • Seminargrupper
  • Kollokvier og andre studentstyrte aktivitetar
  • Praktiske øvingar
  • Bacheloroppgåve
  • Sjølvstudium
     

Dei fleste emna på studiet er obligatoriske, men du har også 60 frie studiepoeng, som er det same som eitt års studium. Desse studiepoenga kan du fylle med emne innan fagfeltet musikkvitskap, andre aktuelle musikkemne ved Griegakademiet eller andre emne som blir tilbydde ved UiB som språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten.

Kva kan du jobbe som?

Med ein bachelorgrad i musikkvitskap får du overordna kunnskap om forholdet mellom estetiske uttrykk, kultur og samfunn, som går ut over detaljert musikkunnskap. 

Yrkesvegane heng saman med kva samansetting du har i studiet ditt. Du kan for eksempel kvalifisere deg til arbeid i kultur- og musikkbransjen, og musikk- og kulturjournalistikk. 

Etter bachelorprogrammet er du kvalifisert til å søke opptak på masterprogram innan musikkvitskap eller kulturvitskap. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 37.1
Primær kvote: 34.2

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Det er ikkje opptaksprøver til musikkvitskap ved Griegakademiet.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Vi tilrår denne rekkefølga for studiet: 

1. semester (haust) 

Examen philosoficum KMD-variant, seminarmodell (EXPHIL-KMSEM , 10 studiepoeng) 

Examen facultatum Akademisk Skriving (EXFAC00AS, 10 studiepoeng) 

Innføring i musikkvitskap (MVK100, 10 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

Music in World Cultures (MUG105, 15 studiepoeng) 

Musikkproduksjon (MVK101, 15 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

Populærmusikkstudier (MUV280, 15 studiepoeng) 

Å skrive om musikk (MVK102, 5 studiepoeng) 

Musikk, kultur og samfunn (MUF101, går over to semestre) 

Musikkhistorie klassisk(MUG117) , eller Musikkhistorie jazz (MUG118, går over to semestre) 

4. semester (vår) 

Musikk, kultur og samfunn, fortsetter (MUF101, 15 studiepoeng) 

Musikkhistoruie klassisk (MUG117), eller Musikkhistorie jazz (MUG118), fortsetter (15 studiepoeng) 

Frie studiepoeng, valemne (15 studiepoeng) 

5. semester (haust) 

Frie studiepoeng, valemne (30 studiepoeng), eller mogleg å dra på utveksling 

6. semester (vår) 

Bacheloroppgåve i musikkvitskap (MVK250, 15 studiepoeng) 

Frie studiepoeng, valemne (15 studiepoeng) 

 

Du kan og velgevelje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Her kan du sjå den detaljerte studieplanen for programmet

Utveksling

Det er lagt til rette for utvekslingsopphald på 5. semester i studieløpet. UiB og Griegakademiet har utvekslingsavtalar over heile verda, og du kan velje emne innaen musikkvitskap eller ta emne som frie studiepoeng. 

Studierettleiaren på programmet kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og ønskjer.   

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorprogrammet er du kvalifisert til å søke opptak på masterprogram innan musikkvitskap eller kulturvitskap.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55587300
E-post: studieveilder.kmd@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i musikkvitenskap